torsdag 29. oktober 2009

Mangfald

Dette er det første kåseriet som eg skreiv, og leste opp i vekaradioen. Det neste vil bli sendt på voldastudentradio.no på fredag mellom kl. 16 og 17. Det vil bli lagt ut her over helga. Wow, dette blei veldig proft og profesjonelt som om eg er ein av lærarane på skulen her. Ho bloggar førelesingsnotatene sine. Ho om det. Her er det altså. Ein del av mangfaldet (mangfald er temaet).

”Kan æg hjelpa dæg mæ noge?” Det var ein liten unge som spurte meg. Ungen var sikkert akkurat konfirmert og stod no framfor meg med ei veslevaksen mine klar til å yte meg den sørvisen eg trengte. Eg hadde akkurat gått inn i verdas verste butikk, i alle fall etter min målestokk. Eg følte det som om eg var naken med ei stor tatovering der det stod: ”Digitalt tilbakeståande. Ho godtar alt du seier.” Eg skulle kjøpe meg ein datamaskin. Desse butikkane var og er det verste eg veit. Det blei ikkje hakke betre av at det var ein liten unge som skulle selje meg vedunderet. Eg hadde mest lyst til å spørje han kva han hugsa frå OL på Lillehammer i 1994, men sidan det ikkje er stort eg heller hugsa let eg det vere.
Eg la i staden fram ærendet mitt. Eg skulle ha ein datamaskin. Den skulle brukast til skulearbeid, og eg ville ha eit godt minne. Ungen trengte om lag 10 sekund på å finne fram den maskinen som sikkert var så god at han omtrent var skapt til meg og mitt formål. Han gjekk i gang med å spørje meg om eg trengte dette eller hint. Eg har registret at microsoft office og virusprogram er nyttig å ha så eg takka ja til dette. Så spurte han meg om eg trengte eit eller anna ord som eg ikkje forstod. Eg nølte. Eg hadde lyst til å spørje om han kunne oversette til gresk, men takka i plassen nei til tilbodet. Eg la med eit tynt smil til at det trudde eg ikkje at eg hadde bruk for. Eg prøvde iherdig å late som eg forstod kva han meinte. Eg tviler på at han trudde meg.
Det at nokon kan noko som du ikkje kan er mangfaldets skuggeside. Slår du opp i ei ordbok vil du finne at mangfald er det same som stor variasjon. Det vil igjen seie stor variasjon i kunnskap, interesser og ferdigheiter. Det store mangfaldet er grunnen til at eg aldri skal skaffe meg skytevåpen. Eg ville skote alt elektroniske utstyr viss det som mykje som prøvde å bli øydelagt. Den store variasjonen i interesser har ansvaret for at syster mi blir sur når Start tapar, og at eg blir dritforbanna når det er fotballkamp på fjernsynet. Har nokon av dykk hatt lyst til å grave eit hol i bakken når gymlæraren entusiastisk annonserte at kuper-testen stod på programmet? Eller er du kanskje ein av dei som elskar og springe, og som på grunn av dine ferdigheiter at du framleis såg utkvilt ut då du kom i mål? Uansett kan me vel vere einige om at mangfald er bra. Det er fint at det finst menneske som fiksar datamaskinen din når den blir øydelagt heilt av seg sjølv, men ikkje spør meg om TBF-en er øydelagt eller om eg har ram og gigabyte på maskinen. Då kan du nemleg komme til å få høyre eit mangfald av sinte ord.

søndag 11. oktober 2009

Huset mitt (til venstre)

1. Studio 2 og 2. Teknikkerrom :-)


1. Rotsethornet og 2. Utsikt til Folkestad :-)


Stressa balljente

Har du sett dei små jentene og gutane som er trufaste ballhentarar under landskampar, og sikkert andre fotballkamper for den saks skuld. Eg skulle på ein måte ynskje at eg var ein av desse ballhentarane. Det er kanskje ikkje den mest meiningsfulle jobben ein kan ha, men den er konkret, enkel og utføre og dessutan så har dei berre éin - 1 - einaste ball å halde styr på.

Eg derimot har kasta alt for mange ballar opp i lufta, og, la meg seie det enkelt, eg er best utan ball. Eg er håplaus på fotballbanen, katastorfal på volleyballbanen og totalt håplaus når det kjem til jonglering (ser i ordliste for å kontrollere stavinga). Ordet står ikkje i ordlista. Undersøker på nettet. Verdsveven fortel meg noko tvitydig at ordet blir stava med ein s: sjonglering. Sjølvsagt. Dette understrekar berre at det ikkje er noko for meg.

Problemet mitt er altså at eg har kasta litt mange ballar opp i lufta, og at eg no har store problem med å ta i mot dei. Kanskje har du sett maskinar som spyr ut tennisballar. Dette er ein øvingsmaskin, og personen som står framfor han har ein racket og trenar. Vedkomande trenar på å treffe flest mogeleg ballar. Eg står framfor ein slik maskin - men eg har ingen racket. Eg har berre byrjande blåmerke og store sår. Har eg nemnt at slike ballar blir ekstra harde når dei har god fart (trekk fram det du lærte på glattkøyringskurset. Ei usikra flaske med vatn i kan ta livet av ein stakkar dersom ein krasjar i 70 km/t).

Så lurer du vel på kva som er så travelt. Jo, det er sudentradioen, både jobbinga med programmet og styreverv. Og så er eg med i fagutvalet (fint namn på elevråd) der eg sist gong sjølvsagt fekk skrive referatet, som om eg ikkje hadde nok å gjere utanom. I tillegg har vi oppgåver å skrive, og for å toppe det heile har vi sjølvsagt pensum å lese. Vi har ikkje éi bok, nei, vi har ørten bøker. Så viss du syns det var lenge sidan sist, så har du heilt rett. Vi hadde lesetrening for radio. Læraren sa at eg las så fort at eg så vidt uttalte orda før dei var forbi. Slik er det med vekene òg. Eg har så vidt kome til mån, før det er -redag.

Å ver så snill, ikkje trøyst meg med at det snart er juleferie, for før juleferien er det tre eksamenar, og den eine eksamenen går ut på at eg skal kunne administrere ein heil del tekniske ting.

Sjå føre deg ei jente bak eit fotballmål klar til å ta i mot ballen som går over mål. Det er ein lett jobb. Det som ikkje er fult så lett er når alle dei 10 utespelarane finn ut at dei skal score samtidig, og, på toppen av det heile, finn alle dei 10 andre spelarane ut at dei skal score sjølvmål. Ingen av dei treff målet, og der stod eg. No ligg eg på bakken. Eg er ei stressa balljente.

SLUTT!

NB! Eg vil berre meddele at noko av det eg gjer er veldig kjekt sjølv om det er travelt. Eg har det mykje kjekkare enn på jussen. Det er òg verd å nemne at noko av det kanskje er ein tanke overdrive ;-)