onsdag 11. mai 2011

På gjensyn

For siste gong krysse bru etter bru over elver i Lyon, siste gong.
For siste gong ein spasertur langs elva Rhône, siste gong.
For siste gong kjøpe mat på marknaden, siste gong.
For siste gong ein tur på crêperie, siste gong.
For siste gong besøke Vieux Lyon, siste gong.
For siste gong møte vener i Lyon, siste gong.
For siste gong smile av ein franskmann med baguette, siste gong.
For siste gong kjøpe ein fransk baguette, siste gong.
For siste gong føle ein croissant smelte på tunga, siste gong.
For siste gong høyre den høgrøysta latteren frå restauranten over gata, siste gong.
For siste gong gå med skuldig kjensle inn på den engelske bokhandelen i Lyon, siste gong.
For siste gong kjenne korleis den fantastisk vakre byen slår mot meg, siste gong…

for denne gong. À bientôt.


:-( :-/ :-)

Resta"fest"

torsdag 5. mai 2011

Tvangstankar til turen

- OK, daa har eg pakka ned det aller mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar.

5 minutt seinare:

- Har eg framleis pakka ned det mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil… Kvar er flybillettane?!?!!!? Aa ja, dei ligg her, i denne lommen.

- Julia, no er du i ferd med å få panikk. Slapp av. Det er ingenting som kan hoppe ut av taska di heilt av seg sjølv, men det kan jo vere lurt å sjekke ein gong til at du FAKTISK har: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar. Og visumet sit framleis fast i passet? Jepp! Heilt sikkert? Jepp.

- Men tenk viss métroen ikkje går slik at eg må gå til togstasjonen. Og tenk viss flytoget ikkje tek mindre enn ein halvtime likevel, men halv annan time. Og tenk viss det er kø over alt slik at alt tek kjempe lang tid i innsjekking, og tenk om dei finn ut at flyet skal gå ein halv time før tida. Og tenk om flyet mitt til Wien er forsinka slik at eg ikkje rekk flyet mitt til Russland, og tenk om alle berre streikar vilt. Og tenk viss eg blir stuck på flyplassen i St. Petersburg utan ein einaste person som snakkar engelsk slik at eg berre må bu der for alltid (usannsynleg, ja, men likevel litt sannsynleg). Det er best at eg set vekkeklokka på veldig tidleg berre for å vere på den sikre sida. Ah, ingen grunn til panikk.

- Men tenk viss vekkeklokka går tom for batteri slik at eg ikkje høyrer den, og eg berre blir liggande i senga mi til klokka er 12 og eg har mista alle flya mine og berre kan gløyme å reise til Russland, og tenk viss bankkortet, pengetaska, passet, mobilen og flybillettane ikkje er der når eg kjem til flyplassen.

- Julia, tenk viss du kunne halde kjeft i 5 minutt. Det er ingen grunn til panikk.

Eg har foreløpig pakka verken bankkort, pengetaske, pass, mobil eller flybillettar, men tvangstankane til turen har vore klare ei stund ;-)

fredag 8. april 2011

Tekstkomplikasjon

Naar eg er i det humoeret saa hendar det at eg leitar opp gamle barnesangar paa internett. Daa eg leita fram Fola, fola Blakken kom eg til aa tenkje paa korleis dette verset:

Huff, den leie bakken
Og den lange stygge hei
Den var riktig dryg for deg
Du gamle gamle Blakken

brukte aa gjere meg forvirra daa eg var lita. For kva gjorde haien der i bakken, og kva ville det seie at den var dryg?


Nokon gonger gaar tekstar rett over hovudet paa ein ;-)

(Eg vil berre legge til at det no er 8. april og at eg har eitt innlegg meir enn eg hadde tilsaman i heile 2010:-)

Og saann gaar no dagan

Eitt nytt lite innlegg med tittelen: "Og saann gaar no dagan".


Daa eg kjoepte mitt kjoekkeninnventar kom eg i skade for aa kjoepe plastbestikk. Som du ser saa ser det ganske saa metallaktig ut utanom at det er veldig lett (lettmetall tenkte nok eg daa eg kjoepte det). Det har derimot ikkje den same varigheita som metall og i dag knakk det som eg trur eg den 10. gaffelen saa naa er det heldigvis snart tid for aa komme heim. Forhaapentlegvis saa overlever dei 2 siste gaflane den tida som er att ;-)

SOL :-D


Sola og sommarvarmen har verkeleg kome til Lyon saa eg er i full gang med aa brune foetene mine..


Med solbrillene trykt paa nasen.

Turen gjekk til Grenoble


Noko av det fyrste som moette meg daa eg kom inn til Grenoble sentrum var ei fontene som mellom anna inneheldt foelgjande beskjed:


Det er forbode aa bade i denne fontena. Var ganske sur etterpaa for aa seie det saann ;-)


Ny fontene...


Nytt badeforbod. Ny skuffelse.


Eg kunne derimot ikkje sjaa noko skilt som sa at det var forbode aa bade i elva, men paa den andre sida saa finst det vel ingen som er frista.


Grenoble er altsaa kjent for ein taubane (noko allà Ulrikken i Bergen) som gaar fraa dette punktet...


og opp hit. Eg maa seie at eg fann to skuffelsar: Den fyrste var at eg hadde faatt inntrykk av at taubanen gjekk tvers over byen (daarleg formulering fraa éi som hadde vore i Grenoble foer), men leita forgjeves etter dette paa kartet. Den stoerste skuffelsen var nok likevel at banen var stengt akkurat naar eg var der. Typisk nok.


Men Julia var ikkje mindre sporty enn at ho tok turen oppover til fots. Det gjekk i slike veger i sikksakk oppover, og eg maa vel seie at eg fleire gonger tenkte: Naa maa eg vel vere oppe snart.


Utsikta var derimot verd heile turen.


C'est magnifique.


Det kan jo sjoelv sjaa paa bileta at Grenoble er ein fin plass. Men saa viste jo Grenoble smoersida òg med blaa...


blaa himmel. Blaafargen blir endaa moerkare viss ein tek paa solbriller ;-)


Eg fann Noetteliten paa turen ned, men Noetteliten ville ikkje vere venn med meg :-(


I ein butikk fann eg skikkeleg jalla sengetoy.


Eg meiner du er ganske jalla viss du trur at folk gidd aa stryke putetrekket.


Til slutt blei dagsturen toppa med litt opera ute paa gata.

Julia syns det var ein fin tur.

mandag 28. mars 2011

Bygdedyr søker bygd

Eg innrømmer det. Eg er nyfiken. Det er forresten ikkje det at eg er saa veldig nyfiken, men eg liker aa følgje med. Eg liker aa ha kontroll paa det som gaar føre seg rundt meg. OK, eg kan like gjerne ta fram paahengsmotoren. Eg er eit bygdedyr som elskar aa spionere paa naboane sine. Eg bur no i ei blokk, bygaard med utsikt over til hus paa den andre sida. Du skulle kanskje tru at det gav perfekte moglegheiter for litt spionasje paa si. Men nei! Dette er stort sett det eg ser:



Det er ikkje akkurat saa mykje aa rope hurra for. No kan ein jo lure paa kva eg ynskjer aa sjaa. Er det folk som skifter klede eller det som verre er. Nei, absolutt ikkje (tru meg eller la ver). Eg vil berre føle at eg kjenner dei folka som bur rett over for meg. Dei folka som eg i teorien kan sjaa inn i vindauget til. Eg vil altsaa vere fornøgd med noko saa enkelt som eit ansikt, nokon som et, nokon som les ei bok eller nokon som ser fjernsyn. Eg er patetisk, maa ein vel kunne paastaa med rette. Eg vil derimot seie at eg er eit bygdedyr.

Eit bygdedyr kan faktisk vere ein positiv ting. Det er klart det kan gaa litt over kanten naar du seier til naboen din at: eg var oppe klokka 2 i natt for aa gaa paa do og daa var du ikkje heime - endaa. Kvar var du? Men viss ein snur litt paa det saa kan ein jo seie: Eg er bekymra for naboen min for naa er det fem dagar sidan eg saag han ute og eg har hellar ikkje sett bilen hans.

Mine naboar kan saa definitivt stryke med utan at eg kan hjelpe dei og det er ikkje min feil.



Saann heilt til slutt: I dag var det ein limousin i gata mi. Det er saa definitivt ikkje vanleg kvardagskost. Eg klagar ikkje over standarden i gata mi, men noko limoustrøk er det ikkje. Desto viktigare var det sjølvsagt aa finne ut kven det var som skulle bruke denne bilen. Eg venta derfor saman med sjaaføren paa at nokon skulle komme ut. Vi venta, og vi venta. Eg blei etter kvart merksam paa at det allereie sat nokon inne i bilen somsjaaføren snakka med. Etter ei stund gjekk sjaaføren inn paa ein pub, gjekk ut igjen og saa køyrte han - utan at eg fekk sjaa kven som satt inne i bilen! Vilt frekt.

Det som derimot var gledeleg med denne hendinga var at folk nede paa gata gjekk veldig seint forbi limousinen, kikte veldig og var tydeleg svaert saa nyfikne. Eg trøstar meg med at eg ikkje er det einaste bygdedyret i denne byen :-)

fredag 25. mars 2011

Stalingrad i dag - St. Petersburg i mai

Aa gaa paa ambassadebesoek er paa mange maatar eit kurs i taalmodigheit, og ikkje minst i koekultur. Eg reiser til Russland i mai, og her er litt fraa mine turar til Paris paa jakt etter visum.


Hatt. Det foerste forsoeket paa aa skaffe visum enda med kikking i butikkar. Eg traff nemleg ikkje opningstidene (god planlegging der altsaa). Eg burde nok ha eit bilete av den russiske ambassaden, men noko (politimannen i vaktbua og dei halvskumle vaktane i dress) seier meg at viss ein vil ha visum tek ein ikkje bilete av den russiske ambassaden (viss ein vil i fengsel derimot..). Eg kan vel legge til at eg ikkje kjoepte denne hatten. Blir veldig sjeldan invitert til dronning Elizabeth.


Stalingrad. I Paris har dei ein stasjon som heiter Stalingrad, ikkje spoer meg kvifor. Dette biletet er fraa den dagen daa eg gjorde mitt andre forsoek. Denne gongen var koen lengre enn opningstidene.


Mil etter mil. For aa spare tid, skosaaler og apostlanes hestar tek eg métroen i Paris, men det hendar eg lurar paa kor mykje tid eg sparar naar eg gaar korridor etter endelaus korridor paa jakt etter métroen.


Julia paa Moulin Rouge. Eg brukte dagen til aa sjaa utsida av Moulin Rouge. Foerestilling og mat paa innsida kosta den nette sum av 150 euro (1 euro = ca 8 kr) saa det faar bli ein annan gong. Det var ein annan turist som tok bilete av meg, og saa tok eg bilete av han :-)


OBS! Etter det minneverdige biletet av Julia paa Moulin Rouge kom Julia til aa komme borti "ta-bilete-knappen" foer ho la vekk kameraet.


Kyrkje paa toppen. Fraa Moulin Rouge gjekk eg til ei kyrkje som laag paa toppen av ein bakke. Denne kyrkja er heilt sikkert beroemt med eit eller anna Bastille de Montre Martre namn eller noko slikt, men.. google it. Eg var mest interessert i aa vite kvifor kyrkjar har ein tendens til aa ligge paa toppen av ein bakke. Det var ein del butikkar og kaféer og slikt paa toppen saa det var ganske koseleg, og kyrkja var veldig fin saa alt i alt var Julia samd i at det hadde vore ein fin dag.


Posing. Eg maatte jo ta bilete av utsikta sjoelv om utsikta kanskje ikkje kjem heilt til sin rett paa dette biletet. Fyren i midten der ser veldig posite ut. Eg har tre alternativ for det: 1. Det ser berre slik ut naar han lenar seg mot eit rekkverk. 2. Nokon andre tok biletet samstundes som meg. 3. Han hadde veldig lysst til aa sjaa fin ut paa mitt bilete :-)


Utsikt. Vi proever igjen. Det viser i det minste at eg ikkje var den einaste turisten.


Paa jakt etter Eiffeltaarnet. Visumsoeknaden er naa blitt innlevert og dato for aa hente visumet er motteke (ikkje veit eg kvifor dei kallar det soeknad, men OK). Eg har oppdaga at ein kan sjaa Eiffeltaarnet litt lenger borte i ambassadegata (den gata som den russiske ambassaden ligg i). Eg proevte aa foelgje Eiffeltaarnet, men eg mista det.


Utegym. Eg fann derimot nokon som hadde noko som saag mistenkeleg ut som utegym (igjen ikkje det beste biletet). Eg trur min eksakte tanke var: Godt kae saa ae gjort.


Vaar! Eg fann òg vaaren. Jadaa, eg berre gnir det inn nordbuarar :-)


Mission accomplished. Eg oppdaga at eg hadde gaatt i feil retning veldig lenge, og til slutt tok eg ganske enkelt métroen. Naa har jo eg besoekt Eiffeltaarnet foer saa eg haldt meg paa avstand og brukte tida til aa ete ein fantastisk god middag i staden :-)


Under den hvite bro. Eg var heldigvis oppaa.


Elv. Eg har mista gnisten til aa laga fleire bra titlar, men er veldig glad for at eg endeleg fekk ut fingen til aa lage eit nytt innlegg. Utruleg kva ein gjer naar ein eigentleg skal vaske...

mandag 7. mars 2011

Gloseassosiering

Har ovt litt paa gloser i dag, og det resulterte i folgjande assoiasjonar:

un ciel = himmel: en himmel full av stjerner (i beste Lillebjorn Nilsen stil, hogt volum), blaatt hav saa langt du ser. En jord der blomster gror kan du onske mer. Sammen skal vi leve. Hver soster og hver bror. Smaa barn av regnbuen paa en frodig jord.

sky = un nuage som fort blei nugatti.

un orage, un tempête = storm og plutseligt var det ein stemme inne i hovudet mitt som sa: stormvarsel, Hovland, i hele Biscaya (Vikingskattens hemmelighet av Gunnar Staalesen hoyrt paa lydbok litt for mange gonger).

Men viss dette ordet blei kopla saman med:

un littoral som tyder kyststrekning kunne det like gjerne bli: I natt blir det storm paa kysten (paa god gamaldags sorlandsdialekt). Ja, naa e nok spogelsesskibe ude for aa faa tag i sjelene til dei som havarere. Vaar herre bevare oss for at de dode gespenstene fra det skibe gaar i land (Dode menn gaar i land).

Neste ord som mellom anna kan tyde fang er genou som fort blei til gnu sjolv om ordet skal uttalast med ein mjuk g viss det er noko som heiter det.

Tryggande = rassurant blei fort forsikring jf. engelsk.

Ytring, tale, ord = une parole blei fort til streiking og AKP ML jf. norsk.

blaase var berre saert for det er souffler og eg tenkte automatisk paa snufling eller paa ein litt merkeleg film med tittelen Sufflosen.

Det siste ordet som skapte assosiasjonar var:
une berceuse som tyder vuggevise og her i fraa var vegen kort til:
Når trollmor har lagt sine elleve små troll, og bunde dei fast i svansen/halen.
Daa synger ho sagte for elleve små troll dei vakraste ord ho kjenner.
O-ai-ai-ai-ai-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff!

fredag 4. mars 2011

Visdomsord ;-)

Litt tidleg ute kanskje, men paasken naermer seg og Doede menn gaar i land er saa definitivt eit bra alternativ anten du vil lese boka eller hoeyre den dramatisert fraa NRK radioteateret.



Dessutan har den eit aldri saa lite visdomsord, eller tips om ein vil:
"Det e bedre aa gaa i prisonen enn aa drugne."

Litt aa tygge paa. Boka er skriven av André Bjerke med pseudonymet Bernhard Borge.

onsdag 16. februar 2011

Tilbake til norskstilen

Eg elska aa skrive norskstil paa ungdomsskulen og paa vidaregaande. Det var alltid stor spenning knytt til oppgaavearka som laeraren roleg delte ut foer skrivedagen eller tentamen var i gang. Kva slags oppgaaver ville det vere? Paa ungdomsskulen skreiv eg som oftast skjonnlitteratur (skjont litteratur er vel aa ta hardt i) og daa helst krim. Det var ei pine den perioden i 8. klasse daa alle stilane skulle handle om venskap. Venene kunne jo ikkje vere kriminelle. Paa vidaregaande derimot gjekk det mest i kaaseri utanom paa hovudmaalsdagane daa vi stort sett maatte skrive fagtekstar. Eg saknar norskstilen og har derfor éi utfordring til alle lesarane:




Skriv inn, som kommentar eller paa andre maatar, éi lita stiloppgaave og saa lover eg aa skrive den og sende til deg paa e-post. Det treng ikkje vere store greiene, kanskje berre ei setning eller eit ord som skal staa i sentrum. Eller til domes ein stad som skal vere med eller eit tema. Eit tema som ikkje kjem til aa vere populaert er temaet: "Skriv éi historie om kva venskap betyr for deg." Eg ber dykk! Lykke til :-)

PS! Eg lover aa ikkje skrive teksten i print og eg skal òg klippe og lime inn dei bokstavane som eg elles manglar.

Og no set vi over til meterologisk institutt...

Eg hater naar denne beskjeden blir gjeven med torr stemme paa NRK-radio, for det er ingenting som er saa kjedeleg som er saa kjedeleg som aa hoyre vêret paa radio. Meterologen har nemleg ein tendens til aa nemne kvar einaste vesle oy i vaares langstrakte land. Noko overdrive kanskje, men det er ikkje langt der i fraa. Poenget er at dette innlegget skal handle om vêret.

Viss det er noko vi nordmenn er opptekne av saa er det vêret. Eg er, som sikkert dei fleste av dykk veit, oppvaksen paa gard, og folgjeleg van med at det ikkje berre kan vere sol og sommar om sommaren for daa vil veksten blir daarleg, men paa den andre sida medforer jo regn den sikre drukningsdod. Det var ein lang setning, men det bryr eg meg ikkje om. Altsaa, vêret er viktig, men kvifor?

Hovudgrunnen er nok nettopp det faktum at det finst ingen garantiar for fint vêr, og ikkje minst kva er fint vêr. Eg trur derimot ikkje at alle snakkar like mykje om vêret. Ein bonde eller annan person som er avhengig av "godt vêr", kva som no ligg i dette uttrykket til ei kvar tid, er nok òg ein av dei som vil snakke mest om fenomenet vêr.

La meg saa trekke ein person som sannsynlegvis ikkje bryr seg saa mykje om vêr opp av hatten, for eksempel ein person fraa Lyon. For nokre dagar sidan regna det, men om lag dagen foer det regna blei eg staande ved vindauge mitt aa tenke: Naar regna det sist? Eg repeterar: Tanken var som folgjer: Naar regna det sist? I sommar var det stort sett sol og varmt heile tida (trur kanskje det regna 5 gonger eller noko slikt). Hausten gjekk roleg forbi utan massive skybrot. Vintaren melde 2 mm tynt snoefnugg som fekk undergrunnsbanen (!) til aa staa. No er det plussgrader og tinvêr og det har berre duskregna litt éin, kanskje to gonger sidan eg kom tilbake etter jul.

Saa kva er poenget mitt? Poenget mitt er at naar det styrtregnar eller naar sola endeleg skin heime i Noreg saa snakkar ein om det. Ein smilar litt ekstra til kassedama naar det er sol, og klagar saman paa vêret naar det er paa sitt verste. Men i Lyon. Kva skal ein seie. Ja, det er fint vêr, i dag òg. Pippi seier: Tenk om vi inte hadde naatt veder als.

Det foles litt som om vi inte har det i Lyon.

fredag 11. februar 2011

I dag har eg sett:

Jobbstore: Lurte litt paa aa kjope meg ein jobb til halv pris. Kunne jo av og til vore greitt med ein deltidsjobb.

Start People: Lurte litt paa aa gaa inn i butikken og sporje om dei ville starte meg opp igjen. Det hender jo ein foler seg litt avslaatt.

Porte d'oxygène (porte betyr dor og saa oksygen): Me fann aldri denne dora og lufta foltes litt tynnare.

tirsdag 8. februar 2011

Est-ce que vous avez peur de moi?

Denne tittelen tyder ganske enkelt "Er de redde for meg?" Det var opninga mi daa eg hadde framforing om vikingane og om kva rolle dei hadde i Frankrike.


Vikingane gidder eg ikkje skrive noko om, for det burde de allereie kjenne godt til.


Vikingane erobra Normandie i 911, men namnet fekk det foerst etter okkupasjonen. Kort sagt: nordmann - Normandie, de ser forskjellen. Naa er de sjolvsagt ikkje saa enkelt sidan spraaket var annelei den gongen. Poenge er uansett at omraade fekk namn etter mennene fraa nord. Ja, det var nok i all hovudsak menn som kom og dei gifta seg stort sett med franske damer. Sidan damene stort sett stod for oppsedinga gjekk spraaket raskt over til aa vere fransk. Tenk om dei hadde snakka norsk i Normandie i dag...


Vikingane blei sjolvsagt sett paa som barbarar (det var ikkje saa lett aa finne treffande bilete av barbarar, for aa seie det saann) fordi dei drap, plyndra og tok fangar sjolvsagt, men òg fordi dei ikkje lét seg stanse av klostrar og ikkje sparte livet til munkar. Dette skuldast sjolvsagt at vikingane hadde ei anna tru, men òg at verda ganske enkelt var annleis. Det var ikkje noko politi, til domes, og hellar ingen annan tryggleik verken i Noreg eller andre land. Folk var knytt til aetta si, og det var ikkje noko Noreg slik som vi kjenner det i dag. Namnet Noreg tyder jo nettopp Nordvegen. Dei som kom der i fraa tok nordvegen.


Saa kan ein jo undre seg over opningssporsmaalet. Poenget er sjolvsagt at med slike forfedre saa er det jo ikkje sikkert at eg er heilt patent ;-) Men naar det er sagt saa er det jo norskt blod i Frankrike fraa foer, og det har jo godt ganske bra.

Min hellar fattige konklusjon (som laeraren slukte raatt) var at verda i dag blir sett paa som svaert liten, men at verda hellar ikkje var saa stor i 911 (2011 - 911, ser du) viss ein hadde ein drakkar (drakkar vil seie vikingskip etter dragane som ofte stod i stamna (heiter det de)?

Litt folkeopplysning maa ein ha. Det kan ikkje berre vere tull som Jon Almaas sa paa Nytt paa nytt ein dag :-)

Baguetten

Naar ein er i Frankrike er det jo naermest opplagt at ein maa ha eit lite innlegg om baguetten. Foerst og fremst: Det er vanleg aa sjaa franskmenn gaa rundt med ein baguette under armen. Det er ikkje berre den stereotypiske franskmannen. Alle gjer det.

Vidare har eg hoyrt fraa ein engelskmann (som har fransk kjaereste) at det blir sagt at ein baguette i Frankrike aldri overlever ein busstur. Det er sjolvsagt fordi den har ein tendens til aa bli oppeten paa denne bussturen.

Det mest ufordelaktige som kan seiast opp baguetten er at han hellar ikkje overlever éi natt. Som journaliststudent laerar ein at nyhendene alltid maa vaere ferske fordi ingen liker gamle baguetter. Baguetten er nok stort sett laga av veldig lyst mjoel og derfor har den veldig kort lagringstid. Den er med andre ord verken kjempesunn eller veldig mettande, men at den glir ned er heilt sikkert.

De syns kanskje at eg skulle hatt bilete av ein baguette som illustrasjon. Det skulle eg sjolvsagt, men den forsvann paa mystisk viss foer eg kom saa langt ;-)

onsdag 2. februar 2011

17. mai heile aaret

Ja, i Frankrike koyrer dei paa med 17. mai heile aaret. Det er nemleg moderne aa ha klede med det norske flagget paa. Eg faar min del faar litt lyst til aa gaa bort og ta eit godt tak i genseren under haka paa dei og sporje: Er du norsk, hae? Saa du forstaar ikkje kva eg seier. Jasaa. Kanskje fordi du burde bruke ditt eige flagg! Men det er jo berre meg, og min reaksjon.

fredag 28. januar 2011

Bussjaafoer


Du koeyrer ein buss. Ein kvadrillion menneske gaar av. 17 kjem paa. 4 gaar av. 500 000 millionar gaar paa. 17 650 menneske gaar av. Kva slags farge er det paa augo til bussjaafoeren?

mandag 24. januar 2011

Franske verb...

être: Je suis, tu es, il est, nous sommes, vous êtes, ils sont. J'ai été, tu as été, il a été, nous avons été, vous avez été, ils ont été. J'étais, tu étais, il était, nous étions, vous étiez, ils étaient. J'avais été, tu avais été, il avait été, nous avions été, vous aviez été, ils avaient été. Je serai, tu seras, il sera, nous serons, vous serez, ils seront. que je sois, que tu soit, qu'il soit, que nous soyons, que vous soyez, qu'ils soient.
avoir: j'ai, tu as, il a, nous avons, vous avez, ils ont. J'ai eu, tu as eu, il a eu, nous avons eu, vous avez eu, ils ont eu. J'avais, tu avais, il avait, nous avions, vous aviez, ils avaient. J'avais eu, tu avais eu, il avait eu, nous avions eu, vous aviez eu, ils avaient eu. J'aurai, tu auras, il aura, nous aurons, vous aurez, ils auront. que j'aie, que tu aies, qu'il ait, que nous ayons, que vous ayez, qu'ils aient.
aller: je vais, tu vas, il va, nous allons, vous allez, ils vont. Je suis allé(e), tu es allé(e), il est allé(e), nous sommes allé(e)s, vous êtes allé(e)(s), ils sont allé(e)s. J'allais, tu allais, il allait, nous allions, vous alliez, ils allaient. J'étais allé(e), tu étais allé(e), il était allé(e), nous étions allé(e)s, vous étiez allé(e)(s), ils étaient allé(e)s. J'irai, tu iras, il ira, nous irons, vous irez, ils iront. que j'aille, que tu ailles, qu'il aille, que nous allions, que vous alliez, qu'ils aillent.


Faar meg til aa tenke paa "Gift" av Alexander L. Kielland og den vesle guten i boka som doeydde medan han pugga latinske verb...


Eventuelt paa "Skrik" av Edvard Munch.

Barndomsminne og barndomsheltar

Aa lese eller nyhoeyre (altsaa hoeyre paa nytt) boeker fraa barndommen er genialt paa mange nivaa, og det er det ikkje saa mange ting som er. Det er straalande mimring, konseleg aa smile litt over korleis du tenkte daa du opplevde boka for foerste gong og du blir fullt av ei ny innsikt naar du no les som "vaksen". Det krev sjoelvsagt at du les noko med ei litare djupare meining enn ei peikebok.

Eg nyhoeyrte "Trofaste Knerten" og "Knerten gifter seg" i gaar. Viss det var noko eg oppdaga saa er det at eg mykje meir lettroeyrt no enn foer. Lillebror hulk roeymer hulk heimefraa fordi storebror hulk Philip ikkje forstaar at Lilebror berre ville hjelpe daa han teikna i stileboka hans.
....
Philip hulk vil ikkje at Lillebror hulk skal flytte hulk heimanfraa. Han forstaar at Lillebror hulk berre ville hulk hjelpe han. Lillebror flyttar heim igjen. Kvar er lommeplagget mitt?

Eg lo òg ein del og koste meg veldig. Anne Cath. Vestly var utruleg flink til aa skildre tankane og aatferda til ein liten gutt, og ikkje minst hans fantastiske forhold til Knerten.

Ein gong var storebror Philip draumestorebroren . I dag har Philip faatt éi anna draumerolle... "tog du 'an"?

Alt var betre foer

Foerlesaren har kome. Ho slaar av lyset. Rekke etter rekke med lysroyr blir slaatt av, og vi, studentane, blir sitjande i moerkret. Skal vi sjaa film? Det er tanken som slaar meg. Kanksje vi skal sjaa film!

Vi skulle ikkje det. Det var berre foerelesaren som proevde aa slaa paa prosjektoren.

Det hender eg saknar barndommen, barneskulen. Dei dagane daa lyset gjekk av naar vi skulle sjaa film. Det var nok ikkje saa ofte det skjedde, men viss du spoer meg i dag, var det det vi gjorde paa barneskulen. Vi saag film, og det er nok derfor alt var betre foer.

søndag 23. januar 2011