mandag 15. februar 2010

Åh! Du er en heltinne!

Dette er ein slik dag. Ein slik dag der eg mest av alt har lyst til å finne eit stort hål, hoppe ned i det og satse på at det er ein tunnel som vil føre meg til mitt eige liv, men no i ein forbetra versjon. I ein mindre stressa versjon.

Det er kanskje nokon av dykk som har registrert at eg er ein kontrollfrik med sterkt behov for ein organisert kvardag. Eg blir ikkje berre stressa. Eg blir faktisk sur. Etter eit møte i dag la eg ut om min frustrasjon. Frustrasjon over medievitenskapsoppgåve, frustrasjon over innlevering i journalistikk og frustrasjon over at eg ikkje heilt veit kva i alle dagar vi eigentleg skal gjere i internpraksisen. "Du høyres skikkeleg bittar ut", va kommentaren eg fekk på humoristisk vis. (Sidan eg har sjølvironi tok eg det sjølvsagt med eit smil.:-) Eg er kanskje litt bittar over at det er mogleg å legge alt til ein og same tid, men først og fremst er eg berre meg.

Kven er så meg? Vel, akkurat no er eg tydelegvis ei bittar yngre, sneisen og flott dame, men sånn elles så er eg ei snill pike. Eg vil så gjerne at alt skal vere bra. Eg vil så gjerne oppfylle mi plikt, men bli frustrert når oppgåvene veks over hovudet mitt slik at eg veit at eg ikkje kan klare å gjere alt bra. Eg blir dessutan frustrert når eg ikkje veit kva eg skal gjere for å tilfredsstille flink-pike-samvitet mitt.

Kanskje har eg òg fått svaret på eit anna spørsmål: Kvifor strikkar og bakar eg? Jo, eg strikkar og bakar fordi det er ein praktisk ting som er enkel og utføre, men òg fordi den er utruleg konkret. Du vil alltid få ei resultat som eg målbart. Sjå her har eg bakt eit brød, og der er skjerfe eg strikka. Her er svaret på det som du kanskje ikkje har lurt på. Tittelen.

Tittelen er rett og slett ei kort og konsis melding som eg fekk frå Einar i klassen min. Eg fortalte at eg baka brød (funker veldig godt å kna deig når du er frustre(lurer på kor mange gonger eg har skrive frustrert i denne meldinga)), og at eg ville ta med dette til smørelunsj i studentradioen i morgon. Då fekk eg altså til svar: "Åh! Du er en heltinne!" Kan ikkje folk seie det litt oftare (hint, hint). Og viss ingen har fortalt deg det i dag skal eg gjere det: Du er mi heltinne, og du er helten min! :-)

PS! Det er veldig lurt å ta bakepapir i brødformene slik at brødet ikkje blir det i to når du tek det ut.

PS2! Viss du syns at dette blei i overkant negativt så har du vel rett i det, men forhåpentlegvis har det vore litt nyttig òg. Eg tenkte at det kunne vere greitt for deg å sjå at nokon har det verre enn deg. Det får alltid meg i godt humør, men kanskje er det berre eg som har slik ond sans for humor ;-)