torsdag 10. desember 2009

Draumar om pensjonisttilveret

Tre personar reisar seg samstundes, og småjoggar mot ei opprakt hand. Den eine er ein mannleg pensjonist med kulemage. Den neste, ei kvinne, har pynta seg med med høghalsa genser, og langt kledeleg gullsmykke. Den tredje, òg ei kvinne, har kasta eit sjal over skuldrene som vern mot trekken. Alle har kvar si bunke med eksamensark i handa som dei gestikulerar vilt med. Er det desse studenten har bruk for? Plutseleg blir den dei merksame på karandre. Du kan sjå korleis dei vurderar kvarandre, vurderar avstanden. Kven skal få lov til å gje studenten fleire ark. Til slutt går kvinna med sjalet av med sigaren. Ho får ikkje berre gje studenten fleire ark. Ho får òg fylle vedkomande på do.

Som om dei begge var på besøk i eit fengsel går dei etter kvarandre ut på do. Studenten først og vakten etter. Studenten går med stivt blikk framfor seg. Studenten vil ikkje bli mistenkt for å jukse. Vedkomande lar blikket kvile forsiktig på eit kjent ansikt, men vågar seg ikkje til å forme eit forsiktig "korleis går det" eller "lukke til".

Tilbake på plassen tek studenten eit nytt ark, grublar, øver seg på å skrive med høgre handa sjølv om vedkomande er venstrehendt, teikner stjerner og hjarter, finn inspirasjonen og skriv litt til. Studenten løfter blikket og ser på vaktene. Når arbeidslivet er ferdig, og pensjonisttilveret er i gang skal denne òg sitje slik pg sjå studentar streve seg gjennom dårleg formulerte oppgåver, og oppgåver som vedkomande har lese for lite til. Inntil vidare grublar ho berre litt på neste eksamen, sukker litt, men slepp ikkje tanken. Ho skal sitte med eit falkeblikk, og nyte synet. Ho skal fryde seg over studentar som riv seg i håret, og ristar på slitne hender. Men så bøyer ho seg over papiret igjen, med eitt er ho redd for at ho skal sitte som vakt og angre på at ho ikkje la ned ein større innsats i ekmsamenane sine.

LYKKE TIL PÅ EKSAMEN FOLKENS! :-)

søndag 29. november 2009

Digitalt tilbakeståande?

Eg har funne det naudsynt å stille spørsmål ved min digitale kompetanse/ukompetanse. Eg skal ikkje nekte for at eg framleis kan bli relativt farleg i kontakt med teknisk utstyr som ikkje fungerar, og eg står på at eg aldri skal skaffe meg skytevåpen. Likevel har eg klart noko som eg ikkje trudde var mogleg. Eg har lært meg å bruke det mest grunnleggande (og litt av det vidarekomande (glidande overgangar)) radioutstyret.

Fredag den 27. november 2009 hadde eg munnleg eksamen i radiospesialisering. Radioeksamenen gjaldt det tekniske utstyret. Det var altså vesentleg å vite korleis dette opplegget fungerte. Eg hadde aldri trudd at eg kunne klare å bruke miksebordet, men eg klarte det. Eg svarte på følgande spørsmål:

"Forklar miksebordet." LETT ;-) Eg trur både eg og læraren min vart positivt overraska :-)



Spør meg om kjelder, pfl, tbcue og gain så skal eg svare :-D

Det store panelet mellom dei to skjermane er det eg måtte forklare. Eg ruler ;-)

Eg vil bli tatt av vinden

I dag då eg omsider såg dagens lys, var det snø ute. Det var litt overraskande for eg hadde ikkje venta det etter ei veke med regn. Likevel var det sjølvsagt ei positiv overrsaking. Så lenge eg ikkje køyrer bil, er snø relativt OK :-)

Du har gjetta rett. Dette innlegget skal ganske enkelt handle om vêret. For å forklare situasjonen min må eg ta litt geografisk opplysning. Volda ligg ved fjorden mellom bakkar og berg. Volda ligg på sunnmøre i vestlandsnoreg. Det er ikkje så mykje meir å seie der eigentleg. Tilbake til vêret.

Det er som på vestlandet elles rimeleg skiftande vêr her i Volda, og relativt mykje regn i alle fall for sarte austlandssjeler. Likevel er det ein ting som eg syns er relativt sjeldan her, og det er VIND. Det regner berre rett ned. Det er så og seie aldri regn mot ruta. Det er sjeldan du kan høyre at vi har eit vêr i det heile, og det er ganske skuffande.

Eg nemnte for nokon at eg sakna vinden, og det kunne dei (austlendingar) sjølvsagt ikkje forstå. Eg sa at eg sakna å merke at eg levte. Dei lurte på om eg verkeleg sakna å fryse i hel. Eg klarte ikkje å forklare skikkeleg kva som manglar når det ikkje er vind.

Berre for å ha sagt det: Vind er ikkje festleg i alle samanhengar. Det tek ikkje av å sykle i motvind, og av og til er det sjølvsagt plagsamt når håret står til alle kantar. Likevel er det noko i det at eg merkar at eg lever. Går ein ute ein blåse-bort-dag får ein verkeleg blåst systemet reint. Dessutan er det mykje betre å legge seg godt under dyna når ein merkar at det er vêr utanfor. Eg seier som Pippi: Tenk om vi inte hadde nåt veder als (ikkje sjå på "svensken" min).

Eg gler med til 5. desmber. Då skal eg heim til flate og forblåste Jæren, og eg håper verkeleg at det er skikkeleg vêr slik at eg kan bli tatt av vinden...

fredag 6. november 2009

Mangfald 2

Då har eg mobilisert så pass mykje energi at eg har fått sendt ut det andre kåseriet som eg laga, og las inn, for vekaradioen. Dette er litt halvløye for eg har gjort eit halvveis forsøk på å gjere det om til dialekt for å illustrere litt korleis det var på vekaradioen, i munnleg form. Vel, viss du syns det vert litt mislukka så må du berre skulde deg sjølv som ikkje høyrte på vekaradio. Høyr på studentradioen kvar tysdag klokka 19.30: studentradioen.no :-)

"Jeg vil med dette benytte anledningen til å advare om relativt krass ordbruk i dette kåseriet. Jeg beklager at eventuelle østlendinger kan føle seg støtt av dette kåseriet. Jeg beklager derimot ikke at jeg støter dem.

USA æ blant mange rekna som det mektigaste landet i verdå, men dæ æ vel tvilsamt om dæ æ dæ landet mæ dei skarpaste innbyggarane. Ei venninna av meg møtte ein gong nogen tyskara. Tyskarane fortalte om eit spørsmål som dei hadde fått frå nogen amerikanarar. Amerikanarane hadde spurt korleis det gjekk med den der muren. – Berlinmuren? spurte tyskarane noge tvilabde. – Ja den ja, svarte amerikanarane. – Den me reiv med i 1989? Dette seier vel alt om amerikanarane sitt kunnskapsnivå når det gjelde ting som foregår udenfor dei velkjende 50 statane. Keffor sgo nå dette såra austlendinga? tenke du kanskje. Jo, me kjæm til dæ nå: Sånn æg ser dæ er austlendingane amerikanarane i Norge.
La mæg presisera at mæ austlendinga meine æg fyst og fremst folk frå dei sentrale strøgå der austpå, eller dei som he toge alvorlige skade av å ha oppholdt seg desse plassane. Enn typiske austlending æ enn sjølsentrerte type som kan minimalt om dei geografiske forhåldå udenfor Oslo sine grense. Personen er ligavel øvebeviste om at han er mykje smartare enn adle vestlendingar og nordlendingar - te saman. Austlendingen veit ikkje om Bergen ligg nord eller sør for Stavanger, men æ øvebeviste om at det æ smartast at austlendingane styre begge byane, og områda rundt. Han, eller ho, er sikker på at vestlendingane aldri ville klart seg uden støtte frå dei o så smarte austlendingane, dei æ stadigt øverraska øve at nordlendingane klare å knyda skonå sine sjøl.
Og så he me sjølsagt språge. Den kjekkaste fraså til austlending viss han snakke mæ enn ikkje-austlending æ: ”Jeg forstår ikke hva du sier?” Dei fleste gongene lade austlendinga som om dei ikkje forstår kva me seie. Dei æ jo sjølvsagt så kule at dei ikkje forstår andre folk. Dei æ dei høgkulturelle i landet, og dei som adle andre sga forstå. Ligavel påstår dei altså at dei bør styre Norge. Dei bør ha ansvare for lande. Det æ sjølsagt ein betryggande tanke å bli styrt av nogen som konsekvent går inn for å misforstå dei som dei skal styre.
Æg kan vel med dette konkludera mæ at austlendingane trur at dei er dei skarpaste knivane i skuffa sjøl om dei ikkje forstår kæ dei andre knivane drive mæ. Æg vil vel hellar sei at dæ æ adle oss andre som he peiling. Me som vett at melkå ikkje he sitt opphav i enn pappkartong. Me som vett at gulerøde ikkje vekse på tre. Me som vett at fisken ikkje ser ut som filé, og ikkje minst at den faktisk kjæme frå sjøen. Spørsmålet æ ikkje om me æ smartare si me har kunnskapar om vestlendinga, nordlendinga og sørlendinga, så vel som austlendinga. Spørsmålet er om austlandskunnskap er kunnskap verdt å ha, eller om denne kunnskapen æ liga nyttige som å veda at nybakt brød kan vere sprøtt, men at knekkebrød æ ennå sprøare.

Viss du nå ikke har forstått et ord av det jeg har skrevet, så er kanskje det like greit."

torsdag 29. oktober 2009

Mangfald

Dette er det første kåseriet som eg skreiv, og leste opp i vekaradioen. Det neste vil bli sendt på voldastudentradio.no på fredag mellom kl. 16 og 17. Det vil bli lagt ut her over helga. Wow, dette blei veldig proft og profesjonelt som om eg er ein av lærarane på skulen her. Ho bloggar førelesingsnotatene sine. Ho om det. Her er det altså. Ein del av mangfaldet (mangfald er temaet).

”Kan æg hjelpa dæg mæ noge?” Det var ein liten unge som spurte meg. Ungen var sikkert akkurat konfirmert og stod no framfor meg med ei veslevaksen mine klar til å yte meg den sørvisen eg trengte. Eg hadde akkurat gått inn i verdas verste butikk, i alle fall etter min målestokk. Eg følte det som om eg var naken med ei stor tatovering der det stod: ”Digitalt tilbakeståande. Ho godtar alt du seier.” Eg skulle kjøpe meg ein datamaskin. Desse butikkane var og er det verste eg veit. Det blei ikkje hakke betre av at det var ein liten unge som skulle selje meg vedunderet. Eg hadde mest lyst til å spørje han kva han hugsa frå OL på Lillehammer i 1994, men sidan det ikkje er stort eg heller hugsa let eg det vere.
Eg la i staden fram ærendet mitt. Eg skulle ha ein datamaskin. Den skulle brukast til skulearbeid, og eg ville ha eit godt minne. Ungen trengte om lag 10 sekund på å finne fram den maskinen som sikkert var så god at han omtrent var skapt til meg og mitt formål. Han gjekk i gang med å spørje meg om eg trengte dette eller hint. Eg har registret at microsoft office og virusprogram er nyttig å ha så eg takka ja til dette. Så spurte han meg om eg trengte eit eller anna ord som eg ikkje forstod. Eg nølte. Eg hadde lyst til å spørje om han kunne oversette til gresk, men takka i plassen nei til tilbodet. Eg la med eit tynt smil til at det trudde eg ikkje at eg hadde bruk for. Eg prøvde iherdig å late som eg forstod kva han meinte. Eg tviler på at han trudde meg.
Det at nokon kan noko som du ikkje kan er mangfaldets skuggeside. Slår du opp i ei ordbok vil du finne at mangfald er det same som stor variasjon. Det vil igjen seie stor variasjon i kunnskap, interesser og ferdigheiter. Det store mangfaldet er grunnen til at eg aldri skal skaffe meg skytevåpen. Eg ville skote alt elektroniske utstyr viss det som mykje som prøvde å bli øydelagt. Den store variasjonen i interesser har ansvaret for at syster mi blir sur når Start tapar, og at eg blir dritforbanna når det er fotballkamp på fjernsynet. Har nokon av dykk hatt lyst til å grave eit hol i bakken når gymlæraren entusiastisk annonserte at kuper-testen stod på programmet? Eller er du kanskje ein av dei som elskar og springe, og som på grunn av dine ferdigheiter at du framleis såg utkvilt ut då du kom i mål? Uansett kan me vel vere einige om at mangfald er bra. Det er fint at det finst menneske som fiksar datamaskinen din når den blir øydelagt heilt av seg sjølv, men ikkje spør meg om TBF-en er øydelagt eller om eg har ram og gigabyte på maskinen. Då kan du nemleg komme til å få høyre eit mangfald av sinte ord.

søndag 11. oktober 2009

Huset mitt (til venstre)

1. Studio 2 og 2. Teknikkerrom :-)


1. Rotsethornet og 2. Utsikt til Folkestad :-)


Stressa balljente

Har du sett dei små jentene og gutane som er trufaste ballhentarar under landskampar, og sikkert andre fotballkamper for den saks skuld. Eg skulle på ein måte ynskje at eg var ein av desse ballhentarane. Det er kanskje ikkje den mest meiningsfulle jobben ein kan ha, men den er konkret, enkel og utføre og dessutan så har dei berre éin - 1 - einaste ball å halde styr på.

Eg derimot har kasta alt for mange ballar opp i lufta, og, la meg seie det enkelt, eg er best utan ball. Eg er håplaus på fotballbanen, katastorfal på volleyballbanen og totalt håplaus når det kjem til jonglering (ser i ordliste for å kontrollere stavinga). Ordet står ikkje i ordlista. Undersøker på nettet. Verdsveven fortel meg noko tvitydig at ordet blir stava med ein s: sjonglering. Sjølvsagt. Dette understrekar berre at det ikkje er noko for meg.

Problemet mitt er altså at eg har kasta litt mange ballar opp i lufta, og at eg no har store problem med å ta i mot dei. Kanskje har du sett maskinar som spyr ut tennisballar. Dette er ein øvingsmaskin, og personen som står framfor han har ein racket og trenar. Vedkomande trenar på å treffe flest mogeleg ballar. Eg står framfor ein slik maskin - men eg har ingen racket. Eg har berre byrjande blåmerke og store sår. Har eg nemnt at slike ballar blir ekstra harde når dei har god fart (trekk fram det du lærte på glattkøyringskurset. Ei usikra flaske med vatn i kan ta livet av ein stakkar dersom ein krasjar i 70 km/t).

Så lurer du vel på kva som er så travelt. Jo, det er sudentradioen, både jobbinga med programmet og styreverv. Og så er eg med i fagutvalet (fint namn på elevråd) der eg sist gong sjølvsagt fekk skrive referatet, som om eg ikkje hadde nok å gjere utanom. I tillegg har vi oppgåver å skrive, og for å toppe det heile har vi sjølvsagt pensum å lese. Vi har ikkje éi bok, nei, vi har ørten bøker. Så viss du syns det var lenge sidan sist, så har du heilt rett. Vi hadde lesetrening for radio. Læraren sa at eg las så fort at eg så vidt uttalte orda før dei var forbi. Slik er det med vekene òg. Eg har så vidt kome til mån, før det er -redag.

Å ver så snill, ikkje trøyst meg med at det snart er juleferie, for før juleferien er det tre eksamenar, og den eine eksamenen går ut på at eg skal kunne administrere ein heil del tekniske ting.

Sjå føre deg ei jente bak eit fotballmål klar til å ta i mot ballen som går over mål. Det er ein lett jobb. Det som ikkje er fult så lett er når alle dei 10 utespelarane finn ut at dei skal score samtidig, og, på toppen av det heile, finn alle dei 10 andre spelarane ut at dei skal score sjølvmål. Ingen av dei treff målet, og der stod eg. No ligg eg på bakken. Eg er ei stressa balljente.

SLUTT!

NB! Eg vil berre meddele at noko av det eg gjer er veldig kjekt sjølv om det er travelt. Eg har det mykje kjekkare enn på jussen. Det er òg verd å nemne at noko av det kanskje er ein tanke overdrive ;-)

tirsdag 25. august 2009

Livet mitt i punkter

Har tenkt å prøve ein ny vri. Eg skal her kort og konsist (ikkje heilt kanskje, men ganske så bra) gjere greie for dagen i dag og tidlegare dagar (ikkje heile dagane).

Eg:
- oppdaga at eg kan skilje Massey Ferguson frå andre traktorar. Det er koseleg å sjå og høyre traktorar.
- vil råde alle til å legge fram handkle når dei dusjar (spesielt når handkledet ikkje blir oppbevarte på badet).
- har laga ein hengar i kledeskapet mitt der eg har treningsklede. Eg har gått rundt Rotevatn i dag, og spasering har eg ambisjonar om å halde fram med.
- syns det er festleg at folk frå Volda (i alle fall den eine lærarane min) seier sjøbud (med d-en inkludert). Det høyres litt dumt ut.
- har høyrt ein fantastisk radiodokumentar om Bømlos lille Beirut. Den var hylandes festleg, og eg trur den kan høyrast viss du googler han.
- fann i går ut at det kunne vere greit å ha strikketøyet med på skulen (vi høyrte radiodokumuntaren som varte om lag ein halv time).
- har strikka om lag 60 omgangar på skulen i dag (den eine læraren sa repeterte alt han sa fleire gonger, og dessutan var alt berre info).
- har lese 4 kapittel i journalistboka (éi av journalistbøkene).
- fekk bolle, kanelar i svingane og havreflern i posten i dag. Takk, Karen (les meir på: http://www.aussies-kk.blogspot.com/).
- skal bake saobkaga (surmjølkskake) i morgon etter/mellom pensumlesinga. Kaka skal eg dele med klassen min på torsdag.
- har møtt ho som eg delar kjøkken med. Ho er triveleg.
- har byrja eit nytt og betre liv med å sjå og høyre nyheiter. I går høyrte eg Her og Nå, såg Dagsnytt 18 og Dagsrevyen og tinga abonnement på to aviser. Mitt mål er å blir like god som læraren min i samfunnskunnskap i 3. klasse. Det blir ei utfordring.
- skal skrive ein nyheitsartikkelting innan onsdag neste veke. Tips blir motteke med takk, men ikkje med pengar.
- har velt radio som spesialisering. Eg hadde eigentleg tenkt avis dette året og radio neste år, men bytta fordi det var mange på avis. Lærarsmiskinga er igang, neidå.
- har ei fantastisk båsbytte, éi korg til sokkar, éi til strømpebuksar og éi til nøklar og liknande. Det tyder mykje for meg å ha dette (denne er litt intern, les kommentarane til førre innlegg).
- syns Volda er flott.
- syns eg har blitt kjent med mange flotte folk.
- merkar at vêret er skiftande her som alle andre stader på vestlandet, men det gjer ingenting.
- har meldt meg inn i både studentradioen og studentavisa.
- lurer på kva den kvite flekken i håret til radiolæraren er. Det skal eg finne ut. Bra at eg velde radio.
- byrjer å blir svært usakleg, men på den andre sida vil lærarane at vi skal vere nyfikne.
- håper at du har det bra, for det har nemleg eg :-)

mandag 17. august 2009

Det skal ikkje vere lett!

Det har gått lang tid sidan sist, men eg trur ikkje at det har skjedd dei heilt store tinga. For å seie det på ein annan måte: det har ikkje gått glipp av noko stort.

No har det derimot skjedd noko som er litt stort. Eg har altså flytta skrotten min frå Jæren, via Bergen (kjem kanskje til å sakne byen - definitivt IKKJE hybelen) til Volda. Her skal eg studere journalistikk. Er det dette som ikkje skal vere lett, spør du deg kanskje. Ikkje akkurat, sjølv om det blir spanande.

Det som er ei utfordring er flyttinga og alt det praktiske. Har det nokon gong slått det kor mykje som faktisk får plass inne på ein hybel, eller for å seie det på ein annan måte: kor mykje du faktisk må bere inn og ut. Takk og pris for at det er møblert.

Eg fjerna altså rompa mi frå Bergen, og frå ein svært dårleg studentsamskipnad. La meg illustere det på følgjande måte:
Eg kom til Bergen i fjor for å hente nøklane, og flytte inn. Då eg kom stod det kring 50 personar framfor meg i kø (det var kølappsystem så eg veit det). Du skulle kanskje trudd at dei som jobba der ville jobbe raskt og effektivt i ein slik situasjon slik at ein unngjekk at det blei nått og neste morgon før samtlege fekk flytte inn. Feil! Dei som jobba der såg ut som dei dreiv ein gå-sakte-aksjon. Når dei henta ting, ville dei ikkje gått saktare med mindre dei hadde gått baklengs. Dei heldt førelesingar om korleis ein skulle legge på sengetøy - jodå, til kvar enkelt person som spurte, gav nøklar og vaskekort med beskjed om å vakte det som gull (hallo, vi forstod at vi ikkje akkurat skulle kaste han når vi kom ut derifrå) og på toppen av alt lurte dei på om dei skulle ta lunsj.

Då eg først kom til Volda førre måndag fekk eg nøklane sjølv om det var etter stengetid, og på toppen av alt flytta eg ikkje inn i ein svinesti. Du undrar deg kanskje framleis over kvifor det ikkje skal vere lett når eg tydelegvis har fått det betre.

Ting starta då eg skulle reise til Volda førre laurdag. Eg skulle ta flyet, og sidan vi no må sjekke inn sjølv gjekk eg til automaten. Den ville derimot ikkje lese verken strekkode eller referansenummer. Då eg kikka på flybilletten (spurte heldigvis ikkje om hjelp) oppdaga eg at reisedatoen var sundag 16. og ikkje laurdag 15. Eg tok med andre ord ei nått til heime.

Det slutta derimot ikkje der. Då eg dagen etter pliktskuldig skrudde av telefonen på flyet, slo det meg (og det slo meg rimeleg hardt) at eg ikkje lenger hugsa pinkoden. Eg kunne ikkje få telefonen på igjen. Då eg kom til hybelen hadde eg sjølvsagt problem med internett ("sjokk", tekniske ting hatar meg). Etter litt om og men fekk eg telefonert heim (har nemleg visstnok telefon på hybelen, kan vere praktisk). Der fekk eg utlevert både pin og pukkode. Nå skal det ordna seg, tenkte eg. FEIL! Sjølvsagt ville ikkje telefonen ta til fornufta sjølv om eg både gav den puk- og pinkode. Til slutt gav eg opp (hadde på dette tidspunktet fått internett), og gjekk ut i Volda for å skaffe naudsynte hybelting som bosskorg og ein plass til å ha sokkane mine.

Dette kunne dei sjølvsagt ikkje selje i Volda. Eg tok derfor turen ut av sentrum og tilbake til der flyplassen ligg. Der hadde eg nemleg registrert Skeidar. Her fann eg det eg trengte, og her fann eg òg Elkjøp. Der klarte dei sjølvsagt utan problem å opne mobilen min (slapp av eg viste leg.) ved å gjere akkurat det eg akkurat hadde gjort. Det skal ikkje vere lett!

Elles har eg ete middag, laga faddarvekeproviant (pastasalat held seg lenge og gjer at eg ikkje treng å tenke på middagslaging) og er snart ferdig med heile innflyttinga. Men eg har framleis eit problem. Eg har tre esker som eg gjerne vil kvitte meg med. Spørsmålet er (denne formuleringa heng igjen frå jussen) korleis eg skal klare å stappe dei ned i det mikroskopiske holet som er på bossbytta (ja, eg har bretta dei saman). Eg skal bruke kvelden til å klippe dei frå kvarandre. Det skal ikkje vere lett!

tirsdag 7. juli 2009

Kriminell berre på papiret?

Har de sakna meg? Ja, det er klart at de har sakna meg. Eg beklagar forsinkinga som heilt klart har vore eit stressmoment i den trygge kvardagen dykkar. Grunnen til forsinkinga kan vel forklarast med dette ordet: sommarferie. Når eg ikkje har jogga (veldig metaforisk) rundt på Tine med moppen i den eine handa, filla i den andre og ein svifferkost i baklomma, har eg sleika (endå meir metaforisk) sol på verandaen, strikka ørten par med sokkar (nei, eg var ikkje kald) ++ og ganske enkelt hatt ferie. Eg har det slik at når eg tek ferie, tek eg ferie frå det meste. Eg er aldri så lat som når eg har ferie (ja, med unntak av jogginga rundt på TMS (Tine Meieriet Sør (diggar forkortinga)) Voll). Mitt arbeid på Tine har klart samanheng med det spørsmålet som er tittelen til den høgst tvilsame historia.

Det heile starta ein mørk og stormfull aften. Det ville ha vore ei klisjéfullt opning til ein mindre stor kriminalroman. For min del starta det med eit uskuldig spørsmål frå mor: "Skal du sende inn grøssar til radioteateret." Det skulle eg ikkje, men eg hadde likevel ein slags historie klar på kort tid (rask tankegang finst ofte i smarte menneske, og nokon gonger i dei mindre smarte (spontanitet er ikkje alltid positivt).

Eg hadde lese BulleTine og var klar over sjukefråveret, og eg skapte raskt ei svært kald og vurderande vaskekjerring (sjølv er eg reinhaldar) som var ein forsterkande faktor til dette sjukefråveret. Ho kjende avsky for mannfolk så vel som kvinnfolk som ikkje fjerna skoa frå golvet i garderoben (mopping tek lengre tid når det er sko i vegen), kontorrotter som ikkje går til lunsj og dermed hindrar vasking og kaffiskvalpandes kvinner og menn som ikkje forstår at kaffikoppar er til for å ha kaffien i og som tydelegvis brukte kaffiflekkar slik som Hans og Grete brukte småstein.

Denne kvinna ville forgifte (ikkje døydeleg, berre litt sjukeleg) alle som plaga henne. Ho hadde bakgrunn i kjemisk arbeid, og skulle blande saman ting som var mykje verre enn forkjølingar, men samstundes mykje mildare enn rein arsenik. Skulle det bli mistanke om noko anna enn heilt naturlege sjukdommar, ville ingen sjå at det var samanheng mellom dei sko-på-golv-plasserande-personane og lunsjnektarane. Til alt overmål skulle kvinna vere ambisiøs og ho skulle vinne sjefposisjonen.

Sjefen skulle ho ikkje spandere gift på. Han skulle ho kalle vekk til falske møter, med dei resultata at ho fekk vaska kontoret hans og mistenkeleggjort hans åtferd. Byrjar sjefen å bli litt "rotlite" ville dei andre spørje seg, og på kort tid ville han forsvinne. Korleis vaskaren skulle overta stillinga er uvisst, men det skulle nok bli ei løysing på det òg. Historia skulle fått namnet "Rottereset" etter kontorfolket, og den ville sjølvsagt blitt god.

Nå vel, eg har for tida ferie, og det er det vel enkelte som er glad for. La meg legge til at det finst positive ting på Tine òg. Sjølv om skoplasseringar er irriterande og lunsjnektarar forstyrrar arbeidet mitt, må eg jo spørje meg sjølv kven som uroar kven. Eg er trass i alt ikkje den einaste som har arbeid å utføre. Dessutan vises det jo at det blir reint når kaffiflekkande forsvinn. Eg lovar at eg berre er småkriminell på papiret/på internett, og at eg absolutt ikkje har moglegheiter til å blande saman noko farlegare enn sjokoladekake (NB! For mykje søtstoffar er skadeleg.). Men de forstår kanskje at eg byrjar å lure på om eg verkeleg berre er kriminell på papiret...

Fortsatt god sommarferie. I'll be back ;-)

mandag 8. juni 2009

Det du ikkje veit.... - spar meg!

Eg har i den seinare tida teke til å undre meg over kva som gjekk føre seg i hovudet på den/dei som fann opp/oppdaga/tok bruk av ordtaket: "Det du ikkje veit, har du ikkje vondt av".

Det er etter mi meining eit tvers igjennom tåpeleg uttrykk. La meg illustrere dette med eitt opplagt døme. Peder Ås (det er gjerne han som er kriminell og umoralske) er utru mot kona, Kari Ås. Ingen fortel henne det fordi det ho ikkje veit, har ho ikkje vondt av. Nei, det er jo klart. Ho vil ikkje syns det er verre fem år seinare når nokon fortel henne sanninga.

Ja, OK, eg skal prøve å vere litt rettferdig mot uttrykket. Det uttrykket eigentleg prøver å illustrere er kanskje eit slags håp, eller dvelinga rundt ordet "viss".

Viss ingen fortel deg at du er dødssjuk kan du framleis tru og håpe at du kjem til å overleve. Det du ikkje veit har du ikkje vondt av, eller har du det? Eg kjenner eg er inne på farleg territorium, og at eg er i gang med filosofiske (kvalmande smak i munnen) og etiske problemstillingar. Før nokon byrjar å lure på om eg nyleg har opplevd utruskap (litt vanskeleg utan kjærast, men OK) eller er dødssjuk utan at nokon vil fortelje det, skal eg gå til sakas kjerne.

Eg er student. Takk for ingen nye opplysningar, vil nok de hevde. Ja, det er ingen nye opplysningar å hente der. Eg er student. Snart vil eg vere vikar, og etterpå vil eg vere student igjen. Spørsmålet er (dette er slikt som skjer når du går for lenge på jussen. Du byrjer å stille spørsmålet ved alle ting) kvar eg vil vere student. Eg vil i løpet av min periode som ferievikar endre på min noverande stilling. Eg seier ikkje at idet du byrjar som ferievikar så er du ikkje lengar student. Nei, dette er det mogleg å kombinere. Men det er ikkje mogleg å kombinere to typar studiar.

I løpet av sommaren vil eg takka ja til eit nytt studium og på den måten takka nei til vidare forhold med det juridiske fakultet. Spørsmålet er (eg må så avgjort slutte på dette studiet) kva eg kjem til å takke ja til. Eg fekk igår vite at eg har fått studenthybel (med eige bad og felles kjøkken med 1 (éin), ikkje 6 andre, personar)) i Volda, og i dag signerte eg denne kontrakten. Eg fann vidare ut at skulestart/studiestart i Volda ikkje er før den 18. august (noko som er konge). Eg har verkeleg byrja å sjå fram til mitt nye liv i Volda med nesten eige kjøkken (beklagar, nedarva husmorgener) og forhåpentlegvis ein flott ny studentkvardag. Men.

Ja, det er sjølvsagt eit men her. Men eg veit ikkje om det blir tilfellet. Kanskje kjem eg ikkje inn. Då blir eg verande her i Bergen som mastarkandidat med framtidsutiktar som lektor på ein eller anna vidaregåande skule. Eg seier ikkje at det treng å vere ein negativ ting. For all del. Du har mykje større sjansar for å få jobb. Du får sikkert eit rolegare liv, og om ikkje anna så får du fleire flotte stilar som kan underhalde deg om kveldane ;-)

Alt eg ber om er eit svar. Eg skulle gjerne hatt nokon ord med den som tok i bruk "det du ikkje veit osv...". Og den som vågar å komme med at "den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjevesk" bør halde heilt kjeft. Det var no vel og bra det viss eg berre visste kva eg venta på.

Må til slutt legge til nokon festlege ting som Strandbakken (storgruppeleiaren min) sa idag:
"Når du er fødd, er du jo eigentleg på dødsleiet. Du har byrja nedtellinga, for å seie det slik." Herleg nøkternt og halvpessimistisk. Han sa vidare.
"Folk skulle ikkje ha lov til å gifte seg meir enn ein gong. Ja, i alle fall ikkje viss dei har ungar. Det skapar berre rot for oss juristar." Fantastisk. Ja, vi har altså arve- og familierett fram til fredag kl. 13.00. Då er det ferie!!! Det blir sikkert trist ;-D

onsdag 3. juni 2009

Pondus er kongen (over det eg gjer når eg ikkje vil gjere skulearbeid) :-D



Ei lita oppmuntring henta frå aftenbladet.no. Fleire å finne der. Trykk på "alt innhold" i den blå innhaldslista og så "tegneserier". Fanpigadetastisk :-)

tirsdag 2. juni 2009

Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko

Det irriterande ordtaket "du må lide for skjønnheten" eller "du må li for venleiken" er vel kjend mellom gutar så vel som jenter. Det er dette uttrykket eg på mange måtar vil ta for meg i dag.

No fekk vel de ein liten: Å nei, er vi der no. Skal Julia bli ein av mange som plaprar i veg om augebrynnapping, leggvoksing og store floker i håret.

Nei, det skal eg ikkje. Eg skal ta for meg min forfengelighet (går med dette til ei nynorsk ordbok for å finne eit betre ord). Eg er no tilbake med eit forklarande ord til alle dykk (eg veit det er mange) som ikkje forstår bokmål (ja, det er no eit anna, fjernt språk som passar best til dikt). Det eg verkeleg skal snakke om er min forfengelegskap (ja, sjå der vart det mykje klarare).

Når eg no nemnde dette ordet kom eg til å tenke på Anne frå Bjørkely (litt digresering (kjem av ordet digresjon), men det blir verdt det). Ho fekk beskjed om at ho ikkje måtte vere så forfengeleg, og ho angra sin forfengelegskap då ho farga håret i den tru at håret ville bli kastanjebrunt (ho var raudhåra). Håret vart derimot grønt... Moralen frå den gode Marilla var at forfengelegskap ikkje lønar seg. Bøkene er for øvrig skrivne av Lucy Maud Montgomery (satsar på at stavinga var ganske rett), og er vel verdt nokon timar av ditt unge liv (frase fritt plagiert frå "Bibbi Bokens Magiske Bibliotek" av Jostein Gaarder og Klaus Hagerup).

Poenget med denne digresjonen er sjølvsagt at eg no sjølv har fått erfare at det ikkje lønnar seg å vere forfengeleg. Her kjem den smertefulle historia:

Det var sundag kveld, og strålande sol. Julia som til vanleg er ei ganske fornuftig, ung, vakker, sprudlande, smart, koseleg og fantastisk kvinne skulle på besøk. Det var på sin plass å pynte seg litt. Ho tok seg ein dusj for å fjerne solkrem og anna mindre forfriskande kroppslukt, før ho gjekk for å finne eit svar på det klassiske spørsmålet: Kva skal eg ha på meg i kveld.

Julia iførte seg ein raud kreasjon, svarte tights og så var det berre skoa igjen. Ho hadde ikkje vore smart nok til å kjøpe seg eitt par med "sokker" til å ha i finsko så ho burde ta sandalar, tenkte ho. Dessverre vart det med tanken. Ho tok i bruk sitt stille sinn (les nedanfor, sjeldan ein smart ting for denne fine sjela å gjere), og tok på seg sine grøne stilige sko som stod i perfekt kontrast til det raude i tunikaen.

TABBE!

Før ho var framme hadde ho gnagsår. Ho tilbringte kvelden utan sko, noko som ikkje er noko problem med tanke på at ein sjeldan går med sko inne hjå folk. Problemet kom derimot då ho skulle vandre heim igjen. Smerten jaga gjennom føtene hennar, og sende små støt gjennom heile kroppen. Før ho var halvvegs nede til bussen kjende ho at huda slo sprekkar. Menneska som passerte ho på gata i denne augneblinken fekk sjå korleis smerte ser ut i ei herja sjel.

Ho skimta drosjehaldeplassen i det fjerne, og sidan ho hadde sterke mistankar om at siste buss var gått, kjempa ho seg inn i ein av desse. Så snart ho hadde fått det som var igjen av henne (hypokonderi er også ein sjukdom) innanfor inngangsdøra heime, sparka ho (SVÆRT forsiktig) av seg skoa og gjekk barføtt opp til 3. etasje.

I dag er det tysdag, og eg går rundt i eitt par sandalar utan hæl bak. Eg tok ein smertefull dusj idag som nok ikkje vil bli repetert før eg har fått noko som liknar ei betring på føtene. Moralen er klar: Skal du bruke finsko må du bruke "sokkar" eller strømper. Uttrykket: "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko", har fått eit nytt tillegg og ei ny tyding.

tirsdag 26. mai 2009

Verd eit forsøk

Har du ein dårleg dag? Føler du at du ikkje har utretta noko på lenge, og er sjølvkjensla på botn?

Då har eg eit forslag til deg: Bak ei kake og legg den i ein boks, eller liknande, der den verkeleg viser. Ta så denne med deg til ein stad der det går mykje folk (til dømes sentrum av ein by). Då vil du få mykje positiv merksemd.

Eg bakte kake til arbeidsgruppa mi i dag, og på min ferd gjennom sentrum fekk eg nokon ekstra blikk og mange smil. Det var som om dei tenkte:
- hm, ho er jo verkeleg eit godt menneske (og det er jo sant). Ho tek med seg kake til nokon.
- skulle ynskje at ho var min ven (ja, dei skal berre vite kva dei går glipp av).

Du treng ikkje ein gong dele kaka med nokon. Du kan ta henne med deg heim att, og ete den opp sjølv.

NB! Dersom du bakar ei veldig stor kake som du et opp åleine, kan du risikera at du aldri vil klare å ete ei slik kake igjen. Du får sjølv måle risikoen opp mot fortenesta.

NB2! Det er sant det dei seier: Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad. Og, ting blir betre av å delast. Kaka mi var i alle fall fanpigadetastisk, i all ubeskjedenhet.

Lykke til på eksamen de som driv med det. Ikkje gløym at det er andre ting enn bokstavar frå A til F som definerar deg som menneske. Du er verdifull i eigenskap av å vere til. Det var dagens vesle visdomsord :-)

søndag 24. mai 2009

Angst

Då var det ei lita stund sidan sist. Det skuldast ikkje akkurat eksamenslesing, dessverre. Sidan eg likevel har bestemt meg for å slutte, tek eg ikkje lesinga så tungt. Det eg derimot har vore oppteken av er å fullføre dei x antal pip eg har laga. Pip står for det eg har laga, men det eg har laga kan eg ikkje skrive namnet på fordi det skal vere gåver.

No har eg byrja på noko nytt. Eg har laga to tøfler (men ikkje eit par. Eg har ein av kvar som skal bli eit par når eg har strikka make til dei.) og er i gang med ei taske. Dette blir jo klart ein interessant blogg. Slik blir samtalen:

- Kva les du?
- Ein blogg som venninna mi har skrive.
- Å, kva handlar den om?
- Akkurat no er det om kva ho har strikka i det siste, som ho ikkje ein gong vil seie.
- Det høyres kjedeleg ut.
- Mhm!
- Kvifor gidd du å vere ven med henne?
- Det byrjar eg òg å lure på.

Eg skal no gå over til å snakke om noko mykje meir interessant, og det som altså er grunnlaget for tittelen. Mobilen min starta å skape seg ein eller annan gong sist veke. Den hengte seg opp konstant. Den skrudde seg av og på, nekte å fungere og trengte like mykje energi som faren min (han et eit brød til dagen + middag +++). Det resulterte i at eg gjekk rundt å slo den i ting når den stoppa opp. Det var liksom eit forsøk på å få den i gang. Den har fått eit par skrammer. La meg berre seie det slik at eg ikkje er svært tålmodig med tekniske ting når dei ikkje fungerer.

Det var forbi. Eg måtte kjøpe meg ein ny mobil. Eg skulle gå inn i butikken, slenge mobilen min på disken litt hardarare enn nødvendig og så skulle eg seie: Eg vil gjerne bytte denne i ein mobil som virkar.

Kva skjedde? Jo, eg bestemte meg for å kjøpe ny mobil på fredag etter skulen. Eg hadde med meg ladaren og høyretelefonar. Butikken skulle få alt. Men det som skjedde var at mobilen tok til å oppføre seg normalt på fredagen. Eg gav meg ikkje. Eg minna meg sjølv på kor irriterande det var når den ikkje fungerte, og gjekk med faste skritt mot butikken.

Du forstår kanskje at dette var noko vanskeleg. Eg har nemleg ganske store problem med slike butikkar. Dette var dessutan ein kiosk, telekiosk. Kva i all verda er det liksom? Inne i slike butikkar byrjar eg gjerne å tenke at det går fint. Den er jo i orden nå. Nei, eg treng ikkje eigentleg ny mobil. Sist gong eg kjøpte ny var eg sikkart inne i butikken 3 gonger før eg kjøpte han. Eg overbeviste meg sjølv om at eg måtte tenke meg om. Særleg, eg måtte ta meg saman for å ikkje bryte saman for å kunne snakke med mobilfyren tenker eg vi seier.

Det same skjedde i denne kiosken, utanom at eg ikkje fekk sjansen til å strame meg opp. Eg overbeviste meg sjølv om at ny mobil kunne vente. Eg skulle kjøpe ny heime i staden. Der kunne eg kikke betre. Ta turen fleire gonger utan at det såg dumt ut. Dette er det som først og fremst gjekk gale:
  1. 1. Det var alt for mange menneske i kiosken. Resultat: Eg fekk sjansen til å byrje å tvile.
  2. 2. Det var eit irriterande vesen (straks stempla som irriterande bergensarjenta) framfor meg i køen som absolutt måtte ha nokon stygge øyreklokkar av akkurat det merke. Resultat: Eg merka kor mykje peiling ho hadde (IRRITERANDE), og eg visste at eg kom til å bruke lang tid sjølv.
  3. 3. Det var ei kvinne bak meg i køen. Resultat: Eg følte at eg var til bry. Eg ville sikkert bruke ei stund. Det er jo tusen spørsmål (i alle fall noko i nærleiken av 10): Kva abonnement var best? Kva kosta mobilen med dette abonnementet, kunne eg ha det gamle abonnementet, kva med nummeret, og kva for ein mobil skulle eg kjøpe?

Eg var ei gentlewoman, gjekk ut av kiosken og overlét plassen min til dama som var bak meg i køen. Ho var sikkert frå Stavanger, og ho irriterte meg eigentleg. Ho hadde ropande forklart inn i telefonen korleis ein eller annan skulle finne henne. Ho ropte akkurat som om ho ikkje hadde mobil...

Eg kasta ikkje eit siste blikk på jærbuen som faktisk stod bak disken. Eg orka ikkje. Eg gjekk. Slike butikkar burde vurdere å selje sko eller garn, eller noko slikt, i tillegg. Slik at eg kunne gå rundt i butikken å seie. Å ja, fritidsgarn, det er bra. Det tovar. Fint. Å nei, det visste du kanskje ikkje. Eg trur at viss eg berre følte meg litt overlegen ville eg hatt litt mindre angst.

(PS! Beklagar, Julia Stangeland som er brukaren av denne bloggen, kan ikkje fatte seg i kortskap, men ho kan skrive om seg sjølv i tredjeperson ;-)

tirsdag 12. mai 2009

På heimeeksamensbåten sat det ein person (meg) som ville av!

Det går fram av al. §62 1. ledd at Kari ikkje har krav på arv fordi ho er makshemma og eg bryr meg eigentleg ikkje. Eg er berre utruleg lei av å skrive heimeeksamen. Etter mi meining burde ingen få arv. Gje pengane til meg. Det er mykje smartare. Ska me ta helg? Ja, det skal vi jammen meg gjera. La oss alle saman ta helg. Eg bryr meg ikkje om nokon får arv eller om ingen gjer det. For min del kan dei leve sitt eige fattig liv, så vel som sitt eige rike liv. Det einaste vilkåret eg stillar i denne samanhengen er at dei for all del ikkje skal bry meg med problema sine. Eg anbefalar at dei tek turen til ein profesjonell advokat i staden for å bry meg. La meg berre seie det med ein gong: Eg vil ha fred. Gje meg helg! Eg orkar ikkje meir! Eg vil ha ferie. Sommarferie. Etterpå vil eg ha både jul- og påskeferie. Eg kan ta alle feriane med ein gong, og la meg berre gjere ein ting klinkande klart: Dersom noko døyr i den ferien, gjer meg ei teneste, ring nokon andre!

Dette høyres litt brutalt ut, men la meg presisere at dette er snakk om fiktive personar. Kari er ikkje ein gong ein del av oppgåva. Ho berre dukka opp i hovudet mitt i det eg fann eit sterkt behov for å uttrykke min frustrasjon over heimeeksamenen.

Eg skal snart gjere meg ferdige, redigere og så skal eg ta turen til Volda. Det er tysdag, men eg vågar å seie det likevel. Skal vi ikkje berre ta helg. Jo, det gjer vi ;-) God helg ;-D

søndag 10. mai 2009

Tankar frå mitt stille sinn

Spørsmål: Kva tyder eigentleg i mitt stille sinn?
Svar:
"sinn -et - - a el -ene tanker og følelser, lynne, vesen, sinnelag, gemytt"
Kjelde: Bokmålsordliste, Håvard Hjulstad og Lars Sødal

"Sinn refererer til aspekter av intellekt og bevissthet manifestert som kombinasjoner av tanke, sansing, hukommelse, emosjon, vilje og fantasi; sinn er strømmen av bevisstheten. Det omfatter alle av hjernens bevisste prosesser. Betegnelsen omfatter også fra tid til annen underbevisstheten eller dyrenes bevisste tanker. Sinn brukes ofte til å referere til tankeprosesser ved resonnement."
Kjelde: Wikipedia

Dette gjev heilt klart ein peikepinn, men det forklarar ikkje eigentleg uttrykket "i mitt stille sinn". Tyder det til dømes i mitt stille intellekt. Min stille tanke. Men korleis kan ein tenke i eit stille sinn?

Min heilt personlege resonnement er eigentleg at når ein tenker i sitt stille sinn så tenker ein ein dum tanke, eller ein tanke som ikkje var spesielt lur.

Spørsmål: Kvifor er eg så oppteken av dette uttrykket.

Svar: Vel, eg sa til mitt sjølv at eg tenkte i mitt stille sinn at eg skulle reise til Volda onsdag kveld, men så tinga eg likevel billettar til eit tidleg fly. Det var ikkje så lurt.

Ja, dette er jo heilt klart ein tekst med stor nytteverdi. Eg får vidare informere om ein annan tanke som heilt klart har kome frå mitt stille sinn. Eg har nemleg bestemte for å forbli ugift og einsleg resten av livet, og eg har bestemt meg for å ikkje dø. Eg har nemleg eksamen i arve- og familierett akkurat no, eg er litt lei av Torvald, Nora, Bob, Emmy (trur det var namnet), Ivar, Jill, Maria, Roger og Janne. Eigentleg så hadde det passa meg perfekt at alle berre døydde slik at arva gjekk til staten, men kjenner eg skulen min rett så ville dei vel funne på noko vilt med brødre, systre og tippoldemødre.

Ja, det var nokon tankar frå mitt stille sinn. La meg berre seie det med ein gong: i mitt stille sinn, er det veldig stilt ;-)

Lykke til på eksamen alle eksaminandar :-)

tirsdag 5. mai 2009

Svartedauen og svineinfluensa

Det kom et skip til Bjørgvin i 1349 heiter ei bok av Torill Thorstad Hauger. Dette er, som nokon av dykk sikkert veit, ei barnebok. Likevel lånte eg, som den nostalgikaren eg er når det gjeld bøker, akkurat denne boka på lydbok. Boka er vel verdt timane. Den har sine spanande parti, og dersom du er historisk interessert er dette boka for deg. Hauger har heilt klart skapt ei stemning i boka som klart får deg til å forstå korleis det verkeleg var å leve på den tida. Lett så eg ville reist tilbake til denne tida (før eller etter) svartedauden viss eg hadde hatt sjansen. Ja, sjølvsagt berre for ei lita stund.

Poenget var at eg fann ut at det kanskje ikkje akkurat var eit sjakktrekk å lese denne boka i desse svineinfluensatider. Eg såg med ein gong for meg at heile familiar døydde ut, hus stod tommme og heile kommunar døydde ut. Det var klar for ei realitetsfokusering. Pust, Julia. Det er andre tider no. Svineinfluensa vil ikkje få herje fritt i landet vårt utan at nokon forstår kvifor. Ting har gått framover. La oss berre seie at smittekjelder er oppdaga. Uansett, vil eg seie at Det kom et skip til Bjørgvin i 1349 er vel verdt å lese, men det kan vere eit tips å vente litt ;-)

NB! Fint viss de skriv kommentarar når de les innlegga mine. Det er kjekt å sjå kven som faktisk les innlegga (om det er nokon i det heile). Det er ikkje vanskeleg. Du skriv anten e-post og passord viss du har gmail, eller dei orda som kjem opp viss du no altså ikkje har gmail. Eg klarte det for å seie det sånn, så det er ikkje vanskeleg ;-)

mandag 4. mai 2009

Fordi du fortenar det

Det kan godt vere at eg ser i overkant mykje fjernsyn, men eg har sett meg grundig lei på reklamar for diverse, med stort sannsyn, ubrukelege produkt som vil gjere huden stramare, rynkene mindre, håre glattare og dei svarte prikkane mindre(?). Alt fordi du fortenar det.

Eg ser med spenning fram til den tida då det ikkje lenger finst folk med rynker, og til den tida alle har like glatt og kjedeleg hår. Det vil vere tydeleg kven av oss som aldri bruker dagkrem, nattkrem, formiddagskrem eller krem for å eit ansikt som i stort grad mindre om ansiktet til ein 3-åring. Eg spyr litt for meg sjølv (ikkje spør meg korleis det fungerar) når eg ser reklamen med ho som bruker "natten til å se bedre ut om dagen".

Det er for så vidt greitt nok med dei som er litt oppi åra som reklamerar for strykekremar (ja, ok då, rynkekremar), men det blir trass i alt for dumt med dei som ikkje kjem til å få anna enn smilerynker (dei smilar nok svært sjeldan, dei kunne jo blitt permanente) før om 20 til 30 år. Eg trur kanskje at eg skal melde meg som modell til ein slik jobb. Det er jo fantastisk når dei nærmast må legge eit slør over modellen for å få det til å sjå ekte ut. Det er sikkert ikkje kvar dag at modellane blir retusjert (eller kva det heiter) for å sjå verre ut.

Sjølv ser eg fram til å sjå ut som eg har levt eit liv når eg kjem i femtiåra. Eg ville ikkje blitt særs nøgd dersom eg såg ut som ein toåring. Dessutan så liker eg meg sjølv 100 % naturleg. Eg seier som i smothiereklamen (sikkert feilstava): "Bra, men enda mer naturlig liksom". Jodå, eg skal vere naturleg, fordi eg fortenar det :-)

torsdag 23. april 2009

Desperadoar

Det var ein tysdag ettermiddag. Eg gjekk ein tur rundt Store Lungegårdsvatn. Det var lyst og fin vêr, og eg var sikker på at ingenting galt kunne hende meg. Plutseleg vart eg i tvil.

Eg fekk med eitt kjensle av at eg var forfulgt. Bak meg kunne eg høyre pusting og pesing. Eg gjekk vidare, auka farten i håp om at personen som fulgte meg ikkje skulle legge merke til meg. Eg prøvde å gå så raskt eg kunne utan å springe. Eg kjende ein framan pust i nakken, så var han forbi, eller kanskje det var ei kvinne. Det heile gjekk svært fort.

Plutseleg merka eg ein person som kom mot meg. Dette var ein mann. Ein mann med eit fordreid raudt ansikt. Han såg meg, lata som ingenting og sprang vidare. Dette skjedde meg fleire gonger. Folk sprang etter meg, forbi meg, nesten på meg og nokon såg ut som dei rømte frå meg.

Enkelte av dei var gode skodespelarar. Dei fekk det til å sjå ut som dei slappa av. Som om nokon som spionerar kan vere avslappa. Av og til var det nokon som kom meir langsamt. Dei studerte meg liksom utan å studere. Eg ransaka hjernen min. Kva var det eigentleg eg hadde gjort? Hadde dette samanheng med alle hudcellene som hellar ville dø enn å vere saman med meg. Kva var eg mistenkt for? Eg våga ikkje å spørje.

La meg berre seie det sånn, eg er utruleg glad for at eg ikkje er ein paranoid person. Hadde eg vore det, ville eg nok blitt litt redd med alle dei som stadig kjem springande etter deg når du er ute og går tur. Sjølv kallar dei seg joggarar. I mi verd er dei desperadoar ;-)

Krigen mot hybelkaninane

Eg vil ikkje påstå at hybelvasking er det same som å drive krig. Eg meiner eg har lese både om Max Manus, Gunnar Sønsteby, ein spion innanfor Hitler rike, festung Norvegen og Måløy, og det finst nok ingen som har høyrt om Sofie og Katrine fleire gonger enn meg. Likevel har eg tru på at det er fleire likskapstrekk.

På mange måtar er hybelvasking verre enn krig. Ikkje at eg vil påstå at krig er ein bra ting, men der er det i alle fall ofte nokon som vinn, i det minste nokon slag. Når det gjeld støvtørking er det berre ein stor tapar, meg. Eg meiner, kvar kjem støvet frå? Eg veit at det stort sett er døde hudcellar eller noko i den duren, men er vel ikkje så fråstøtande at hudcellene mine konstant kjenner eit behov for å dø, eller.

Ja, i dag vaska eg altså hybelen min. Eg gjekk ut ein liten tur, og når eg kom inn igjen kunne eg allereie skimte eit lite støvlag på ein svart bakgrunn. Kven var det som var død denne gongen? Min teori ligg i at støvet ser kva som kjem. Då trasser det tyngdekrafta og festar seg i taket. Dei ler av meg medan eg trassig går til angrep, og straks eg lukkar ei dør hopper det ned igjen.

Slik elles så trur eg at eg skal byrje å setje av pengar til parykk. Det er eit mysterium for meg at eg framleis har hår på hovudet. Det strir, etter mi meining, mot all fornuft og alle matematiske og fysiologiske teoriar. Eg meiner, kvar gong etter at eg har dusja har eg mista eit tjuetals (ikkje at eg har telt dei), elles ligg dei i senga, på gulvet, kort sagt over alt.

Etter ei stund er det som om den døde delen av meg prøver å overta hybelen min. Dei har danna små gjengar, og kallar seg hybelkaninar. Så byrjar krigføring. Eg finn bøtta. Dei hoppar opp i taket. Eg fyllar bøtta med vatn og såpe og finn fram ein klut. Dei gjer sitt beste for å ta knekken på meg. Dei har til og med gått til angrep mot støvsugaren min. I dag då eg skrudda han på, velta det støv ut av han. Eg hosta, harka og såg nesten livet passere i revy.

Eg har ikkje akkurat støv på hjernen (sjølv om det vel berre er eit tidsspørsmål før den smuldrar opp og slår seg saman med hudcellene mine), men det ville vore fint om eg av og til kunne få kjensla av og i det minste ha vunne slaget.

onsdag 22. april 2009

VELKOMMEN! :-)

Takka vere Karen (og Kristine) har eg no laga min eigen blogg. Han ser litt halvferdig ut, syns eg, men det er trass i alt snakk om meg her. La meg berre seie at eg ikkje har særleg utdanning i data.

Du lurer kanskje på kva som er greia med tittelen. Historia bak ligg i uttrykket "ein god lattar forlengar livet". Eg ynskjer at bloggen skal vere ein stad der det er mogleg å få seg ein god lattar, i alle fall av og til. Her kjem "unntaksvis" inn. Det skal med andre ord vere mogleg å få forlenge livet med ein god lattar, med nokon unntak :-)

La oss berre håpe at det ikkje blir i overkanten latterleg.

Ja, og beklagar bilete, men eg er tydelegvis ikkje særleg fotogen. Gjorde divere leiting utan særleg hell. Eg såg derimot litt betre ut før, håper og trur eg.

Eg kjem tilbake når eg har noko å skrive om :-)