onsdag 16. februar 2011

Og no set vi over til meterologisk institutt...

Eg hater naar denne beskjeden blir gjeven med torr stemme paa NRK-radio, for det er ingenting som er saa kjedeleg som er saa kjedeleg som aa hoyre vêret paa radio. Meterologen har nemleg ein tendens til aa nemne kvar einaste vesle oy i vaares langstrakte land. Noko overdrive kanskje, men det er ikkje langt der i fraa. Poenget er at dette innlegget skal handle om vêret.

Viss det er noko vi nordmenn er opptekne av saa er det vêret. Eg er, som sikkert dei fleste av dykk veit, oppvaksen paa gard, og folgjeleg van med at det ikkje berre kan vere sol og sommar om sommaren for daa vil veksten blir daarleg, men paa den andre sida medforer jo regn den sikre drukningsdod. Det var ein lang setning, men det bryr eg meg ikkje om. Altsaa, vêret er viktig, men kvifor?

Hovudgrunnen er nok nettopp det faktum at det finst ingen garantiar for fint vêr, og ikkje minst kva er fint vêr. Eg trur derimot ikkje at alle snakkar like mykje om vêret. Ein bonde eller annan person som er avhengig av "godt vêr", kva som no ligg i dette uttrykket til ei kvar tid, er nok òg ein av dei som vil snakke mest om fenomenet vêr.

La meg saa trekke ein person som sannsynlegvis ikkje bryr seg saa mykje om vêr opp av hatten, for eksempel ein person fraa Lyon. For nokre dagar sidan regna det, men om lag dagen foer det regna blei eg staande ved vindauge mitt aa tenke: Naar regna det sist? Eg repeterar: Tanken var som folgjer: Naar regna det sist? I sommar var det stort sett sol og varmt heile tida (trur kanskje det regna 5 gonger eller noko slikt). Hausten gjekk roleg forbi utan massive skybrot. Vintaren melde 2 mm tynt snoefnugg som fekk undergrunnsbanen (!) til aa staa. No er det plussgrader og tinvêr og det har berre duskregna litt éin, kanskje to gonger sidan eg kom tilbake etter jul.

Saa kva er poenget mitt? Poenget mitt er at naar det styrtregnar eller naar sola endeleg skin heime i Noreg saa snakkar ein om det. Ein smilar litt ekstra til kassedama naar det er sol, og klagar saman paa vêret naar det er paa sitt verste. Men i Lyon. Kva skal ein seie. Ja, det er fint vêr, i dag òg. Pippi seier: Tenk om vi inte hadde naatt veder als.

Det foles litt som om vi inte har det i Lyon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar