søndag 28. november 2010

Snør det?

Dette kom eigentleg ikkje ut som eit spørsmaal. Det var fredag alt for tidleg morgon. Vi hadde Comperative Constitutional law (burde vere forbode før klokka 11 om morgonen). Denne fredagen skjedde det litt meir enn det som ikkje skjer andre morgoner (for aa seie det slik), for denne morgonen var det eit menneske som saag ut av vindauget, smilte og sa med lykkeleg stemme: Det snør!

"Kva?" sa ei anna jente. "Kor?" Denne jenta kunne ikkje sjaa noko snø. "Det der er ikkje snø," kommenterte ei tredje jente. Det regner berre litt. Den første jenta var altsaa nedstemt av desse to andre jentene, men kva var det som skjedde? Er det slik i Frankrike at det er utruleg vanskeleg aa sjaa forskjell paa snø og regn? Svaret er vel: kanskje. Det heile koker ned til eit definisjonsspørsmaal.

Jenta som plutseleg utbraut at det snør, er fraa Australia. Det var klart at ho ikkje hadde høge krav til kva ho kalte snø. Dei to andre jentene, derimot, kjem fraa Canada og England og dei krev tydelegvis meir enn tre moglege snøflakk som ikkje legg seg paa bakken, for at dei skal seie at det verkeleg snør.

Og kva meinte eg i denne diskusjonen? Eg fekk nok snø i fjor og er derfor heilt samd med Canada og England. Det var ikkje snø. La meg no i alle fall leve i den trua :-)