søndag 11. oktober 2009

Stressa balljente

Har du sett dei små jentene og gutane som er trufaste ballhentarar under landskampar, og sikkert andre fotballkamper for den saks skuld. Eg skulle på ein måte ynskje at eg var ein av desse ballhentarane. Det er kanskje ikkje den mest meiningsfulle jobben ein kan ha, men den er konkret, enkel og utføre og dessutan så har dei berre éin - 1 - einaste ball å halde styr på.

Eg derimot har kasta alt for mange ballar opp i lufta, og, la meg seie det enkelt, eg er best utan ball. Eg er håplaus på fotballbanen, katastorfal på volleyballbanen og totalt håplaus når det kjem til jonglering (ser i ordliste for å kontrollere stavinga). Ordet står ikkje i ordlista. Undersøker på nettet. Verdsveven fortel meg noko tvitydig at ordet blir stava med ein s: sjonglering. Sjølvsagt. Dette understrekar berre at det ikkje er noko for meg.

Problemet mitt er altså at eg har kasta litt mange ballar opp i lufta, og at eg no har store problem med å ta i mot dei. Kanskje har du sett maskinar som spyr ut tennisballar. Dette er ein øvingsmaskin, og personen som står framfor han har ein racket og trenar. Vedkomande trenar på å treffe flest mogeleg ballar. Eg står framfor ein slik maskin - men eg har ingen racket. Eg har berre byrjande blåmerke og store sår. Har eg nemnt at slike ballar blir ekstra harde når dei har god fart (trekk fram det du lærte på glattkøyringskurset. Ei usikra flaske med vatn i kan ta livet av ein stakkar dersom ein krasjar i 70 km/t).

Så lurer du vel på kva som er så travelt. Jo, det er sudentradioen, både jobbinga med programmet og styreverv. Og så er eg med i fagutvalet (fint namn på elevråd) der eg sist gong sjølvsagt fekk skrive referatet, som om eg ikkje hadde nok å gjere utanom. I tillegg har vi oppgåver å skrive, og for å toppe det heile har vi sjølvsagt pensum å lese. Vi har ikkje éi bok, nei, vi har ørten bøker. Så viss du syns det var lenge sidan sist, så har du heilt rett. Vi hadde lesetrening for radio. Læraren sa at eg las så fort at eg så vidt uttalte orda før dei var forbi. Slik er det med vekene òg. Eg har så vidt kome til mån, før det er -redag.

Å ver så snill, ikkje trøyst meg med at det snart er juleferie, for før juleferien er det tre eksamenar, og den eine eksamenen går ut på at eg skal kunne administrere ein heil del tekniske ting.

Sjå føre deg ei jente bak eit fotballmål klar til å ta i mot ballen som går over mål. Det er ein lett jobb. Det som ikkje er fult så lett er når alle dei 10 utespelarane finn ut at dei skal score samtidig, og, på toppen av det heile, finn alle dei 10 andre spelarane ut at dei skal score sjølvmål. Ingen av dei treff målet, og der stod eg. No ligg eg på bakken. Eg er ei stressa balljente.

SLUTT!

NB! Eg vil berre meddele at noko av det eg gjer er veldig kjekt sjølv om det er travelt. Eg har det mykje kjekkare enn på jussen. Det er òg verd å nemne at noko av det kanskje er ein tanke overdrive ;-)

4 kommentarer:

  1. Snart sommerferi...:D:D:D Du æ flinke så får ti te å legga inn et innlegg ao då, dæ klare ikkje æg, men dæ æ bare av latskap;) (å for dæ ikkje skjer noge spes i Trondheim, æ kje så jilt å fylla mæ på kæ matten å fysikken min går ud på;))

    Å før dei tri eksamenane dine så ska du jo kome te Trondheim!!! :D:D:D Du får sjå fram te dæ (å ikkje tenk på tiå ittepå, for då må du jo ta igjen alt du gjekk glipp av i helgå.... hehehe)

    SvarSlett
  2. Ja, æg ser fram te Trondheim for då he æg fått onna nogen oppgava :-) Dessuten så sga æg heim den helgå så kjæme. Tog mæg spontantur, og for å vege opp for dei litt dyre billettane sgo æg gjær mæg glae mæ å bestilla billettane te jul. Men dei va liga dyre, og fleire fly va fodle. Fantastisk teit! Stress at me bare he et reisealternativ. Æg gidde ikkje ta bussen te Ålesund for å ta flye, og æg vil jaffal ikkje ta buss i 12 tima.

    SvarSlett
  3. Digge å læsa innleggå dine Julia! you know how to do it!:) hadde alle skreve som deg, sko eg lett blitt some kind of norsklærar for å få lesa alt dette, ikkje at eg som lærar hadde klart å motivert/lært elevane til slikt noko..ehh kanskje eg bare sko blitt " eg rette tekstane assistent", det kunne vore fint det. eller ved nærmare ittetanke, kanskje eg bare ska holda meg te å lesa det du skrive og sei meg nøgd med det:)
    -Kristine- overogut

    SvarSlett
  4. Takk, Kristine! :-) Du gjer mæg håb om at den nesta vegå ikkje blir så galen alligavel :-)

    SvarSlett