søndag 29. august 2010

Rapport fraa mademoiselle Stangeland

Eg fekk denne meldinga av ei venninne (Ragnhild Wold), og fann ut at sporsmaal og svar kunne vere eit greitt blogginnlegg.

“halla!
koss går det?! koss er franskrike? koss er franskmennå? blitt kjend med mange? nogen så er i nærheten av å kunna målas opp mot gjengen her heima? koss går det med fransken? hørre rykte om leilighet, e den bra (i forhold t bergen f.eks)?
tusen takk for strikket som plutselig låg i postkassen!
he du ei adressa å oppdriva?
Oslo er meget bra på tross av at eg forhåndsdømme dei fleste pga dialekta.. hehe
kjenne du nogen norske der? lengte du heim? e d hard med så mykje nytt? kultursjokk?
ikkje føl deg plikta t å svara på alle spm mine.. hehe
eg he nettopp fått meg internett i leiligheten, så tenkte meg inn å sjekka bloggen din, får kanskje litt svar der au ;) kos deg i lyon!
glad i deg, klem!”

Ja, Ragnhild, du er ikkje nyfiken, berre liker aa folgje med, har eg rett?

Vel, det gaar bra. Frankrike er bra. “Fina vêret og flate vegen.” Bokstaveleg talt. Eg treng knapt nok to hender for aa telje gongene (ikkje dagane) det har regna her. Der var vel vêrkvoten oppbrukt saa eg faar vel gaa over til neste sporsmaal.

Eg har ikkje mott saa utruleg mange franskmenn sidan eg har gaatt paa spraakskule med folk fraa andre nasjonalitetar enn Frankrike. Dei eg har mott, er folk paa butikken og i utleigebransjen ++. Dei i utleigebransjen er ein tragisk rase. Eg har ikkje kunna leige leilegheit i den opne marknaden her fordi foreldra mine arbeidar i Noreg, og derfor ikkje faar stille som kausjonistar. Snakk om å bli forehandsdomt og skuldig utan at det er bevist. Men for all del, eg har mott mange hyggelege og.

Eg har blitt kjent med ganske mange, ja. Paa spraakskulen var der ganske mange nasjonalitetar. Blei godt kjent med ei kanadisk, ei tysk, ei ukrainsk og ei sorkoreansk jente. Elles hadde vi italienarar og britar i klassen vaar. Det skal godt gjerast aa komma opp mot den gode gjengen fraa 1aac, men (haaper du tilgjev meg Ragnhild) eg har faat vener andre stader og ;-) I morgon (maandag) byrjar universitetslivet og daa blir det forhaapentlegvis endaa fleire vener.

Fransken er ei utfordring, absolutt. Men eg vaagar paastaa at den har blitt betre sjolv om det ikkje akkurat tek heilt av endaa. Problemet med fransk er at det nesten finst fleire unntak enn reglar ;-) Planen er aa finne eit bibliotek med til domes Roald Dahl og tilsvarande boker paa fransk, og lese mykje. Dessutan faa seg nokon franske vener  Heldigvis er 1. halvaaret paa engelsk.

Rykta om leilegheit er heldigvis sanne. Eg har faatt ein hybel gjennom noko som eg gaar ut i fraa er noko som tilsvarar studentsamskipnaden heime. Hybelen er noko midt i mellom Bergen (paa botn) og Volda (paa topp). Det er ikkje like gamalt og stygt som i Bergen, men tenkesettet er like taapeleg. Eg var her og saag, og daa stod der tallerkar og liknande her, og eg blei lovt at eg kunne faa laane gryter mot depositum. Eg kan ikkje betale med sjekk, noko som framleis er populaert her (steinalderen nest), og maatte derfor betale hybelen gjennom banken og saa vidare. Naar eg kom for aa flytte inn var det ingen ting kjokkenutstyr her, og eg kunne faa leige som foer viss eg betalte, men med sjekk. Hadde jo ikkje skada aa nemne det daa eg betalte resten sidan eg ikkje kan betale med sjekk. Dessutan er der berre éi einaste skuffe her (rimeleg standard). Paa kjokkenet er der ingen skuffer. Slike ting gjer meg litt skuffa. Ikkje minst er det irriterande at vi maa betale med myntar i vaskeriet, og ikkje meg vaskekort slik som eg har gjort foer. Framskrittet har ikkje naad heilt fram. Men paa den andre sida trur eg det vil bli veldig bra her, og det tek meg berre eit kvarter aa gaa til skulen, butikken er like i naerleiken og det same er metroen.

Naar det gjeld aa forehandsdomme pga dialekten kjenner eg meg igjen. Ikkje berre austlendingar, men og britiske personar har eg problem med. Eg snakkar sjolvsagt om desse londonbritiske, og spesielt jentene faar meg til å assosiere med jenter som aldri maa gjere noko sjolv og som er kjempeutskjemte. Men det er vel godt aa faa bukt meg eigne fordommar. Utfordre seg sjolv litt.

Eg har mott ein norsk paa skulen. Var veldig merkeleg aa snakke fransk med ein nordmann. Men vi snakka litt norsk og.

Eg trur spraaket er noko av det eg saknar mest. Spesielt dei forste vekene folte eg meg litt fanga av spraakbarieren. Det kunne verkeleg vore noko og sendt alle FrP-folk til eit land der dei ikkje snakka norsk eller engelsk. Dei som seier at alle innvandrarar kjem til Noreg fordi det er saa lett, og fordi det er saa enkelt. Jodaa, klart det er enkelt aa forlate sitt eige heimland der du kjenner kulturen og fullt av folk. Klart det er lett aa komme til eit nytt land der alt er nytt, og du konstant blir teken for aa vere dum fordi du ikkje kan uttrykke deg. Det er frustrerande aa vite at dette er meg, men det vil ingen faa vite fordi eg kan ikkje uttrykke det. Utanom det saa saknar eg Jarlsberg og det aa kunne gaa ut utan aa vere i det offentlege rom. Hadde den same kjensla i Bergen. Ein kan ikkje gaa ut i fint vêr utan aa treffe andre. Ein har ingen veranda. Der er eg vel litt utskjemt med god plass heime til meg sjolv. Utanom det er det nok ein fordel at eg har studert vekke, og paa den maaten saknar eg ikkje familie og vener saa mykje. Det er ein stor fysisk forskjell mellom Lyon og til domes Volda, men den psykiske forskjellen er ikkje saa stor.

Kultursjokk er det vel ikkje snakk om, men det er stadig ulikskaper. Eg fann ein plass med Wasa-knekkebrod og kjopte veldig mange. Det er ganske enkelt fordi brodet her er veldig lyst og blir daarleg paa kort tid. Dessutan er det mykje sote kjeks og liknande. Eg gaar nesten og ser meg i spegelen etter aa ha ete ein kjeks fordi eg trur eg er blitt sotare sidan sist ;-) Mjolka er forresten og heilt annleis. Jordbruket her er daarlegare. Dei tommar for eksempel mjølk med antibiotika i tanken, og mjolka blir derfor sterilisert og ikkje berre pasturisert.

Dette verker kanskje litt negativt, men det er veldig kjekt her og eg koser meg. I morgon blir det spanande dag paa skulen.

Takk til deg som gadd å lese alt dette 

Glad i deg og Ragnhild.

Beklagar bokstavane, men harddisken min tok kvelden, og blei erstatta med fransk Windows og bokstavane er heilt tullete. A er q og oe er m.

Adressa mi er forresten:
Julia Stangeland
43 rue de la Thibaudière
69007 Lyon
FRANCE

Alle som vil ha postkort i posten kan skrive inn adressa si, så skal eg sjå kva eg kan få til. Eg lova å legge ut bilete i dag, men kameraet mitt har teke kvelden (det er meir sjukt enn friskt), men satsar paa at det berre treng nye batteri

À bientôt 

4 kommentarer:

  1. Oi oi oi!! Møje nytt som foregår på denne fronten ja! Godt du begynne å finna deg litt te rette:) Du må bli knallgoe i fransk når du æ der nere, for når du kjæme heim må du bare snakka fransk te meg, sånn at du lære meg opp. Fransken min glømme æg meir å meir, føle ikkje æg kan noge lenger:(

    Æg ska prøva å få te noge jillt i posten te deg snart, noge skikkeligt norsk kanskje;)

    Knib Karen =)

    SvarSlett
  2. Aeg onske maeg Jarlsberg, Karen ;-) Du maa skriva inn adressen din, elle send'an paa mail saa sga du faa kort i posten :-)

    SvarSlett
  3. jeg synes du er gode :-) og så har jeg lært en del nytt, selv om jeg har selv bodd i lyon i mer enn 2 år. jeg visste for eksempel ikke at melken er så veldig annerledes i frankrike enn det er den i norge og at man kan betale med noe annet enn med mynt når man skal vaske klær i et vaskeri ;-) gleder meg veldig til å lese mer på bloggen din og er glad for at du endelig har fått deg et sted å bo. jeg har ikke hørt noe mer fra min franske kompis så jeg går ut fra at han enten er på ferie ennå eller at han rett og slett bare har glemt det (du kommer nok til å se at franskmennene ligner hverandre i akkurat sånne punkter) ;-) jaja, heldigvis gikk det bra uansett. klem fra lye!

    SvarSlett
  4. Ja, er det ein ting eg har laert saa er det at franskmenn ikkje akkurat er meistrar i aa ringe tilbake og svare paa e-postar. Blir veldig ofte halvvegs. Eg fekk vite kva dato eg skulle komme paa skulen, men ikkje klokkeslettet.

    Aa, jodaa, melka er annerledes, i Frankrike er det holdbarhetstid paa fleire maanadar, men i Noreg er det berre éi vekes tid. Daa er det klart at ting er litt annerledes.

    Helsing passjonerte eks-meieriarbeider ;-)

    SvarSlett