tirsdag 7. juli 2009

Kriminell berre på papiret?

Har de sakna meg? Ja, det er klart at de har sakna meg. Eg beklagar forsinkinga som heilt klart har vore eit stressmoment i den trygge kvardagen dykkar. Grunnen til forsinkinga kan vel forklarast med dette ordet: sommarferie. Når eg ikkje har jogga (veldig metaforisk) rundt på Tine med moppen i den eine handa, filla i den andre og ein svifferkost i baklomma, har eg sleika (endå meir metaforisk) sol på verandaen, strikka ørten par med sokkar (nei, eg var ikkje kald) ++ og ganske enkelt hatt ferie. Eg har det slik at når eg tek ferie, tek eg ferie frå det meste. Eg er aldri så lat som når eg har ferie (ja, med unntak av jogginga rundt på TMS (Tine Meieriet Sør (diggar forkortinga)) Voll). Mitt arbeid på Tine har klart samanheng med det spørsmålet som er tittelen til den høgst tvilsame historia.

Det heile starta ein mørk og stormfull aften. Det ville ha vore ei klisjéfullt opning til ein mindre stor kriminalroman. For min del starta det med eit uskuldig spørsmål frå mor: "Skal du sende inn grøssar til radioteateret." Det skulle eg ikkje, men eg hadde likevel ein slags historie klar på kort tid (rask tankegang finst ofte i smarte menneske, og nokon gonger i dei mindre smarte (spontanitet er ikkje alltid positivt).

Eg hadde lese BulleTine og var klar over sjukefråveret, og eg skapte raskt ei svært kald og vurderande vaskekjerring (sjølv er eg reinhaldar) som var ein forsterkande faktor til dette sjukefråveret. Ho kjende avsky for mannfolk så vel som kvinnfolk som ikkje fjerna skoa frå golvet i garderoben (mopping tek lengre tid når det er sko i vegen), kontorrotter som ikkje går til lunsj og dermed hindrar vasking og kaffiskvalpandes kvinner og menn som ikkje forstår at kaffikoppar er til for å ha kaffien i og som tydelegvis brukte kaffiflekkar slik som Hans og Grete brukte småstein.

Denne kvinna ville forgifte (ikkje døydeleg, berre litt sjukeleg) alle som plaga henne. Ho hadde bakgrunn i kjemisk arbeid, og skulle blande saman ting som var mykje verre enn forkjølingar, men samstundes mykje mildare enn rein arsenik. Skulle det bli mistanke om noko anna enn heilt naturlege sjukdommar, ville ingen sjå at det var samanheng mellom dei sko-på-golv-plasserande-personane og lunsjnektarane. Til alt overmål skulle kvinna vere ambisiøs og ho skulle vinne sjefposisjonen.

Sjefen skulle ho ikkje spandere gift på. Han skulle ho kalle vekk til falske møter, med dei resultata at ho fekk vaska kontoret hans og mistenkeleggjort hans åtferd. Byrjar sjefen å bli litt "rotlite" ville dei andre spørje seg, og på kort tid ville han forsvinne. Korleis vaskaren skulle overta stillinga er uvisst, men det skulle nok bli ei løysing på det òg. Historia skulle fått namnet "Rottereset" etter kontorfolket, og den ville sjølvsagt blitt god.

Nå vel, eg har for tida ferie, og det er det vel enkelte som er glad for. La meg legge til at det finst positive ting på Tine òg. Sjølv om skoplasseringar er irriterande og lunsjnektarar forstyrrar arbeidet mitt, må eg jo spørje meg sjølv kven som uroar kven. Eg er trass i alt ikkje den einaste som har arbeid å utføre. Dessutan vises det jo at det blir reint når kaffiflekkande forsvinn. Eg lovar at eg berre er småkriminell på papiret/på internett, og at eg absolutt ikkje har moglegheiter til å blande saman noko farlegare enn sjokoladekake (NB! For mykje søtstoffar er skadeleg.). Men de forstår kanskje at eg byrjar å lure på om eg verkeleg berre er kriminell på papiret...

Fortsatt god sommarferie. I'll be back ;-)