onsdag 16. februar 2011

Tilbake til norskstilen

Eg elska aa skrive norskstil paa ungdomsskulen og paa vidaregaande. Det var alltid stor spenning knytt til oppgaavearka som laeraren roleg delte ut foer skrivedagen eller tentamen var i gang. Kva slags oppgaaver ville det vere? Paa ungdomsskulen skreiv eg som oftast skjonnlitteratur (skjont litteratur er vel aa ta hardt i) og daa helst krim. Det var ei pine den perioden i 8. klasse daa alle stilane skulle handle om venskap. Venene kunne jo ikkje vere kriminelle. Paa vidaregaande derimot gjekk det mest i kaaseri utanom paa hovudmaalsdagane daa vi stort sett maatte skrive fagtekstar. Eg saknar norskstilen og har derfor éi utfordring til alle lesarane:




Skriv inn, som kommentar eller paa andre maatar, éi lita stiloppgaave og saa lover eg aa skrive den og sende til deg paa e-post. Det treng ikkje vere store greiene, kanskje berre ei setning eller eit ord som skal staa i sentrum. Eller til domes ein stad som skal vere med eller eit tema. Eit tema som ikkje kjem til aa vere populaert er temaet: "Skriv éi historie om kva venskap betyr for deg." Eg ber dykk! Lykke til :-)

PS! Eg lover aa ikkje skrive teksten i print og eg skal òg klippe og lime inn dei bokstavane som eg elles manglar.

Og no set vi over til meterologisk institutt...

Eg hater naar denne beskjeden blir gjeven med torr stemme paa NRK-radio, for det er ingenting som er saa kjedeleg som er saa kjedeleg som aa hoyre vêret paa radio. Meterologen har nemleg ein tendens til aa nemne kvar einaste vesle oy i vaares langstrakte land. Noko overdrive kanskje, men det er ikkje langt der i fraa. Poenget er at dette innlegget skal handle om vêret.

Viss det er noko vi nordmenn er opptekne av saa er det vêret. Eg er, som sikkert dei fleste av dykk veit, oppvaksen paa gard, og folgjeleg van med at det ikkje berre kan vere sol og sommar om sommaren for daa vil veksten blir daarleg, men paa den andre sida medforer jo regn den sikre drukningsdod. Det var ein lang setning, men det bryr eg meg ikkje om. Altsaa, vêret er viktig, men kvifor?

Hovudgrunnen er nok nettopp det faktum at det finst ingen garantiar for fint vêr, og ikkje minst kva er fint vêr. Eg trur derimot ikkje at alle snakkar like mykje om vêret. Ein bonde eller annan person som er avhengig av "godt vêr", kva som no ligg i dette uttrykket til ei kvar tid, er nok òg ein av dei som vil snakke mest om fenomenet vêr.

La meg saa trekke ein person som sannsynlegvis ikkje bryr seg saa mykje om vêr opp av hatten, for eksempel ein person fraa Lyon. For nokre dagar sidan regna det, men om lag dagen foer det regna blei eg staande ved vindauge mitt aa tenke: Naar regna det sist? Eg repeterar: Tanken var som folgjer: Naar regna det sist? I sommar var det stort sett sol og varmt heile tida (trur kanskje det regna 5 gonger eller noko slikt). Hausten gjekk roleg forbi utan massive skybrot. Vintaren melde 2 mm tynt snoefnugg som fekk undergrunnsbanen (!) til aa staa. No er det plussgrader og tinvêr og det har berre duskregna litt éin, kanskje to gonger sidan eg kom tilbake etter jul.

Saa kva er poenget mitt? Poenget mitt er at naar det styrtregnar eller naar sola endeleg skin heime i Noreg saa snakkar ein om det. Ein smilar litt ekstra til kassedama naar det er sol, og klagar saman paa vêret naar det er paa sitt verste. Men i Lyon. Kva skal ein seie. Ja, det er fint vêr, i dag òg. Pippi seier: Tenk om vi inte hadde naatt veder als.

Det foles litt som om vi inte har det i Lyon.

fredag 11. februar 2011

I dag har eg sett:

Jobbstore: Lurte litt paa aa kjope meg ein jobb til halv pris. Kunne jo av og til vore greitt med ein deltidsjobb.

Start People: Lurte litt paa aa gaa inn i butikken og sporje om dei ville starte meg opp igjen. Det hender jo ein foler seg litt avslaatt.

Porte d'oxygène (porte betyr dor og saa oksygen): Me fann aldri denne dora og lufta foltes litt tynnare.

tirsdag 8. februar 2011

Est-ce que vous avez peur de moi?

Denne tittelen tyder ganske enkelt "Er de redde for meg?" Det var opninga mi daa eg hadde framforing om vikingane og om kva rolle dei hadde i Frankrike.


Vikingane gidder eg ikkje skrive noko om, for det burde de allereie kjenne godt til.


Vikingane erobra Normandie i 911, men namnet fekk det foerst etter okkupasjonen. Kort sagt: nordmann - Normandie, de ser forskjellen. Naa er de sjolvsagt ikkje saa enkelt sidan spraaket var annelei den gongen. Poenge er uansett at omraade fekk namn etter mennene fraa nord. Ja, det var nok i all hovudsak menn som kom og dei gifta seg stort sett med franske damer. Sidan damene stort sett stod for oppsedinga gjekk spraaket raskt over til aa vere fransk. Tenk om dei hadde snakka norsk i Normandie i dag...


Vikingane blei sjolvsagt sett paa som barbarar (det var ikkje saa lett aa finne treffande bilete av barbarar, for aa seie det saann) fordi dei drap, plyndra og tok fangar sjolvsagt, men òg fordi dei ikkje lét seg stanse av klostrar og ikkje sparte livet til munkar. Dette skuldast sjolvsagt at vikingane hadde ei anna tru, men òg at verda ganske enkelt var annleis. Det var ikkje noko politi, til domes, og hellar ingen annan tryggleik verken i Noreg eller andre land. Folk var knytt til aetta si, og det var ikkje noko Noreg slik som vi kjenner det i dag. Namnet Noreg tyder jo nettopp Nordvegen. Dei som kom der i fraa tok nordvegen.


Saa kan ein jo undre seg over opningssporsmaalet. Poenget er sjolvsagt at med slike forfedre saa er det jo ikkje sikkert at eg er heilt patent ;-) Men naar det er sagt saa er det jo norskt blod i Frankrike fraa foer, og det har jo godt ganske bra.

Min hellar fattige konklusjon (som laeraren slukte raatt) var at verda i dag blir sett paa som svaert liten, men at verda hellar ikkje var saa stor i 911 (2011 - 911, ser du) viss ein hadde ein drakkar (drakkar vil seie vikingskip etter dragane som ofte stod i stamna (heiter det de)?

Litt folkeopplysning maa ein ha. Det kan ikkje berre vere tull som Jon Almaas sa paa Nytt paa nytt ein dag :-)

Baguetten

Naar ein er i Frankrike er det jo naermest opplagt at ein maa ha eit lite innlegg om baguetten. Foerst og fremst: Det er vanleg aa sjaa franskmenn gaa rundt med ein baguette under armen. Det er ikkje berre den stereotypiske franskmannen. Alle gjer det.

Vidare har eg hoyrt fraa ein engelskmann (som har fransk kjaereste) at det blir sagt at ein baguette i Frankrike aldri overlever ein busstur. Det er sjolvsagt fordi den har ein tendens til aa bli oppeten paa denne bussturen.

Det mest ufordelaktige som kan seiast opp baguetten er at han hellar ikkje overlever éi natt. Som journaliststudent laerar ein at nyhendene alltid maa vaere ferske fordi ingen liker gamle baguetter. Baguetten er nok stort sett laga av veldig lyst mjoel og derfor har den veldig kort lagringstid. Den er med andre ord verken kjempesunn eller veldig mettande, men at den glir ned er heilt sikkert.

De syns kanskje at eg skulle hatt bilete av ein baguette som illustrasjon. Det skulle eg sjolvsagt, men den forsvann paa mystisk viss foer eg kom saa langt ;-)

onsdag 2. februar 2011

17. mai heile aaret

Ja, i Frankrike koyrer dei paa med 17. mai heile aaret. Det er nemleg moderne aa ha klede med det norske flagget paa. Eg faar min del faar litt lyst til aa gaa bort og ta eit godt tak i genseren under haka paa dei og sporje: Er du norsk, hae? Saa du forstaar ikkje kva eg seier. Jasaa. Kanskje fordi du burde bruke ditt eige flagg! Men det er jo berre meg, og min reaksjon.