tirsdag 8. februar 2011

Baguetten

Naar ein er i Frankrike er det jo naermest opplagt at ein maa ha eit lite innlegg om baguetten. Foerst og fremst: Det er vanleg aa sjaa franskmenn gaa rundt med ein baguette under armen. Det er ikkje berre den stereotypiske franskmannen. Alle gjer det.

Vidare har eg hoyrt fraa ein engelskmann (som har fransk kjaereste) at det blir sagt at ein baguette i Frankrike aldri overlever ein busstur. Det er sjolvsagt fordi den har ein tendens til aa bli oppeten paa denne bussturen.

Det mest ufordelaktige som kan seiast opp baguetten er at han hellar ikkje overlever éi natt. Som journaliststudent laerar ein at nyhendene alltid maa vaere ferske fordi ingen liker gamle baguetter. Baguetten er nok stort sett laga av veldig lyst mjoel og derfor har den veldig kort lagringstid. Den er med andre ord verken kjempesunn eller veldig mettande, men at den glir ned er heilt sikkert.

De syns kanskje at eg skulle hatt bilete av ein baguette som illustrasjon. Det skulle eg sjolvsagt, men den forsvann paa mystisk viss foer eg kom saa langt ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar