torsdag 23. april 2009

Desperadoar

Det var ein tysdag ettermiddag. Eg gjekk ein tur rundt Store Lungegårdsvatn. Det var lyst og fin vêr, og eg var sikker på at ingenting galt kunne hende meg. Plutseleg vart eg i tvil.

Eg fekk med eitt kjensle av at eg var forfulgt. Bak meg kunne eg høyre pusting og pesing. Eg gjekk vidare, auka farten i håp om at personen som fulgte meg ikkje skulle legge merke til meg. Eg prøvde å gå så raskt eg kunne utan å springe. Eg kjende ein framan pust i nakken, så var han forbi, eller kanskje det var ei kvinne. Det heile gjekk svært fort.

Plutseleg merka eg ein person som kom mot meg. Dette var ein mann. Ein mann med eit fordreid raudt ansikt. Han såg meg, lata som ingenting og sprang vidare. Dette skjedde meg fleire gonger. Folk sprang etter meg, forbi meg, nesten på meg og nokon såg ut som dei rømte frå meg.

Enkelte av dei var gode skodespelarar. Dei fekk det til å sjå ut som dei slappa av. Som om nokon som spionerar kan vere avslappa. Av og til var det nokon som kom meir langsamt. Dei studerte meg liksom utan å studere. Eg ransaka hjernen min. Kva var det eigentleg eg hadde gjort? Hadde dette samanheng med alle hudcellene som hellar ville dø enn å vere saman med meg. Kva var eg mistenkt for? Eg våga ikkje å spørje.

La meg berre seie det sånn, eg er utruleg glad for at eg ikkje er ein paranoid person. Hadde eg vore det, ville eg nok blitt litt redd med alle dei som stadig kjem springande etter deg når du er ute og går tur. Sjølv kallar dei seg joggarar. I mi verd er dei desperadoar ;-)

Krigen mot hybelkaninane

Eg vil ikkje påstå at hybelvasking er det same som å drive krig. Eg meiner eg har lese både om Max Manus, Gunnar Sønsteby, ein spion innanfor Hitler rike, festung Norvegen og Måløy, og det finst nok ingen som har høyrt om Sofie og Katrine fleire gonger enn meg. Likevel har eg tru på at det er fleire likskapstrekk.

På mange måtar er hybelvasking verre enn krig. Ikkje at eg vil påstå at krig er ein bra ting, men der er det i alle fall ofte nokon som vinn, i det minste nokon slag. Når det gjeld støvtørking er det berre ein stor tapar, meg. Eg meiner, kvar kjem støvet frå? Eg veit at det stort sett er døde hudcellar eller noko i den duren, men er vel ikkje så fråstøtande at hudcellene mine konstant kjenner eit behov for å dø, eller.

Ja, i dag vaska eg altså hybelen min. Eg gjekk ut ein liten tur, og når eg kom inn igjen kunne eg allereie skimte eit lite støvlag på ein svart bakgrunn. Kven var det som var død denne gongen? Min teori ligg i at støvet ser kva som kjem. Då trasser det tyngdekrafta og festar seg i taket. Dei ler av meg medan eg trassig går til angrep, og straks eg lukkar ei dør hopper det ned igjen.

Slik elles så trur eg at eg skal byrje å setje av pengar til parykk. Det er eit mysterium for meg at eg framleis har hår på hovudet. Det strir, etter mi meining, mot all fornuft og alle matematiske og fysiologiske teoriar. Eg meiner, kvar gong etter at eg har dusja har eg mista eit tjuetals (ikkje at eg har telt dei), elles ligg dei i senga, på gulvet, kort sagt over alt.

Etter ei stund er det som om den døde delen av meg prøver å overta hybelen min. Dei har danna små gjengar, og kallar seg hybelkaninar. Så byrjar krigføring. Eg finn bøtta. Dei hoppar opp i taket. Eg fyllar bøtta med vatn og såpe og finn fram ein klut. Dei gjer sitt beste for å ta knekken på meg. Dei har til og med gått til angrep mot støvsugaren min. I dag då eg skrudda han på, velta det støv ut av han. Eg hosta, harka og såg nesten livet passere i revy.

Eg har ikkje akkurat støv på hjernen (sjølv om det vel berre er eit tidsspørsmål før den smuldrar opp og slår seg saman med hudcellene mine), men det ville vore fint om eg av og til kunne få kjensla av og i det minste ha vunne slaget.

onsdag 22. april 2009

VELKOMMEN! :-)

Takka vere Karen (og Kristine) har eg no laga min eigen blogg. Han ser litt halvferdig ut, syns eg, men det er trass i alt snakk om meg her. La meg berre seie at eg ikkje har særleg utdanning i data.

Du lurer kanskje på kva som er greia med tittelen. Historia bak ligg i uttrykket "ein god lattar forlengar livet". Eg ynskjer at bloggen skal vere ein stad der det er mogleg å få seg ein god lattar, i alle fall av og til. Her kjem "unntaksvis" inn. Det skal med andre ord vere mogleg å få forlenge livet med ein god lattar, med nokon unntak :-)

La oss berre håpe at det ikkje blir i overkanten latterleg.

Ja, og beklagar bilete, men eg er tydelegvis ikkje særleg fotogen. Gjorde divere leiting utan særleg hell. Eg såg derimot litt betre ut før, håper og trur eg.

Eg kjem tilbake når eg har noko å skrive om :-)