tirsdag 8. februar 2011

Est-ce que vous avez peur de moi?

Denne tittelen tyder ganske enkelt "Er de redde for meg?" Det var opninga mi daa eg hadde framforing om vikingane og om kva rolle dei hadde i Frankrike.


Vikingane gidder eg ikkje skrive noko om, for det burde de allereie kjenne godt til.


Vikingane erobra Normandie i 911, men namnet fekk det foerst etter okkupasjonen. Kort sagt: nordmann - Normandie, de ser forskjellen. Naa er de sjolvsagt ikkje saa enkelt sidan spraaket var annelei den gongen. Poenge er uansett at omraade fekk namn etter mennene fraa nord. Ja, det var nok i all hovudsak menn som kom og dei gifta seg stort sett med franske damer. Sidan damene stort sett stod for oppsedinga gjekk spraaket raskt over til aa vere fransk. Tenk om dei hadde snakka norsk i Normandie i dag...


Vikingane blei sjolvsagt sett paa som barbarar (det var ikkje saa lett aa finne treffande bilete av barbarar, for aa seie det saann) fordi dei drap, plyndra og tok fangar sjolvsagt, men òg fordi dei ikkje lét seg stanse av klostrar og ikkje sparte livet til munkar. Dette skuldast sjolvsagt at vikingane hadde ei anna tru, men òg at verda ganske enkelt var annleis. Det var ikkje noko politi, til domes, og hellar ingen annan tryggleik verken i Noreg eller andre land. Folk var knytt til aetta si, og det var ikkje noko Noreg slik som vi kjenner det i dag. Namnet Noreg tyder jo nettopp Nordvegen. Dei som kom der i fraa tok nordvegen.


Saa kan ein jo undre seg over opningssporsmaalet. Poenget er sjolvsagt at med slike forfedre saa er det jo ikkje sikkert at eg er heilt patent ;-) Men naar det er sagt saa er det jo norskt blod i Frankrike fraa foer, og det har jo godt ganske bra.

Min hellar fattige konklusjon (som laeraren slukte raatt) var at verda i dag blir sett paa som svaert liten, men at verda hellar ikkje var saa stor i 911 (2011 - 911, ser du) viss ein hadde ein drakkar (drakkar vil seie vikingskip etter dragane som ofte stod i stamna (heiter det de)?

Litt folkeopplysning maa ein ha. Det kan ikkje berre vere tull som Jon Almaas sa paa Nytt paa nytt ein dag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar