mandag 8. juni 2009

Det du ikkje veit.... - spar meg!

Eg har i den seinare tida teke til å undre meg over kva som gjekk føre seg i hovudet på den/dei som fann opp/oppdaga/tok bruk av ordtaket: "Det du ikkje veit, har du ikkje vondt av".

Det er etter mi meining eit tvers igjennom tåpeleg uttrykk. La meg illustrere dette med eitt opplagt døme. Peder Ås (det er gjerne han som er kriminell og umoralske) er utru mot kona, Kari Ås. Ingen fortel henne det fordi det ho ikkje veit, har ho ikkje vondt av. Nei, det er jo klart. Ho vil ikkje syns det er verre fem år seinare når nokon fortel henne sanninga.

Ja, OK, eg skal prøve å vere litt rettferdig mot uttrykket. Det uttrykket eigentleg prøver å illustrere er kanskje eit slags håp, eller dvelinga rundt ordet "viss".

Viss ingen fortel deg at du er dødssjuk kan du framleis tru og håpe at du kjem til å overleve. Det du ikkje veit har du ikkje vondt av, eller har du det? Eg kjenner eg er inne på farleg territorium, og at eg er i gang med filosofiske (kvalmande smak i munnen) og etiske problemstillingar. Før nokon byrjar å lure på om eg nyleg har opplevd utruskap (litt vanskeleg utan kjærast, men OK) eller er dødssjuk utan at nokon vil fortelje det, skal eg gå til sakas kjerne.

Eg er student. Takk for ingen nye opplysningar, vil nok de hevde. Ja, det er ingen nye opplysningar å hente der. Eg er student. Snart vil eg vere vikar, og etterpå vil eg vere student igjen. Spørsmålet er (dette er slikt som skjer når du går for lenge på jussen. Du byrjer å stille spørsmålet ved alle ting) kvar eg vil vere student. Eg vil i løpet av min periode som ferievikar endre på min noverande stilling. Eg seier ikkje at idet du byrjar som ferievikar så er du ikkje lengar student. Nei, dette er det mogleg å kombinere. Men det er ikkje mogleg å kombinere to typar studiar.

I løpet av sommaren vil eg takka ja til eit nytt studium og på den måten takka nei til vidare forhold med det juridiske fakultet. Spørsmålet er (eg må så avgjort slutte på dette studiet) kva eg kjem til å takke ja til. Eg fekk igår vite at eg har fått studenthybel (med eige bad og felles kjøkken med 1 (éin), ikkje 6 andre, personar)) i Volda, og i dag signerte eg denne kontrakten. Eg fann vidare ut at skulestart/studiestart i Volda ikkje er før den 18. august (noko som er konge). Eg har verkeleg byrja å sjå fram til mitt nye liv i Volda med nesten eige kjøkken (beklagar, nedarva husmorgener) og forhåpentlegvis ein flott ny studentkvardag. Men.

Ja, det er sjølvsagt eit men her. Men eg veit ikkje om det blir tilfellet. Kanskje kjem eg ikkje inn. Då blir eg verande her i Bergen som mastarkandidat med framtidsutiktar som lektor på ein eller anna vidaregåande skule. Eg seier ikkje at det treng å vere ein negativ ting. For all del. Du har mykje større sjansar for å få jobb. Du får sikkert eit rolegare liv, og om ikkje anna så får du fleire flotte stilar som kan underhalde deg om kveldane ;-)

Alt eg ber om er eit svar. Eg skulle gjerne hatt nokon ord med den som tok i bruk "det du ikkje veit osv...". Og den som vågar å komme med at "den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjevesk" bør halde heilt kjeft. Det var no vel og bra det viss eg berre visste kva eg venta på.

Må til slutt legge til nokon festlege ting som Strandbakken (storgruppeleiaren min) sa idag:
"Når du er fødd, er du jo eigentleg på dødsleiet. Du har byrja nedtellinga, for å seie det slik." Herleg nøkternt og halvpessimistisk. Han sa vidare.
"Folk skulle ikkje ha lov til å gifte seg meir enn ein gong. Ja, i alle fall ikkje viss dei har ungar. Det skapar berre rot for oss juristar." Fantastisk. Ja, vi har altså arve- og familierett fram til fredag kl. 13.00. Då er det ferie!!! Det blir sikkert trist ;-D

onsdag 3. juni 2009

Pondus er kongen (over det eg gjer når eg ikkje vil gjere skulearbeid) :-D



Ei lita oppmuntring henta frå aftenbladet.no. Fleire å finne der. Trykk på "alt innhold" i den blå innhaldslista og så "tegneserier". Fanpigadetastisk :-)

tirsdag 2. juni 2009

Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko

Det irriterande ordtaket "du må lide for skjønnheten" eller "du må li for venleiken" er vel kjend mellom gutar så vel som jenter. Det er dette uttrykket eg på mange måtar vil ta for meg i dag.

No fekk vel de ein liten: Å nei, er vi der no. Skal Julia bli ein av mange som plaprar i veg om augebrynnapping, leggvoksing og store floker i håret.

Nei, det skal eg ikkje. Eg skal ta for meg min forfengelighet (går med dette til ei nynorsk ordbok for å finne eit betre ord). Eg er no tilbake med eit forklarande ord til alle dykk (eg veit det er mange) som ikkje forstår bokmål (ja, det er no eit anna, fjernt språk som passar best til dikt). Det eg verkeleg skal snakke om er min forfengelegskap (ja, sjå der vart det mykje klarare).

Når eg no nemnde dette ordet kom eg til å tenke på Anne frå Bjørkely (litt digresering (kjem av ordet digresjon), men det blir verdt det). Ho fekk beskjed om at ho ikkje måtte vere så forfengeleg, og ho angra sin forfengelegskap då ho farga håret i den tru at håret ville bli kastanjebrunt (ho var raudhåra). Håret vart derimot grønt... Moralen frå den gode Marilla var at forfengelegskap ikkje lønar seg. Bøkene er for øvrig skrivne av Lucy Maud Montgomery (satsar på at stavinga var ganske rett), og er vel verdt nokon timar av ditt unge liv (frase fritt plagiert frå "Bibbi Bokens Magiske Bibliotek" av Jostein Gaarder og Klaus Hagerup).

Poenget med denne digresjonen er sjølvsagt at eg no sjølv har fått erfare at det ikkje lønnar seg å vere forfengeleg. Her kjem den smertefulle historia:

Det var sundag kveld, og strålande sol. Julia som til vanleg er ei ganske fornuftig, ung, vakker, sprudlande, smart, koseleg og fantastisk kvinne skulle på besøk. Det var på sin plass å pynte seg litt. Ho tok seg ein dusj for å fjerne solkrem og anna mindre forfriskande kroppslukt, før ho gjekk for å finne eit svar på det klassiske spørsmålet: Kva skal eg ha på meg i kveld.

Julia iførte seg ein raud kreasjon, svarte tights og så var det berre skoa igjen. Ho hadde ikkje vore smart nok til å kjøpe seg eitt par med "sokker" til å ha i finsko så ho burde ta sandalar, tenkte ho. Dessverre vart det med tanken. Ho tok i bruk sitt stille sinn (les nedanfor, sjeldan ein smart ting for denne fine sjela å gjere), og tok på seg sine grøne stilige sko som stod i perfekt kontrast til det raude i tunikaen.

TABBE!

Før ho var framme hadde ho gnagsår. Ho tilbringte kvelden utan sko, noko som ikkje er noko problem med tanke på at ein sjeldan går med sko inne hjå folk. Problemet kom derimot då ho skulle vandre heim igjen. Smerten jaga gjennom føtene hennar, og sende små støt gjennom heile kroppen. Før ho var halvvegs nede til bussen kjende ho at huda slo sprekkar. Menneska som passerte ho på gata i denne augneblinken fekk sjå korleis smerte ser ut i ei herja sjel.

Ho skimta drosjehaldeplassen i det fjerne, og sidan ho hadde sterke mistankar om at siste buss var gått, kjempa ho seg inn i ein av desse. Så snart ho hadde fått det som var igjen av henne (hypokonderi er også ein sjukdom) innanfor inngangsdøra heime, sparka ho (SVÆRT forsiktig) av seg skoa og gjekk barføtt opp til 3. etasje.

I dag er det tysdag, og eg går rundt i eitt par sandalar utan hæl bak. Eg tok ein smertefull dusj idag som nok ikkje vil bli repetert før eg har fått noko som liknar ei betring på føtene. Moralen er klar: Skal du bruke finsko må du bruke "sokkar" eller strømper. Uttrykket: "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko", har fått eit nytt tillegg og ei ny tyding.