tirsdag 26. mai 2009

Verd eit forsøk

Har du ein dårleg dag? Føler du at du ikkje har utretta noko på lenge, og er sjølvkjensla på botn?

Då har eg eit forslag til deg: Bak ei kake og legg den i ein boks, eller liknande, der den verkeleg viser. Ta så denne med deg til ein stad der det går mykje folk (til dømes sentrum av ein by). Då vil du få mykje positiv merksemd.

Eg bakte kake til arbeidsgruppa mi i dag, og på min ferd gjennom sentrum fekk eg nokon ekstra blikk og mange smil. Det var som om dei tenkte:
- hm, ho er jo verkeleg eit godt menneske (og det er jo sant). Ho tek med seg kake til nokon.
- skulle ynskje at ho var min ven (ja, dei skal berre vite kva dei går glipp av).

Du treng ikkje ein gong dele kaka med nokon. Du kan ta henne med deg heim att, og ete den opp sjølv.

NB! Dersom du bakar ei veldig stor kake som du et opp åleine, kan du risikera at du aldri vil klare å ete ei slik kake igjen. Du får sjølv måle risikoen opp mot fortenesta.

NB2! Det er sant det dei seier: Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad. Og, ting blir betre av å delast. Kaka mi var i alle fall fanpigadetastisk, i all ubeskjedenhet.

Lykke til på eksamen de som driv med det. Ikkje gløym at det er andre ting enn bokstavar frå A til F som definerar deg som menneske. Du er verdifull i eigenskap av å vere til. Det var dagens vesle visdomsord :-)

søndag 24. mai 2009

Angst

Då var det ei lita stund sidan sist. Det skuldast ikkje akkurat eksamenslesing, dessverre. Sidan eg likevel har bestemt meg for å slutte, tek eg ikkje lesinga så tungt. Det eg derimot har vore oppteken av er å fullføre dei x antal pip eg har laga. Pip står for det eg har laga, men det eg har laga kan eg ikkje skrive namnet på fordi det skal vere gåver.

No har eg byrja på noko nytt. Eg har laga to tøfler (men ikkje eit par. Eg har ein av kvar som skal bli eit par når eg har strikka make til dei.) og er i gang med ei taske. Dette blir jo klart ein interessant blogg. Slik blir samtalen:

- Kva les du?
- Ein blogg som venninna mi har skrive.
- Å, kva handlar den om?
- Akkurat no er det om kva ho har strikka i det siste, som ho ikkje ein gong vil seie.
- Det høyres kjedeleg ut.
- Mhm!
- Kvifor gidd du å vere ven med henne?
- Det byrjar eg òg å lure på.

Eg skal no gå over til å snakke om noko mykje meir interessant, og det som altså er grunnlaget for tittelen. Mobilen min starta å skape seg ein eller annan gong sist veke. Den hengte seg opp konstant. Den skrudde seg av og på, nekte å fungere og trengte like mykje energi som faren min (han et eit brød til dagen + middag +++). Det resulterte i at eg gjekk rundt å slo den i ting når den stoppa opp. Det var liksom eit forsøk på å få den i gang. Den har fått eit par skrammer. La meg berre seie det slik at eg ikkje er svært tålmodig med tekniske ting når dei ikkje fungerer.

Det var forbi. Eg måtte kjøpe meg ein ny mobil. Eg skulle gå inn i butikken, slenge mobilen min på disken litt hardarare enn nødvendig og så skulle eg seie: Eg vil gjerne bytte denne i ein mobil som virkar.

Kva skjedde? Jo, eg bestemte meg for å kjøpe ny mobil på fredag etter skulen. Eg hadde med meg ladaren og høyretelefonar. Butikken skulle få alt. Men det som skjedde var at mobilen tok til å oppføre seg normalt på fredagen. Eg gav meg ikkje. Eg minna meg sjølv på kor irriterande det var når den ikkje fungerte, og gjekk med faste skritt mot butikken.

Du forstår kanskje at dette var noko vanskeleg. Eg har nemleg ganske store problem med slike butikkar. Dette var dessutan ein kiosk, telekiosk. Kva i all verda er det liksom? Inne i slike butikkar byrjar eg gjerne å tenke at det går fint. Den er jo i orden nå. Nei, eg treng ikkje eigentleg ny mobil. Sist gong eg kjøpte ny var eg sikkart inne i butikken 3 gonger før eg kjøpte han. Eg overbeviste meg sjølv om at eg måtte tenke meg om. Særleg, eg måtte ta meg saman for å ikkje bryte saman for å kunne snakke med mobilfyren tenker eg vi seier.

Det same skjedde i denne kiosken, utanom at eg ikkje fekk sjansen til å strame meg opp. Eg overbeviste meg sjølv om at ny mobil kunne vente. Eg skulle kjøpe ny heime i staden. Der kunne eg kikke betre. Ta turen fleire gonger utan at det såg dumt ut. Dette er det som først og fremst gjekk gale:
  1. 1. Det var alt for mange menneske i kiosken. Resultat: Eg fekk sjansen til å byrje å tvile.
  2. 2. Det var eit irriterande vesen (straks stempla som irriterande bergensarjenta) framfor meg i køen som absolutt måtte ha nokon stygge øyreklokkar av akkurat det merke. Resultat: Eg merka kor mykje peiling ho hadde (IRRITERANDE), og eg visste at eg kom til å bruke lang tid sjølv.
  3. 3. Det var ei kvinne bak meg i køen. Resultat: Eg følte at eg var til bry. Eg ville sikkert bruke ei stund. Det er jo tusen spørsmål (i alle fall noko i nærleiken av 10): Kva abonnement var best? Kva kosta mobilen med dette abonnementet, kunne eg ha det gamle abonnementet, kva med nummeret, og kva for ein mobil skulle eg kjøpe?

Eg var ei gentlewoman, gjekk ut av kiosken og overlét plassen min til dama som var bak meg i køen. Ho var sikkert frå Stavanger, og ho irriterte meg eigentleg. Ho hadde ropande forklart inn i telefonen korleis ein eller annan skulle finne henne. Ho ropte akkurat som om ho ikkje hadde mobil...

Eg kasta ikkje eit siste blikk på jærbuen som faktisk stod bak disken. Eg orka ikkje. Eg gjekk. Slike butikkar burde vurdere å selje sko eller garn, eller noko slikt, i tillegg. Slik at eg kunne gå rundt i butikken å seie. Å ja, fritidsgarn, det er bra. Det tovar. Fint. Å nei, det visste du kanskje ikkje. Eg trur at viss eg berre følte meg litt overlegen ville eg hatt litt mindre angst.

(PS! Beklagar, Julia Stangeland som er brukaren av denne bloggen, kan ikkje fatte seg i kortskap, men ho kan skrive om seg sjølv i tredjeperson ;-)

tirsdag 12. mai 2009

På heimeeksamensbåten sat det ein person (meg) som ville av!

Det går fram av al. §62 1. ledd at Kari ikkje har krav på arv fordi ho er makshemma og eg bryr meg eigentleg ikkje. Eg er berre utruleg lei av å skrive heimeeksamen. Etter mi meining burde ingen få arv. Gje pengane til meg. Det er mykje smartare. Ska me ta helg? Ja, det skal vi jammen meg gjera. La oss alle saman ta helg. Eg bryr meg ikkje om nokon får arv eller om ingen gjer det. For min del kan dei leve sitt eige fattig liv, så vel som sitt eige rike liv. Det einaste vilkåret eg stillar i denne samanhengen er at dei for all del ikkje skal bry meg med problema sine. Eg anbefalar at dei tek turen til ein profesjonell advokat i staden for å bry meg. La meg berre seie det med ein gong: Eg vil ha fred. Gje meg helg! Eg orkar ikkje meir! Eg vil ha ferie. Sommarferie. Etterpå vil eg ha både jul- og påskeferie. Eg kan ta alle feriane med ein gong, og la meg berre gjere ein ting klinkande klart: Dersom noko døyr i den ferien, gjer meg ei teneste, ring nokon andre!

Dette høyres litt brutalt ut, men la meg presisere at dette er snakk om fiktive personar. Kari er ikkje ein gong ein del av oppgåva. Ho berre dukka opp i hovudet mitt i det eg fann eit sterkt behov for å uttrykke min frustrasjon over heimeeksamenen.

Eg skal snart gjere meg ferdige, redigere og så skal eg ta turen til Volda. Det er tysdag, men eg vågar å seie det likevel. Skal vi ikkje berre ta helg. Jo, det gjer vi ;-) God helg ;-D

søndag 10. mai 2009

Tankar frå mitt stille sinn

Spørsmål: Kva tyder eigentleg i mitt stille sinn?
Svar:
"sinn -et - - a el -ene tanker og følelser, lynne, vesen, sinnelag, gemytt"
Kjelde: Bokmålsordliste, Håvard Hjulstad og Lars Sødal

"Sinn refererer til aspekter av intellekt og bevissthet manifestert som kombinasjoner av tanke, sansing, hukommelse, emosjon, vilje og fantasi; sinn er strømmen av bevisstheten. Det omfatter alle av hjernens bevisste prosesser. Betegnelsen omfatter også fra tid til annen underbevisstheten eller dyrenes bevisste tanker. Sinn brukes ofte til å referere til tankeprosesser ved resonnement."
Kjelde: Wikipedia

Dette gjev heilt klart ein peikepinn, men det forklarar ikkje eigentleg uttrykket "i mitt stille sinn". Tyder det til dømes i mitt stille intellekt. Min stille tanke. Men korleis kan ein tenke i eit stille sinn?

Min heilt personlege resonnement er eigentleg at når ein tenker i sitt stille sinn så tenker ein ein dum tanke, eller ein tanke som ikkje var spesielt lur.

Spørsmål: Kvifor er eg så oppteken av dette uttrykket.

Svar: Vel, eg sa til mitt sjølv at eg tenkte i mitt stille sinn at eg skulle reise til Volda onsdag kveld, men så tinga eg likevel billettar til eit tidleg fly. Det var ikkje så lurt.

Ja, dette er jo heilt klart ein tekst med stor nytteverdi. Eg får vidare informere om ein annan tanke som heilt klart har kome frå mitt stille sinn. Eg har nemleg bestemte for å forbli ugift og einsleg resten av livet, og eg har bestemt meg for å ikkje dø. Eg har nemleg eksamen i arve- og familierett akkurat no, eg er litt lei av Torvald, Nora, Bob, Emmy (trur det var namnet), Ivar, Jill, Maria, Roger og Janne. Eigentleg så hadde det passa meg perfekt at alle berre døydde slik at arva gjekk til staten, men kjenner eg skulen min rett så ville dei vel funne på noko vilt med brødre, systre og tippoldemødre.

Ja, det var nokon tankar frå mitt stille sinn. La meg berre seie det med ein gong: i mitt stille sinn, er det veldig stilt ;-)

Lykke til på eksamen alle eksaminandar :-)

tirsdag 5. mai 2009

Svartedauen og svineinfluensa

Det kom et skip til Bjørgvin i 1349 heiter ei bok av Torill Thorstad Hauger. Dette er, som nokon av dykk sikkert veit, ei barnebok. Likevel lånte eg, som den nostalgikaren eg er når det gjeld bøker, akkurat denne boka på lydbok. Boka er vel verdt timane. Den har sine spanande parti, og dersom du er historisk interessert er dette boka for deg. Hauger har heilt klart skapt ei stemning i boka som klart får deg til å forstå korleis det verkeleg var å leve på den tida. Lett så eg ville reist tilbake til denne tida (før eller etter) svartedauden viss eg hadde hatt sjansen. Ja, sjølvsagt berre for ei lita stund.

Poenget var at eg fann ut at det kanskje ikkje akkurat var eit sjakktrekk å lese denne boka i desse svineinfluensatider. Eg såg med ein gong for meg at heile familiar døydde ut, hus stod tommme og heile kommunar døydde ut. Det var klar for ei realitetsfokusering. Pust, Julia. Det er andre tider no. Svineinfluensa vil ikkje få herje fritt i landet vårt utan at nokon forstår kvifor. Ting har gått framover. La oss berre seie at smittekjelder er oppdaga. Uansett, vil eg seie at Det kom et skip til Bjørgvin i 1349 er vel verdt å lese, men det kan vere eit tips å vente litt ;-)

NB! Fint viss de skriv kommentarar når de les innlegga mine. Det er kjekt å sjå kven som faktisk les innlegga (om det er nokon i det heile). Det er ikkje vanskeleg. Du skriv anten e-post og passord viss du har gmail, eller dei orda som kjem opp viss du no altså ikkje har gmail. Eg klarte det for å seie det sånn, så det er ikkje vanskeleg ;-)

mandag 4. mai 2009

Fordi du fortenar det

Det kan godt vere at eg ser i overkant mykje fjernsyn, men eg har sett meg grundig lei på reklamar for diverse, med stort sannsyn, ubrukelege produkt som vil gjere huden stramare, rynkene mindre, håre glattare og dei svarte prikkane mindre(?). Alt fordi du fortenar det.

Eg ser med spenning fram til den tida då det ikkje lenger finst folk med rynker, og til den tida alle har like glatt og kjedeleg hår. Det vil vere tydeleg kven av oss som aldri bruker dagkrem, nattkrem, formiddagskrem eller krem for å eit ansikt som i stort grad mindre om ansiktet til ein 3-åring. Eg spyr litt for meg sjølv (ikkje spør meg korleis det fungerar) når eg ser reklamen med ho som bruker "natten til å se bedre ut om dagen".

Det er for så vidt greitt nok med dei som er litt oppi åra som reklamerar for strykekremar (ja, ok då, rynkekremar), men det blir trass i alt for dumt med dei som ikkje kjem til å få anna enn smilerynker (dei smilar nok svært sjeldan, dei kunne jo blitt permanente) før om 20 til 30 år. Eg trur kanskje at eg skal melde meg som modell til ein slik jobb. Det er jo fantastisk når dei nærmast må legge eit slør over modellen for å få det til å sjå ekte ut. Det er sikkert ikkje kvar dag at modellane blir retusjert (eller kva det heiter) for å sjå verre ut.

Sjølv ser eg fram til å sjå ut som eg har levt eit liv når eg kjem i femtiåra. Eg ville ikkje blitt særs nøgd dersom eg såg ut som ein toåring. Dessutan så liker eg meg sjølv 100 % naturleg. Eg seier som i smothiereklamen (sikkert feilstava): "Bra, men enda mer naturlig liksom". Jodå, eg skal vere naturleg, fordi eg fortenar det :-)