mandag 8. juni 2009

Det du ikkje veit.... - spar meg!

Eg har i den seinare tida teke til å undre meg over kva som gjekk føre seg i hovudet på den/dei som fann opp/oppdaga/tok bruk av ordtaket: "Det du ikkje veit, har du ikkje vondt av".

Det er etter mi meining eit tvers igjennom tåpeleg uttrykk. La meg illustrere dette med eitt opplagt døme. Peder Ås (det er gjerne han som er kriminell og umoralske) er utru mot kona, Kari Ås. Ingen fortel henne det fordi det ho ikkje veit, har ho ikkje vondt av. Nei, det er jo klart. Ho vil ikkje syns det er verre fem år seinare når nokon fortel henne sanninga.

Ja, OK, eg skal prøve å vere litt rettferdig mot uttrykket. Det uttrykket eigentleg prøver å illustrere er kanskje eit slags håp, eller dvelinga rundt ordet "viss".

Viss ingen fortel deg at du er dødssjuk kan du framleis tru og håpe at du kjem til å overleve. Det du ikkje veit har du ikkje vondt av, eller har du det? Eg kjenner eg er inne på farleg territorium, og at eg er i gang med filosofiske (kvalmande smak i munnen) og etiske problemstillingar. Før nokon byrjar å lure på om eg nyleg har opplevd utruskap (litt vanskeleg utan kjærast, men OK) eller er dødssjuk utan at nokon vil fortelje det, skal eg gå til sakas kjerne.

Eg er student. Takk for ingen nye opplysningar, vil nok de hevde. Ja, det er ingen nye opplysningar å hente der. Eg er student. Snart vil eg vere vikar, og etterpå vil eg vere student igjen. Spørsmålet er (dette er slikt som skjer når du går for lenge på jussen. Du byrjer å stille spørsmålet ved alle ting) kvar eg vil vere student. Eg vil i løpet av min periode som ferievikar endre på min noverande stilling. Eg seier ikkje at idet du byrjar som ferievikar så er du ikkje lengar student. Nei, dette er det mogleg å kombinere. Men det er ikkje mogleg å kombinere to typar studiar.

I løpet av sommaren vil eg takka ja til eit nytt studium og på den måten takka nei til vidare forhold med det juridiske fakultet. Spørsmålet er (eg må så avgjort slutte på dette studiet) kva eg kjem til å takke ja til. Eg fekk igår vite at eg har fått studenthybel (med eige bad og felles kjøkken med 1 (éin), ikkje 6 andre, personar)) i Volda, og i dag signerte eg denne kontrakten. Eg fann vidare ut at skulestart/studiestart i Volda ikkje er før den 18. august (noko som er konge). Eg har verkeleg byrja å sjå fram til mitt nye liv i Volda med nesten eige kjøkken (beklagar, nedarva husmorgener) og forhåpentlegvis ein flott ny studentkvardag. Men.

Ja, det er sjølvsagt eit men her. Men eg veit ikkje om det blir tilfellet. Kanskje kjem eg ikkje inn. Då blir eg verande her i Bergen som mastarkandidat med framtidsutiktar som lektor på ein eller anna vidaregåande skule. Eg seier ikkje at det treng å vere ein negativ ting. For all del. Du har mykje større sjansar for å få jobb. Du får sikkert eit rolegare liv, og om ikkje anna så får du fleire flotte stilar som kan underhalde deg om kveldane ;-)

Alt eg ber om er eit svar. Eg skulle gjerne hatt nokon ord med den som tok i bruk "det du ikkje veit osv...". Og den som vågar å komme med at "den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjevesk" bør halde heilt kjeft. Det var no vel og bra det viss eg berre visste kva eg venta på.

Må til slutt legge til nokon festlege ting som Strandbakken (storgruppeleiaren min) sa idag:
"Når du er fødd, er du jo eigentleg på dødsleiet. Du har byrja nedtellinga, for å seie det slik." Herleg nøkternt og halvpessimistisk. Han sa vidare.
"Folk skulle ikkje ha lov til å gifte seg meir enn ein gong. Ja, i alle fall ikkje viss dei har ungar. Det skapar berre rot for oss juristar." Fantastisk. Ja, vi har altså arve- og familierett fram til fredag kl. 13.00. Då er det ferie!!! Det blir sikkert trist ;-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar