tirsdag 25. august 2009

Livet mitt i punkter

Har tenkt å prøve ein ny vri. Eg skal her kort og konsist (ikkje heilt kanskje, men ganske så bra) gjere greie for dagen i dag og tidlegare dagar (ikkje heile dagane).

Eg:
- oppdaga at eg kan skilje Massey Ferguson frå andre traktorar. Det er koseleg å sjå og høyre traktorar.
- vil råde alle til å legge fram handkle når dei dusjar (spesielt når handkledet ikkje blir oppbevarte på badet).
- har laga ein hengar i kledeskapet mitt der eg har treningsklede. Eg har gått rundt Rotevatn i dag, og spasering har eg ambisjonar om å halde fram med.
- syns det er festleg at folk frå Volda (i alle fall den eine lærarane min) seier sjøbud (med d-en inkludert). Det høyres litt dumt ut.
- har høyrt ein fantastisk radiodokumentar om Bømlos lille Beirut. Den var hylandes festleg, og eg trur den kan høyrast viss du googler han.
- fann i går ut at det kunne vere greit å ha strikketøyet med på skulen (vi høyrte radiodokumuntaren som varte om lag ein halv time).
- har strikka om lag 60 omgangar på skulen i dag (den eine læraren sa repeterte alt han sa fleire gonger, og dessutan var alt berre info).
- har lese 4 kapittel i journalistboka (éi av journalistbøkene).
- fekk bolle, kanelar i svingane og havreflern i posten i dag. Takk, Karen (les meir på: http://www.aussies-kk.blogspot.com/).
- skal bake saobkaga (surmjølkskake) i morgon etter/mellom pensumlesinga. Kaka skal eg dele med klassen min på torsdag.
- har møtt ho som eg delar kjøkken med. Ho er triveleg.
- har byrja eit nytt og betre liv med å sjå og høyre nyheiter. I går høyrte eg Her og Nå, såg Dagsnytt 18 og Dagsrevyen og tinga abonnement på to aviser. Mitt mål er å blir like god som læraren min i samfunnskunnskap i 3. klasse. Det blir ei utfordring.
- skal skrive ein nyheitsartikkelting innan onsdag neste veke. Tips blir motteke med takk, men ikkje med pengar.
- har velt radio som spesialisering. Eg hadde eigentleg tenkt avis dette året og radio neste år, men bytta fordi det var mange på avis. Lærarsmiskinga er igang, neidå.
- har ei fantastisk båsbytte, éi korg til sokkar, éi til strømpebuksar og éi til nøklar og liknande. Det tyder mykje for meg å ha dette (denne er litt intern, les kommentarane til førre innlegg).
- syns Volda er flott.
- syns eg har blitt kjent med mange flotte folk.
- merkar at vêret er skiftande her som alle andre stader på vestlandet, men det gjer ingenting.
- har meldt meg inn i både studentradioen og studentavisa.
- lurer på kva den kvite flekken i håret til radiolæraren er. Det skal eg finne ut. Bra at eg velde radio.
- byrjer å blir svært usakleg, men på den andre sida vil lærarane at vi skal vere nyfikne.
- håper at du har det bra, for det har nemleg eg :-)

4 kommentarer:

  1. Hehe, det med håndkleet har eg og gløymt oppte fleire gonger:)

    -Elida

    SvarSlett
  2. He du en tidsmaskin elle noge? Koss i HULESTE får du ti te alt dette? Å nå ska du gjesteblogga sjå meg å Kristine ao... Æg følte meg dridgoe når æg endelikt (itte nogen måna + sommerferien) klarte å senda tebage bage-boksen mæ innhold. Dæ æ bare en ting å sei, (å æg æ ikkje den fysste så seie dæ): Julïa, du tæge kagå!! :)

    SvarSlett
  3. Eg rekne med du meine sk-klassen du var en del av dei første vegene? hehe. Håbe du he det fint, hørres ud som det. Klem Marie.

    SvarSlett