onsdag 22. april 2009

VELKOMMEN! :-)

Takka vere Karen (og Kristine) har eg no laga min eigen blogg. Han ser litt halvferdig ut, syns eg, men det er trass i alt snakk om meg her. La meg berre seie at eg ikkje har særleg utdanning i data.

Du lurer kanskje på kva som er greia med tittelen. Historia bak ligg i uttrykket "ein god lattar forlengar livet". Eg ynskjer at bloggen skal vere ein stad der det er mogleg å få seg ein god lattar, i alle fall av og til. Her kjem "unntaksvis" inn. Det skal med andre ord vere mogleg å få forlenge livet med ein god lattar, med nokon unntak :-)

La oss berre håpe at det ikkje blir i overkanten latterleg.

Ja, og beklagar bilete, men eg er tydelegvis ikkje særleg fotogen. Gjorde divere leiting utan særleg hell. Eg såg derimot litt betre ut før, håper og trur eg.

Eg kjem tilbake når eg har noko å skrive om :-)

1 kommentar:

  1. KONGE!! :):) Glede meg te å læ meg i hel (kor vart dæ av livsforlengingå?) Men for å skriva dæ du skrive te meg: Dæ trengs en oppdatering!!! ;) Glede meg te den, Karen:)

    SvarSlett