tirsdag 26. mai 2009

Verd eit forsøk

Har du ein dårleg dag? Føler du at du ikkje har utretta noko på lenge, og er sjølvkjensla på botn?

Då har eg eit forslag til deg: Bak ei kake og legg den i ein boks, eller liknande, der den verkeleg viser. Ta så denne med deg til ein stad der det går mykje folk (til dømes sentrum av ein by). Då vil du få mykje positiv merksemd.

Eg bakte kake til arbeidsgruppa mi i dag, og på min ferd gjennom sentrum fekk eg nokon ekstra blikk og mange smil. Det var som om dei tenkte:
- hm, ho er jo verkeleg eit godt menneske (og det er jo sant). Ho tek med seg kake til nokon.
- skulle ynskje at ho var min ven (ja, dei skal berre vite kva dei går glipp av).

Du treng ikkje ein gong dele kaka med nokon. Du kan ta henne med deg heim att, og ete den opp sjølv.

NB! Dersom du bakar ei veldig stor kake som du et opp åleine, kan du risikera at du aldri vil klare å ete ei slik kake igjen. Du får sjølv måle risikoen opp mot fortenesta.

NB2! Det er sant det dei seier: Den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad. Og, ting blir betre av å delast. Kaka mi var i alle fall fanpigadetastisk, i all ubeskjedenhet.

Lykke til på eksamen de som driv med det. Ikkje gløym at det er andre ting enn bokstavar frå A til F som definerar deg som menneske. Du er verdifull i eigenskap av å vere til. Det var dagens vesle visdomsord :-)

8 kommentarer:

  1. eehhmmm... Æg he et tips te deg. Kæ mæ å legga kagå di i en matboks å senne na te meg? Så sleppe du å bli feide på kaga, åsså gjær du meg glae, åsså får du delt kagå di;) Så for din egen skyld (å baaare for din egen) så burde du jær dæ;)

    Glede meg te du kjæme heim form sommaren (å æg ao kjæme heim for sommaren), å ikkje minst te selkabe ditt, mæ kaga... :)

    SvarSlett
  2. Sgo gjerne gjort dæ, Karen, men du vett at dæ æ du så he boksen :-D Du må forstå at æg prøve å kjøba andre venna enn dæg ;-)

    Æg æ forresten avslørt på jussen. Æg æ der bare for å læra om koss æg sga lura penga ud av enn mann ved skilsmisse sjøl om æg æ husmor. Ja, og så sga æg jo skaffa mæg enn mann (enn rige mann). Der ligge dæ litt dårligt an, men æg sga nok ordna dæ ved enn seinare anledning ;-)

    SvarSlett
  3. Eg er enig med Karen. Du må gjerne senda kake til meg og, men den andre veien;) (Karen er i Trondheim?)

    -Elida

    SvarSlett
  4. Ingen får kaga. Så vidt eg vett bakte Karen akkurat kaga sjøl, og du he nå oppskrift og steigeog du òg, Elida. Dessuten så sga jo du snart heim din gnom, og då kan jo mor baga te dæg.

    Ingen får kaga før sommarfærien. Æg æ kje noge bageri hellar. Elida, du må forresten bjynne å spekkulera på kæ farge du sga ha på vesten din. Æg nekte å strikka svarte, kvide, gråe eller nogen andre mørke og kjedelige farga.

    SvarSlett
  5. Eg har lyst på grønn sånn som på bildet!

    -Elida

    SvarSlett
  6. Hey!! Vest? Enige mæ Elida, æg ao vil ha! ;) hehe (som en erstatning for kagå;) )

    SvarSlett
  7. Elida: Fantastisk! Du må nok bare ta sommarfærie, du æ ikkje heilt i form. Du får sjugemelding udsgreven uden problem.

    Karen: Du æ fillen så innbilske. Elida sga betale for gadn bare så dæ va sagt. Du he forresten ikkje stemmerett. Bare du hoste mod enn ting, lage mor di han. Sga forresten ha noge øveraskelsa på lagar når æg fylle åre :-)Du kan forresten sei kæ datoa så passe for dæg. He lagt gruppa på face, men der æ jo kje du. Du æ selfølgeligt invitert ligavel te mi feststemte, festlege feiring :-)

    SvarSlett
  8. Haha, Julia!!!

    -Elida

    SvarSlett