tirsdag 7. desember 2010

Støv fraa hjernen?


Det er ikkje første gongen eg skriv om støv paa den bloggen, men denne gongen er det alvor. Dette er resultatet av mi reingjering maandag. Du tenker kanskje at eg bør gjere reint oftare, men eg kosta faktisk golvet maandagen før òg. Eg vurderar sterkt aa bli skalla. OK, eg vurderar det ikkje heilt seriøst, men eg lurer evigt mykje paa kor alt dette kjem fraa. Kvifor dett "alt" haaret av hovudet mitt. Skal det halda fram slik saa kjem eg til aa bli skalla.

"Julepynting"


Eg fekk ei fantastisk fin overrasking i posten. Eit koseleg julekort. Dette inspirert til litt diskret julepynting (eg saknar vaare 300 nissar). Eg fann derfor ut at eg skulle kjope meg ein liten juleblomst. Den skulle vatnast kvar dag, sa dama i butikken. Det forte til at eg nesten drukna stakkaren. Etter at eg samvitsfult hadde slengt oppi ein slant med vatn kvar dag i 2-3 dagar, rant nemleg potta over av vatn. Blomsten er framleis fuktig og eg trur den er doande, men potta er like fin. Rosa fekk eg i butikken: pour la maison :-)

Mat!


Eg hadde besok av to kanadiarar, éi kanadianerinne og éi amerikanerinne den same kvelden som vi gjekk for aa sjaa Harry Potter. Eg slo til paa godt jaersk bondevis, men det er visst ikkje alle som et like mykje som norske bonder. Eg trur eg aat halve bollen med pastasalat dagen etterpaa, men det seier kanskje meir om meg...


Dette biletet har tittelen "Marknadsmat". Det er utruleg mykje godt ein kan kjope paa éin av marknadane i Lyon. Kan sikkert kjope mykje godt paa alle marknadane, men eg pleier aa gaa til ein som er ganske naer der eg bur. Paa den marknaden har eg funne mine faste salsbuer. Dette blei ein straalande middag :-)

Og saann gaar no dagan


Eit nytt innlegg i serien "og saann gaar no dagan". Eg har faatt dillaa paa mandarine/clementine, og alle med respekt for seg sjolv veit at poenget er aa skrelle heile mandarina i eit stykke ;-) Og for dei som maatte lure, eg pleier ikkje aa ete mandarin med gaffel. Gaffelen brukte eg til aa ete eggerore.

Alt har ei forklaring

Er DU ein av dei som har lurt paa kvifor det har skjedd saa lite paa denne bloggen i det siste? Er DU ein av dei som forlanger svar? Er DU ute etter sanninga? Vel, her kjem ho. Eg har hatt litt skulepjatt aa ta meg av:


Denne boka har ganske nyleg blitt lesen, og 2-3 sider av denne boka har òg blitt analysert (ikkje mi mest utvikla side). Eg trur ikkje akkurat at analysen faar laeraren til aa slaa stift eller smile fraa oyret til oyret, men, men den blei vel ikkje saa aller verst, haaper eg.


Eg har saman med 3 andre laga éi framforing om Island der sporsmaalet var korleis Island sitt forhold til EU er. Lurer du paa om islendarane vil stemme ja eller nei til EU naar den dagen kjem? Eg har ikkje svaret, men eg har mange teoriar. Forresten tusen takk til Sol Sigurjonsdottir som kasta meg i rett retning :-)


Eg har òg presentert boka En kvinne i Berlin i eit anna fag. Dette er ei fantastisk bra dagbok som alle burde lese! Eg har boka, berre aa laane.


Dessutan har eg introdusert Varg Veum paa fransk til mine medstudentar i franskklassen. Bokene om Varg Veum er nemleg oversatt til fransk (i alle fall ein del av dei), og daa er du jo berre for mine medsudentar og slaa seg laus med denne flotte fyren fraa Bergen, Noreg :-)

søndag 28. november 2010

Snør det?

Dette kom eigentleg ikkje ut som eit spørsmaal. Det var fredag alt for tidleg morgon. Vi hadde Comperative Constitutional law (burde vere forbode før klokka 11 om morgonen). Denne fredagen skjedde det litt meir enn det som ikkje skjer andre morgoner (for aa seie det slik), for denne morgonen var det eit menneske som saag ut av vindauget, smilte og sa med lykkeleg stemme: Det snør!

"Kva?" sa ei anna jente. "Kor?" Denne jenta kunne ikkje sjaa noko snø. "Det der er ikkje snø," kommenterte ei tredje jente. Det regner berre litt. Den første jenta var altsaa nedstemt av desse to andre jentene, men kva var det som skjedde? Er det slik i Frankrike at det er utruleg vanskeleg aa sjaa forskjell paa snø og regn? Svaret er vel: kanskje. Det heile koker ned til eit definisjonsspørsmaal.

Jenta som plutseleg utbraut at det snør, er fraa Australia. Det var klart at ho ikkje hadde høge krav til kva ho kalte snø. Dei to andre jentene, derimot, kjem fraa Canada og England og dei krev tydelegvis meir enn tre moglege snøflakk som ikkje legg seg paa bakken, for at dei skal seie at det verkeleg snør.

Og kva meinte eg i denne diskusjonen? Eg fekk nok snø i fjor og er derfor heilt samd med Canada og England. Det var ikkje snø. La meg no i alle fall leve i den trua :-)

fredag 22. oktober 2010

Og saann gaar no dagan

Der gjekk middagen i vasken.


Heldigvis var det ein del igjen.



Ein faar ikkje meir underhaldning enn ein lager sjolv. Blir i godt humor av aa sjaa paa neglene mine :-)

mandag 18. oktober 2010

"Skaff daakke et liv!"

Sist laurdag hoyrte eg ei vill burting utanfor vindauge mitt. No er ikkje burting direkte uvanleg fordi franskmennene er kjappe til aa burte dersom nokon ikkje koyrer fort nok naar lyset skifter fraa raudt til gron. Viss det er ko og ingen eigentleg kan gjere noko anna enn aa vente, daa er der òg alltid ein eller annan tulling som maa tute. Men nok digresering. Poenget var den ekstreme tutinga denne laurdagen. Lyden viste seg aa komme fraa ei lang rekke bilar som tok flatt av med blinking og tuting. Eg er ikkje 100% sikker paa kva dei aksjonerte for/mot, men det var sannsynlegvis eit ledd i ein eller annan streikeaksjon.


Streikeviljen er enorm i Frankrike.

Viss du er ein av dei som desperat sokjer etter nyheiter til Naernett, eller av andre grunner er oppteken av nyheitsbilete, saa har du sannsynlegvis faatt med deg at det streikes paa flyplassar i Frankrike. Dette skapar problem, men elles saa har métrofolket streika, toga har streika, posten har streika og saann generelt er det vel lettare aa seie kven som ikkje streikar. Eg streikar ikkje, for eg er snill pike som er uintressert i taaregass og folgjer raad fraa laeraren min.


Streikeshow med litt fyrverkeri-flammar og musikk utanfor posten.

Grunnen til at dei streikar er, dersom dei ikkje har funne paa ein ny ting aa streike for, at styresmaktene vil setje pensjonsalderen opp fraa 60 til 62 aar. Som norsk maa eg le litt av dette. Dei har trass i alt latterleg laag pensjonsalder. Grunnen til at dei vil setje opp pensjonsalderen er at Frankrike, som slit okonomisk, kan spare pengar paa dette. Eg seier kjor paa, men andre er usamde. Nokon har fysisk harde yrker og vil derfor ha tidleg pensjon, eg seier gjev dei AFP. Ungdommane er dessutan redde for at dei ikkje skal komme seg inn paa arbeidsmarknaden foer dei sjolv blir pensjonistar.

Eg trur ikkje eg skal uttale meg for mykje om noko eg eigentleg ikkje heilt forstaar, men eg er samd med den eine laeraren min (brite) i at franskmennene nok er litt for individualistiske, og kanskje ikkje heilt har forstaatt at denne gjelda ikkje kjem til aa forsvinne av seg sjolv.

Dessutan syns eg at dei skulle skaffe seg eit liv og ein annan hobby. Eg skal nemleg til Italia om éi veke, og har ikkje tenkt aa bli stoppa av streik. Gjer det meg til eit individualistisk tenkjande menneske? Peut-être :-)

PS! Eg finn forresten ordet streik hysterisk morosamt paa engelsk. Ordet er ganske enkelt strike, det er saa og seie det same. Men det hoyres ut som ein norvergisme. Eit slikt ord som ein som trur han kan engelsk, vil bruke. You now, I went to the post office and the people was striking and then I went home. I gikk opp the trap in my house to sitt in the stue and look at the fjernsyn.

Foele at eg mobber Torbjorn Jagland. Thank you for the oppmerksomhet :-)

tirsdag 12. oktober 2010

Eg har ingenting aa ha paa meg

Vi har alle...Dei fleste av oss har sagt det med sutrite stemme paa eit eller anna tidspunkt: "Aah, eg har ingenting aa ha paa meg." Eg vil seie det no hogt og tydeleg: "AAH, EG HAR INGENTING AA HA PAA MEG!"

Dette handler ikkje om at eg har ingen klede. Eg har derimot nok klede, det gaar ikkje paa det. Eg har rekna paa det, og funne ut at eg har 6 bukser til ulik bruk som eg kan bruke. Eg taerar no sterkt paa dei siste to. Eg har fleire toppar enn eg har klart aa bruke, det er saa, men eg kan jo ikkje gaa rundt ifort berre ei lita T-skjorte. Det storste problemet er likevel underklede. Dei har blitt utaert fleire gonger, og naa er snart sokkeposen (trur du eg har skuffa? Nei, det er skuffande faa skuffer her (tok du han?)) min byrjar aa bli skremmande tom.


"Vask meg ver saa snill," seier kleda i kledekorga.

Kvifor har eg denne mangelen paa klede. Kan eg ikkje berre vaske klede. Jodaa, normalt er det altsaa eit problem. Det er fakta at ein ikkje veit kor godt ein har det, foer ein ikkje har det lenger. Vi har nemleg ikkje vaskemaskin lenger. Vi er kring 70 personar i denne bygning, og har den svaert nette summen av ein (1) einaste einsam, einsleg vaskemaskin. Denne vaskemaskinen har no teke kvelden, og har endaa ikkje oppdaga morgonen, for aa seie det slik. Naar eg no stikk hovudet haapefult inn paa vaskerommet staar det berre eit gapande hôl der vaskemaskinen skulle ha staatt. Det er no den 3. veka vi ikkje har ein velfungerande vaskemaskin, og eg har folgjeleg vore noydd for aa utfore litt manuell, motvillig, mislikande, miserabel handvasking. All respekt til bestemodre som vaska for hand. Ja, eg liker det ikkje.

Eg har berre ei einaste lita boenn aa komme med:
"SJAA TIL HELSIKKEN AA FAA TILBAKE VASKEMASKINEN VAAR, ELLER SKAFF OSS EIN NY. DET KAN IKKJE VERE SAA FORBANNA VANSKELEG!"

søndag 3. oktober 2010

Til barnebarna

Det aaret eg var 21, ja det var i 2010/2011. Ja daa budde eg eitt aar i Frankrike, i Lyon. Ja, var ikkje bestemor toff. I denne perioden reiste eg sjolvsagt litt rundt paa kontintentet. Min forste tur var til ein liten by som heitte Le Puy en Velay. Det maa ha vore i byrjinga av oktober. Ja daa, det var 2. oktober at eg, 3 kanadiarar og 1 amerikanar sette oss paa toget tidleg ein laurdagsmorgon for aa ta reise til denne byen. Vi skulle paa dagstur.

De kan tru at det var ein fin togtur. Det var nydeleg vêr, sol fraa klar himmel, og eg saag kyr og landbruksjord for forste gong etter 2 maanadar i Frankrike. Ja, de veit det har litt aa seie for bestemor aa faa sjaa litt natur. Eg er jo fraa gard, veit de.

Ja, vi kom altsaa til denne vesle byen tidleg paa formiddagen, og vi gjekk for aa sjaa byen. Det var ein koseleg by, og den kanadiske jenta, dei andre var gutar, og eg blei fort samde i at vi hellar ville budd der enn i Lyon. Vi saag fleire kyrkjer, éi av dei var endaa til plassert oppe paa eit lite fjell, det var vel meir eit kloster. Ja dei fekk det til desse katolikkane. Eg veit ikkje heilt kva dei skulle med saa mange kykjer i den vesle byen, men det har vel éi historiske forklaring. Noko med nonner og munkar kanskje. Nok om det.

Vi vandra no rundt i byen, og ut paa kvelden gjekk vi no for aa faa oss litt middag. Vi skulle ta toget tilbake klokka ti over 8, og gjekk derfor i 6-tida, svaert svoltne, paa jakt etter mat. Det var ei utfordring for der i Frankrike et dei middag seinare enn her, ja dei gjorde i alle fall det den gongen, men etter litt leiting fann vi ein plass. Vi aat fort slik at vi skulle rekke toget. Dei to kanadiske gutane maatte berre sluke dessertane sine, hugser eg.

Vi kom til stasjonen litt for 8. Statsjonsbygningen saag noko forlatt ut. Ja den saag beint fram stengt ut. Like ved sida av laag det eit hotell, og vi spokte med at vi fekk ligge der viss det var togstreik (franskmennene streika mykje paa den tida). Lite visste vi at det skulle gaa troll i ord.

Vi gjekk altsaa inn paa togstasjonen (som alstaa ikkje var stengt), og gjekk for aa validere billettane. Det var daa vi oppdaga at maskinen stempla 19.58, og at klokkeslettet paa billetten sa 8.08. Det blei òg oppdaga at billettreisa var datert til dagen etterpaa. Det var forste tog neste morgon, og det gjekk ikkje fleire tog denne kvelden. Vi hadde altsaa rota veldig daa vi bestilte billettar.

Vi rekna seinare ut at daa vi trykte paa billettmaskinen at vi ville reise tilbake kl. 20.00 saa gav nok maskinen oss det forste moglege reisetidspunktet etter det, fordi det ikkje gjekk nokon tog saa seint. Ja, ungar, det er viktig aa lese noye paa viktige dokument. Vi sov paa hotellet den natta, og var samde om at det var ei god historie aa fortelje barnebarna.

Helsing fraa bestemor ;-)

onsdag 29. september 2010

Rapport fraa froken Spangelant/Strangeland

Her folgjer ei lita (av nokon) etterlengta oppdatering. Bilete (som var tiltak aa laste opp) denne gongen(-:


Reklamestunt ein sundag :-)


Kunstmarknad. Dette bilete var heilt etter min smak. Er berre aa byrje aa spekulere ut korleis eg skal bli rik, for ikkje aa snakke om korleis eg skal faa meir bagasjeplass paa flyet.


Smaarom :-)


Det er faktisk fotografi inne i dei maala bilete. Ein maa jo berre elske marknadar :-)


Ja, takk.


Muslingar. La meg paa diplomatisk vis legge til at eg har smakt betre mat ;-)


Mr. Bean var muligens paa besok i Lyon, men eg tvilar paa det. Vi hadde nok merka noko viss han var det. Eg kan forovrig legge til at eg har sett bilen seinare òg.


Besok med salat, baguette og fantastisk god ost. Naar det gjeld salat i gryte, har eg berre ein ting aa seie: Man tager det man haver ;-)


Var ein dag det regna baade katter og hundar, og eg blei rimeleg gjennomblaut to gonger.


Viss du er vestlending eller plaga med mykje regn kan eg berre seie at det kan jo vere kjekt aa hoyre at folk har daarleg vêr andre stader òg. Eg burde vel ikkje legge til at det her skjer svaert sjeldan, men eg gjer det likevel ;-)


You can stay under my umberella. Eg kjopte den forre veke, og bli nesten glad naar det regnar, for daa kan eg bruke den fine paraplyen min (godt eg skal tilbake til ville vestlandet igjen (lett som det ikkje funkar paa forblaaste Jaeren..;-))


Made in France. Jepp, folk fyller aaret her òg :-)


Har faatt sporsmaal om eg lagar mat med flotte franske raavarer. Vel, eg har no oppdaga hurtigmat, og av og til blir ein jo freista. Elles maa eg seie at eg elskar matmarknadane her. Det er utrulege mykje bra gronnsaker og frukt her. Eg har nesten blitt vegetarianar fordi eg ikkje er like imponert over kjotet, men saa er vel ikkje supermarknaden plassen aa gaa for aa finne kvalitet. Eg koser meg med gronnsaker, men saknar framleis melketanken og enkelt Jarlsberg (blir liksom litt feil med Camambert paa knekkebrod:-)


Det blir ikkje saa mykje hurtigmat med ein frysar som denne. Istida er komen til Frankrike, for aa seie det slik. Er noko i kjoleskapet mitt som er oydelagt. Det var oydelagt daa eg kom saa dei skal ikkje ta pengar for det, men det hadde jo vore kjekt om det var fiksa daa eg kom sidan dei sikkert tok pengar fraa den tidlegare leigebuaren. Kva kan eg seie: Det er Frankrike...


Eg har oppdaga at folk berre treng aa stappe paa meg 10 cent, og saa er eg i gang med aa fortelje om geografi, dialektar og noregshistorie. Still eit sporsmaal om Noreg, og eg gjev deg noregshistoria, for aa seie det slik. Eg var i ein bokhandel som sel boker paa fleire spraak. Eg maatte sjolvsagt sjaa om dei hadde noko paa norsk. Blei ganske forferda daa eg forst berre fann svenske boker (!). Eg fann litt ordlister og slike ting, men òg denne brosjyren med bilete av forskjellige ting med norsk og fransk tittel, og norsk uttale sett fraa eit fransk perspektiv. Det er sikkert meint som noko for franske turistar som skal til Noreg. Det er noko nyttig der som diverse mat, men samstundes saa er vel ikkje svale, sekkepipe, boremasking og valnott (berre for aa gi nokre eksempel) det forste du faar bruk for som turist i Noreg. Men kva veit vel eg som er innfodt? ;-)


Eg fekk i dag "Det beste stykket Norge" i posten. Det var ei kvikklunsjplate, og to brev fraa Noreg. Tusen takk. Eg lover svar til begge to, og kan vel opplyse at sjokoladen ikkje kjem til aa mygle. Viss eg skal vere heilt aerleg saa er den allereie i ferd med aa bli historie, for ikkje aa seie noregshistorie i Frankrike...

Naar det gjeld overskrifta, er det meg ei glede aa opplyse at det ikkje berre er eg som har spraakproblemar. Alle brev som kjem fraa huseigaren min er adressert til mademoiselle Julia Spangelant. Det er nok ein moglegheit her for at stavinga av namnet blei gjort litt daarleg av meg, men dei burde ha teke eit hint daa eg skreiv Julia Stangeland OERTEN gonger daa eg signerte kontrakta. Paa den andre sida saa er eg vel ikkje forplikta til aa betale noko, det er vel ikkje til meg, eller? Her har du svaret paa utlendingsparanoiaen til franskmenn ;-)

Tilnamnet Strangeland er det to professorar (engelsk og amerikansk) som har gitt meg. Opprop er ikkje berre enkelt (er endaa verre med kinesarane). Det er jo kjekt aa kunne bidra til litt underhaldning i klasserommet, sprite opp stemninga litt :-) Det er jo dessutan ei trost at det ikkje er berre eg som slit med uttalen. Foler meg nesten litt eksotisk ;-) Franskmennene/-damene paa internasjonalt kontor ber meg somregel om aa skrive namnet mitt dersom dei treng namnet mitt for aa kunne svare paa sporsmaal;-)

tirsdag 14. september 2010

Heftig blunking

Det er ikkje det at eg har nokon saerleg heimlengsel i dag, men eg kom til aa hoyre om denne sangen i eit kaaseri paa NRK sine nettsider. Etterpaa sokte eg opp sangen paa youtube, og det blei vel ganske enkelt gjort for aa undersoke om eg fekk taarer i augene daa eg lytta til den. Det gjorde eg ikkje, men eg trur nok at den kan framkalle litt heftig blunking viss eg skulle komme til aa hoyre den paa ein dag der heimlengselen er stor. Viss du er i utlandet, er kanskje denne sangen noko for deg :'(

http://www.youtube.com/watch?v=pDvsYqBSM1w

lørdag 11. september 2010

Eit lite stykke Noreg

Eg kan vel starte med aa skrive at eg har venta veldig lenge paa eit brev vidaredistribuert fraa laanekassen. Det skulle underteiknast av underteiknande for at eg skulle kunne faa studielaan. I dag kom det i posten og blei straks underteikna og sendt. Snart blir eg altsaa ei rimeleg velstaaande (det ordet krev litt merksemd) ung dame.



Det som det derimot var endaa hyggelegare aa finne i postkassen var to brev og éi pakke fraa henholdsvis Kristin med villhabitarar (folk som bur i villa) og Karen. Det var fantastisk aa lese om eit lite stykke Noreg, og ikkje minst aa faa eit lite stykke Noreg i postkassen. Eg oppfordrar med dette til fleire brev, og lover at alle skal faa svar.

Repeterar med dette adressa mi:
Julia Stangeland
Studéa Saxe Gambetta
43 Rue de la Thibaudière
69007 LYON
FRANCE

Eg maa vel ogsaa legge til at Jarlsbergen dessverre ikkje vil bli verken opna eller eten. Den var i stor grad smelta paa den mindre gode maaten, men det er saa definitivt tanken som tel.

tirsdag 31. august 2010

Kino, dagbok og detektiv



Eg har vore paa kino i dag, og sitt Toy Story 3 paa fransk. Fole maeg ganske "goe" :-)



Eg har kjopt "La femme dans le frigo"/"Kvinnen i kjoleskapet" av Gunnar Staalesen. Det er kanskje litt taapeleg aa lese ei bok som eg har lese for, men det er for mine franskkunnskapar. I tillegg har eg kjopt ei bok eg skal bruke som dagbok (noko nytt eg skal byrje med) og den store grone boka skal eg bruke som brevbok :-)

søndag 29. august 2010

Rapport fraa mademoiselle Stangeland

Eg fekk denne meldinga av ei venninne (Ragnhild Wold), og fann ut at sporsmaal og svar kunne vere eit greitt blogginnlegg.

“halla!
koss går det?! koss er franskrike? koss er franskmennå? blitt kjend med mange? nogen så er i nærheten av å kunna målas opp mot gjengen her heima? koss går det med fransken? hørre rykte om leilighet, e den bra (i forhold t bergen f.eks)?
tusen takk for strikket som plutselig låg i postkassen!
he du ei adressa å oppdriva?
Oslo er meget bra på tross av at eg forhåndsdømme dei fleste pga dialekta.. hehe
kjenne du nogen norske der? lengte du heim? e d hard med så mykje nytt? kultursjokk?
ikkje føl deg plikta t å svara på alle spm mine.. hehe
eg he nettopp fått meg internett i leiligheten, så tenkte meg inn å sjekka bloggen din, får kanskje litt svar der au ;) kos deg i lyon!
glad i deg, klem!”

Ja, Ragnhild, du er ikkje nyfiken, berre liker aa folgje med, har eg rett?

Vel, det gaar bra. Frankrike er bra. “Fina vêret og flate vegen.” Bokstaveleg talt. Eg treng knapt nok to hender for aa telje gongene (ikkje dagane) det har regna her. Der var vel vêrkvoten oppbrukt saa eg faar vel gaa over til neste sporsmaal.

Eg har ikkje mott saa utruleg mange franskmenn sidan eg har gaatt paa spraakskule med folk fraa andre nasjonalitetar enn Frankrike. Dei eg har mott, er folk paa butikken og i utleigebransjen ++. Dei i utleigebransjen er ein tragisk rase. Eg har ikkje kunna leige leilegheit i den opne marknaden her fordi foreldra mine arbeidar i Noreg, og derfor ikkje faar stille som kausjonistar. Snakk om å bli forehandsdomt og skuldig utan at det er bevist. Men for all del, eg har mott mange hyggelege og.

Eg har blitt kjent med ganske mange, ja. Paa spraakskulen var der ganske mange nasjonalitetar. Blei godt kjent med ei kanadisk, ei tysk, ei ukrainsk og ei sorkoreansk jente. Elles hadde vi italienarar og britar i klassen vaar. Det skal godt gjerast aa komma opp mot den gode gjengen fraa 1aac, men (haaper du tilgjev meg Ragnhild) eg har faat vener andre stader og ;-) I morgon (maandag) byrjar universitetslivet og daa blir det forhaapentlegvis endaa fleire vener.

Fransken er ei utfordring, absolutt. Men eg vaagar paastaa at den har blitt betre sjolv om det ikkje akkurat tek heilt av endaa. Problemet med fransk er at det nesten finst fleire unntak enn reglar ;-) Planen er aa finne eit bibliotek med til domes Roald Dahl og tilsvarande boker paa fransk, og lese mykje. Dessutan faa seg nokon franske vener  Heldigvis er 1. halvaaret paa engelsk.

Rykta om leilegheit er heldigvis sanne. Eg har faatt ein hybel gjennom noko som eg gaar ut i fraa er noko som tilsvarar studentsamskipnaden heime. Hybelen er noko midt i mellom Bergen (paa botn) og Volda (paa topp). Det er ikkje like gamalt og stygt som i Bergen, men tenkesettet er like taapeleg. Eg var her og saag, og daa stod der tallerkar og liknande her, og eg blei lovt at eg kunne faa laane gryter mot depositum. Eg kan ikkje betale med sjekk, noko som framleis er populaert her (steinalderen nest), og maatte derfor betale hybelen gjennom banken og saa vidare. Naar eg kom for aa flytte inn var det ingen ting kjokkenutstyr her, og eg kunne faa leige som foer viss eg betalte, men med sjekk. Hadde jo ikkje skada aa nemne det daa eg betalte resten sidan eg ikkje kan betale med sjekk. Dessutan er der berre éi einaste skuffe her (rimeleg standard). Paa kjokkenet er der ingen skuffer. Slike ting gjer meg litt skuffa. Ikkje minst er det irriterande at vi maa betale med myntar i vaskeriet, og ikkje meg vaskekort slik som eg har gjort foer. Framskrittet har ikkje naad heilt fram. Men paa den andre sida trur eg det vil bli veldig bra her, og det tek meg berre eit kvarter aa gaa til skulen, butikken er like i naerleiken og det same er metroen.

Naar det gjeld aa forehandsdomme pga dialekten kjenner eg meg igjen. Ikkje berre austlendingar, men og britiske personar har eg problem med. Eg snakkar sjolvsagt om desse londonbritiske, og spesielt jentene faar meg til å assosiere med jenter som aldri maa gjere noko sjolv og som er kjempeutskjemte. Men det er vel godt aa faa bukt meg eigne fordommar. Utfordre seg sjolv litt.

Eg har mott ein norsk paa skulen. Var veldig merkeleg aa snakke fransk med ein nordmann. Men vi snakka litt norsk og.

Eg trur spraaket er noko av det eg saknar mest. Spesielt dei forste vekene folte eg meg litt fanga av spraakbarieren. Det kunne verkeleg vore noko og sendt alle FrP-folk til eit land der dei ikkje snakka norsk eller engelsk. Dei som seier at alle innvandrarar kjem til Noreg fordi det er saa lett, og fordi det er saa enkelt. Jodaa, klart det er enkelt aa forlate sitt eige heimland der du kjenner kulturen og fullt av folk. Klart det er lett aa komme til eit nytt land der alt er nytt, og du konstant blir teken for aa vere dum fordi du ikkje kan uttrykke deg. Det er frustrerande aa vite at dette er meg, men det vil ingen faa vite fordi eg kan ikkje uttrykke det. Utanom det saa saknar eg Jarlsberg og det aa kunne gaa ut utan aa vere i det offentlege rom. Hadde den same kjensla i Bergen. Ein kan ikkje gaa ut i fint vêr utan aa treffe andre. Ein har ingen veranda. Der er eg vel litt utskjemt med god plass heime til meg sjolv. Utanom det er det nok ein fordel at eg har studert vekke, og paa den maaten saknar eg ikkje familie og vener saa mykje. Det er ein stor fysisk forskjell mellom Lyon og til domes Volda, men den psykiske forskjellen er ikkje saa stor.

Kultursjokk er det vel ikkje snakk om, men det er stadig ulikskaper. Eg fann ein plass med Wasa-knekkebrod og kjopte veldig mange. Det er ganske enkelt fordi brodet her er veldig lyst og blir daarleg paa kort tid. Dessutan er det mykje sote kjeks og liknande. Eg gaar nesten og ser meg i spegelen etter aa ha ete ein kjeks fordi eg trur eg er blitt sotare sidan sist ;-) Mjolka er forresten og heilt annleis. Jordbruket her er daarlegare. Dei tommar for eksempel mjølk med antibiotika i tanken, og mjolka blir derfor sterilisert og ikkje berre pasturisert.

Dette verker kanskje litt negativt, men det er veldig kjekt her og eg koser meg. I morgon blir det spanande dag paa skulen.

Takk til deg som gadd å lese alt dette 

Glad i deg og Ragnhild.

Beklagar bokstavane, men harddisken min tok kvelden, og blei erstatta med fransk Windows og bokstavane er heilt tullete. A er q og oe er m.

Adressa mi er forresten:
Julia Stangeland
43 rue de la Thibaudière
69007 Lyon
FRANCE

Alle som vil ha postkort i posten kan skrive inn adressa si, så skal eg sjå kva eg kan få til. Eg lova å legge ut bilete i dag, men kameraet mitt har teke kvelden (det er meir sjukt enn friskt), men satsar paa at det berre treng nye batteri

À bientôt 

torsdag 12. august 2010

Un homme qui je détéste/Ein mann som eg mislikar

Vi skulle skrive ein historie om ein mann som vi ikkje likte. Dette blei min fiktive historie:
(norsk versjon lenger nede (hadde vore digg viss det alltid var norske versjonar i Frankrike;-))

L'homme que je vais rencontrer que se n'appelle pas Nelson Mandela ou Jonas Gahr Støre. Il s'appelle Jaques. Je ne l'aime pas encore. Il n'est pas vieux, mais il est comme une homme vieux. Il ne fait pas la cuisine et il ne lave jamais par terre. Il reste seulment au café avec une bièrre. Je n'ai pas de vie privée ou de temps pour mes amies.

Jaques va en ville avec ses amie et aves d'autres femmes. Il n'écominse pas. Il boit et boit de la bièrre. Il n'a pas d'argent pour sa famile. Nous ne mangons jamais de la viande. Nous mangons toujours du hareng avec les pommes de terre.

Je suis toujours à la maison avec nos, nos, enfants. Je suis seule bien sûr. Je ne comprends pas parce que j'ai un mari. Il n'est jamais ici. Jaques aime sa femme de ménage, mais il n'aime pas sa femme. J'arrête!

Mannen som eg skal fortelje om heiter ikkje Nelson Mandela eller Jonas Gahr Støre. Han heiter Jaques. Eg elskar han ikkje lenger. Han er ikkje gammal, men han er som ein gamal mann. Han lagar ikkje mat, og vaskar aldri golvet. Han er berre på kafé og drikk øl. Eg har ikkje privatliv eller tid til mine vener.

Jaques er på byen med sine vener, og andre kvinner. Han sparar ikkje. Han drikk, og drikk øl. Han har ikkje pengar til familien sin. Vi et aldri kjøtt. Vi et alltid sil og poteter.

Eg er alltid heime med våre, våre, ungar. Eg er åleine, sjølvsagt. Eg forstår ikkje kvifor eg har ein ektemann. Han er jo aldri her. Jaques elskar sin hushjelp, men han elskar ikkje kona si. Eg sluttar!

Søknad om fast medlemsskap i HÆ!-klubben

Hei, mitt namn er Julia Stangeland. Eg er komande student i Frankrike, og akkurat no held eg på med eit aldri så lite språkkurs i den vakre byen Lyon. Det meste av tida går med til å prøve å bli så fransk som mogleg. Så eg kjøper meg baguette som stikk svært så synleg opp av ryggsekken min. Eg tek metroen til skulen, og eg seier bonjour til dei eg møter i trappa. Dessutan snakkar eg fransk til dei som ekspederar meg i butikkar, og eg prøver så godt eg kan å snakke fransk med læraren min.

Likevel søker eg med dette medlemsskap i HÆ!-klubben,
for du, din franskmann, svarar meg på fransk, og du trur eg er god.
Du seier kor mykje det kostar, og eg står der å glor.
Eg tenker HÆ! HÆ! HÆ! Pardon! og Excusez moi!
Til slutt må du svare på engelsk at eg som står der og glor,
skal betale ganske nøyaktig 2 euro.

Du kan ikkje sende medlemsskapet per post, for eg skal flytte snart. Ver venleg å sende meg medlemskort per e-post slik at eg har noko å vise fram når eg går i butikkar og når folk spør om vegen.

På førehand takk ;-)

mandag 2. august 2010

Crise de toux, c'est moi

Norsk!!! JA!!!! Burde eg skrive på engelsk slik at kjempemange forstår meg? Ja. Burde eg skrive på engelsk slik at eg betra språket mitt? Ja. Gidder eg tenke? Absolutt ikkje! Misforstå meg rett. Etter knappe to dagar i Frankrike angrar eg ikkje, men akkurat no var det ekstremt godt å finne alle dei orda eg treng for å oppdatere verda på kva som går føre seg i mitt liv.

Når du står på ein buss i Frankfurt mellom eit fly og flyplassen, er det ikkje fritt for at ein angrar sitt vesle eventyr. La meg seie det slik. Eg var ståande passasjer på ein buss (!) på veg frå flyet (kjempe sært) til flyplassen (ikkje akkurat Stavanger lufthamn, Sola), og tenkte: "At det går an å vere så dum! Reise ut i noko som like gjerne kan vere eit mørkt hòl. DUST!" Eg hadde stått opp 4 (om MORGONEN!), og eg fungerar verkeleg ikkje utan nok søvn, og dessutan er øyret mitt tett (veldig lei av å høyre det når eg tygg) så endringar i lufttrykket gjorde så vondt at eg sat å gråt på flye (dei to mennene på sida av meg sendte medkjennande blikk til den stakkars jenta som sikkert sakna familien sin.

Sorg til side. På mirakuløst vis viste det seg at eg kom rett til den rette gaten, eg kom på rett fly, på rett buss frå flyplassen (ingen buss mellom flyet og flyplassen (FLAUT Lyon;-) og eg kom av på rett stoppestad (mirakelets tid er ikkje forbi). Der møtte eg eit hyggeleg ektepar som tok meg med til sin veldig koselege leiligheit der eg fekk sove (ein drøm gjekk i oppfylling) før middag.

I dag har eg vore på språkskulen. Ganske stress fordi ord ein ikkje forstår blir forklart på fransk, og engelsk er "forbudt" i klasserommet. Teiknspråk derimot... Bratt læringskurve (minst 80 grader), men forhåpentlegvis blir det betre etter kvart.

Det første eg sa på fransk på fransk jord var overraskande nok: Je ne sais pas (eg veit ikkje), men eg forstod spørsmålet som var om det var rett kø til å kjøpe bussbillett (det var det) så alt i alt var eg ganske nøgd.

Til slutt vil eg berre legge til at tittelen tyder: Hosteanfall, det er eg. Eg kjenner meg som eit stort hosteanfall, men no har eg kjøpt hostesaft.

À bientôt, snakkes :-)

mandag 15. februar 2010

Åh! Du er en heltinne!

Dette er ein slik dag. Ein slik dag der eg mest av alt har lyst til å finne eit stort hål, hoppe ned i det og satse på at det er ein tunnel som vil føre meg til mitt eige liv, men no i ein forbetra versjon. I ein mindre stressa versjon.

Det er kanskje nokon av dykk som har registrert at eg er ein kontrollfrik med sterkt behov for ein organisert kvardag. Eg blir ikkje berre stressa. Eg blir faktisk sur. Etter eit møte i dag la eg ut om min frustrasjon. Frustrasjon over medievitenskapsoppgåve, frustrasjon over innlevering i journalistikk og frustrasjon over at eg ikkje heilt veit kva i alle dagar vi eigentleg skal gjere i internpraksisen. "Du høyres skikkeleg bittar ut", va kommentaren eg fekk på humoristisk vis. (Sidan eg har sjølvironi tok eg det sjølvsagt med eit smil.:-) Eg er kanskje litt bittar over at det er mogleg å legge alt til ein og same tid, men først og fremst er eg berre meg.

Kven er så meg? Vel, akkurat no er eg tydelegvis ei bittar yngre, sneisen og flott dame, men sånn elles så er eg ei snill pike. Eg vil så gjerne at alt skal vere bra. Eg vil så gjerne oppfylle mi plikt, men bli frustrert når oppgåvene veks over hovudet mitt slik at eg veit at eg ikkje kan klare å gjere alt bra. Eg blir dessutan frustrert når eg ikkje veit kva eg skal gjere for å tilfredsstille flink-pike-samvitet mitt.

Kanskje har eg òg fått svaret på eit anna spørsmål: Kvifor strikkar og bakar eg? Jo, eg strikkar og bakar fordi det er ein praktisk ting som er enkel og utføre, men òg fordi den er utruleg konkret. Du vil alltid få ei resultat som eg målbart. Sjå her har eg bakt eit brød, og der er skjerfe eg strikka. Her er svaret på det som du kanskje ikkje har lurt på. Tittelen.

Tittelen er rett og slett ei kort og konsis melding som eg fekk frå Einar i klassen min. Eg fortalte at eg baka brød (funker veldig godt å kna deig når du er frustre(lurer på kor mange gonger eg har skrive frustrert i denne meldinga)), og at eg ville ta med dette til smørelunsj i studentradioen i morgon. Då fekk eg altså til svar: "Åh! Du er en heltinne!" Kan ikkje folk seie det litt oftare (hint, hint). Og viss ingen har fortalt deg det i dag skal eg gjere det: Du er mi heltinne, og du er helten min! :-)

PS! Det er veldig lurt å ta bakepapir i brødformene slik at brødet ikkje blir det i to når du tek det ut.

PS2! Viss du syns at dette blei i overkant negativt så har du vel rett i det, men forhåpentlegvis har det vore litt nyttig òg. Eg tenkte at det kunne vere greitt for deg å sjå at nokon har det verre enn deg. Det får alltid meg i godt humør, men kanskje er det berre eg som har slik ond sans for humor ;-)

mandag 11. januar 2010

Her er årets til no særaste invitasjon (i alle fall frå meg)

Offisiell invitasjon te la-oss-eda-opp-bakverk-som-Julia-he-lagt-av-eggå-sine-selskap

Nå æ dæ ikkje adle så he fått den uoffisielle invitasjonen te la-oss-eda-opp-bakverk-som-Julia-he-lagt-av-eggå-sine-selskap (ja, æg kopierte den rekkå), men her kjæme jaffal den offisielle historien, og for så vidt òg invitasjonen.

Julia satt ein vakker dag i sin vakre heim i Røystunvegen 3, RB-201 tvers over for ungdomsskulen, i nærleiken av ein av dei laaange bakkane (legg merke til at eg no på subtilt (håper det fine ordet passar) har fletta inn adressa mi), og dreiv med forskjellige ting. Det var laurdag, og ho las, som den gode studenten ho er, litt pensum for å halde seg à jour med skulen(som ligg ganske i nærleiken)s sitt massive overfall av pensumlitteratur (vil helst ikkje ha alle pensumbøkene i hovudet). Men som vi alle veit er ikkje helga berre burde-burde. Ho høyrte derfor kriminalen (Farlige hvetebrødsdager av Aksel, eventuelt Axel, Kielland (elsker det, høyrt det før, men uansett), og såg fram mot 20 spørsmål som sjølvsagt ikkje kom på grunn av sport, Tour de ski + skøyter som ho ikkje høyrte (flaks at det er sport både på radio og fjernsyn...). Etter litt om og men, mest om, kom ho seg omsider til butikken. Ho hadde lova Einar Lie Slangsvold, ansvarleg redaktør i Volda studentradio (Norges koseligste studentradio) at ho skulle lage mat til styremøtet (verdas koseligste styremøter) på onsdag kl. (hugser ikkje) (litt digrisering (av ordet digresjon) der tenkjer du kanskje, men det er det ikkje). Ho skulle lage banankake (som ho skulle fryse), og til det trengte ho 2 egg. Problemet med Rema 1000 (har opplevd dette problemet ein gong før, og då er det sikkert eit fast problem) er at det som oftast berre er 12-ar kartongar igjen når ein kjem om ettermiddagen.

Det vil seie at frøken Stangeland (betre kjend som Julia) no har 10 egg igjen. Sidan steiking og koking av egg ikkje er favorittretten hennar, må ho no bake dei opp.

Så viss DU har lyst på heimelaga kaker (akkurat som mor lagar det (viss mora di er UTRULEG dyktig til å bake), ja då bør du følgje denne oppfordringa og komme til Julia

torsdag (fyrstkomande) kl. 18.00

Viss du no har litt tungt for det så vil eg berre gje deg eit lite tips: IKKJE (burde stått med utheva feitt skrift og større bokstavar) et før du kjem.

Det er dessutan lurt å ta med dei hjernecellene du har (koffert er brukbart bæremiddel) for det er mogleg at det vil bli ein liten kviss.

SU før torsdag kl. 18.00. Viss ingen kan komme, får eg eit STORT problem, og blir veldig tjukk og mett.

Merkar at eg snart har oppfylt gje-meg-styrke-kvota når det gjeld pseyko humor og tragiske vitsar, derfor avsluttar eg kort og godt med:

J.S. :-)

PS! Bær over med eventuelle feil. Eg gadd, godde, giddi (hugser ikkje det siste) lese gjennom meldinga/avhaldninga før eg sende den. Og ja, eg forventar at du gjorde det ;-)

søndag 10. januar 2010

Godt nyttår! :-)

Det er ein typisk lat sundag. Eg har "låge frampå", og er følgjeleg ikkje trøytt. Eg er derimot i skrivehumør. Eg har allereie skrive eit brev, og vil no skrive litt på bloggen min, noko som eg burde gjort for lenge sidan. Her er først eit bilde av meg frå 2010:



Som de ser, er det ganske likt mitt 2009-uttrykk. Ja, eg tok det sjølv, og det er ikkje akkurat meg på sitt beste. Men det er greitt for dei som endå ikkje har sett meg i 2010 å vite at eg er relativti lik ;-)

Elles vil eg vise fram noko eg strikka før jul som mor monterte medan eg var heime i jula. Her er pakkekalenderen min:



I juleferien laga eg dessutan eit barnesett som skal loddast ut på ein basar arrangert av ein gjeng flotte damer. Det er sjølvsagt Norske Kvinners sanitetsforeining (NKS). Dette barnesettet har eg døypt barnesettet til Knud Arild:-)



Jakke:



Hue:



Sokkar:



Det vart vel meir skryt enn skriving, men betre enn ingen ting :-)