- OK, daa har eg pakka ned det aller mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar.
5 minutt seinare:
- Har eg framleis pakka ned det mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil… Kvar er flybillettane?!?!!!? Aa ja, dei ligg her, i denne lommen.
- Julia, no er du i ferd med å få panikk. Slapp av. Det er ingenting som kan hoppe ut av taska di heilt av seg sjølv, men det kan jo vere lurt å sjekke ein gong til at du FAKTISK har: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar. Og visumet sit framleis fast i passet? Jepp! Heilt sikkert? Jepp.
- Men tenk viss métroen ikkje går slik at eg må gå til togstasjonen. Og tenk viss flytoget ikkje tek mindre enn ein halvtime likevel, men halv annan time. Og tenk viss det er kø over alt slik at alt tek kjempe lang tid i innsjekking, og tenk om dei finn ut at flyet skal gå ein halv time før tida. Og tenk om flyet mitt til Wien er forsinka slik at eg ikkje rekk flyet mitt til Russland, og tenk om alle berre streikar vilt. Og tenk viss eg blir stuck på flyplassen i St. Petersburg utan ein einaste person som snakkar engelsk slik at eg berre må bu der for alltid (usannsynleg, ja, men likevel litt sannsynleg). Det er best at eg set vekkeklokka på veldig tidleg berre for å vere på den sikre sida. Ah, ingen grunn til panikk.
- Men tenk viss vekkeklokka går tom for batteri slik at eg ikkje høyrer den, og eg berre blir liggande i senga mi til klokka er 12 og eg har mista alle flya mine og berre kan gløyme å reise til Russland, og tenk viss bankkortet, pengetaska, passet, mobilen og flybillettane ikkje er der når eg kjem til flyplassen.
- Julia, tenk viss du kunne halde kjeft i 5 minutt. Det er ingen grunn til panikk.
Eg har foreløpig pakka verken bankkort, pengetaske, pass, mobil eller flybillettar, men tvangstankane til turen har vore klare ei stund ;-)