torsdag 23. april 2009

Desperadoar

Det var ein tysdag ettermiddag. Eg gjekk ein tur rundt Store Lungegårdsvatn. Det var lyst og fin vêr, og eg var sikker på at ingenting galt kunne hende meg. Plutseleg vart eg i tvil.

Eg fekk med eitt kjensle av at eg var forfulgt. Bak meg kunne eg høyre pusting og pesing. Eg gjekk vidare, auka farten i håp om at personen som fulgte meg ikkje skulle legge merke til meg. Eg prøvde å gå så raskt eg kunne utan å springe. Eg kjende ein framan pust i nakken, så var han forbi, eller kanskje det var ei kvinne. Det heile gjekk svært fort.

Plutseleg merka eg ein person som kom mot meg. Dette var ein mann. Ein mann med eit fordreid raudt ansikt. Han såg meg, lata som ingenting og sprang vidare. Dette skjedde meg fleire gonger. Folk sprang etter meg, forbi meg, nesten på meg og nokon såg ut som dei rømte frå meg.

Enkelte av dei var gode skodespelarar. Dei fekk det til å sjå ut som dei slappa av. Som om nokon som spionerar kan vere avslappa. Av og til var det nokon som kom meir langsamt. Dei studerte meg liksom utan å studere. Eg ransaka hjernen min. Kva var det eigentleg eg hadde gjort? Hadde dette samanheng med alle hudcellene som hellar ville dø enn å vere saman med meg. Kva var eg mistenkt for? Eg våga ikkje å spørje.

La meg berre seie det sånn, eg er utruleg glad for at eg ikkje er ein paranoid person. Hadde eg vore det, ville eg nok blitt litt redd med alle dei som stadig kjem springande etter deg når du er ute og går tur. Sjølv kallar dei seg joggarar. I mi verd er dei desperadoar ;-)

2 kommentarer:

  1. Hahaha! Konge innlegg, likte spesielt den delen der du seie hjernen din snart smuldre opp å joine hudcellene dine (i dæ fyssta innlegge) ;) Den delen såg æg klart for meg;P Men dæ va vilt så produktive du va då, æg fatte meir å meir keffor du he blitt "Julia å kinesarane";)
    -Karen

    SvarSlett
  2. *Kremt* Bare som et lide hint: Te å mæ æg he klart å oppdatera nå;P
    -Karen;)

    SvarSlett