tirsdag 2. juni 2009

Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko

Det irriterande ordtaket "du må lide for skjønnheten" eller "du må li for venleiken" er vel kjend mellom gutar så vel som jenter. Det er dette uttrykket eg på mange måtar vil ta for meg i dag.

No fekk vel de ein liten: Å nei, er vi der no. Skal Julia bli ein av mange som plaprar i veg om augebrynnapping, leggvoksing og store floker i håret.

Nei, det skal eg ikkje. Eg skal ta for meg min forfengelighet (går med dette til ei nynorsk ordbok for å finne eit betre ord). Eg er no tilbake med eit forklarande ord til alle dykk (eg veit det er mange) som ikkje forstår bokmål (ja, det er no eit anna, fjernt språk som passar best til dikt). Det eg verkeleg skal snakke om er min forfengelegskap (ja, sjå der vart det mykje klarare).

Når eg no nemnde dette ordet kom eg til å tenke på Anne frå Bjørkely (litt digresering (kjem av ordet digresjon), men det blir verdt det). Ho fekk beskjed om at ho ikkje måtte vere så forfengeleg, og ho angra sin forfengelegskap då ho farga håret i den tru at håret ville bli kastanjebrunt (ho var raudhåra). Håret vart derimot grønt... Moralen frå den gode Marilla var at forfengelegskap ikkje lønar seg. Bøkene er for øvrig skrivne av Lucy Maud Montgomery (satsar på at stavinga var ganske rett), og er vel verdt nokon timar av ditt unge liv (frase fritt plagiert frå "Bibbi Bokens Magiske Bibliotek" av Jostein Gaarder og Klaus Hagerup).

Poenget med denne digresjonen er sjølvsagt at eg no sjølv har fått erfare at det ikkje lønnar seg å vere forfengeleg. Her kjem den smertefulle historia:

Det var sundag kveld, og strålande sol. Julia som til vanleg er ei ganske fornuftig, ung, vakker, sprudlande, smart, koseleg og fantastisk kvinne skulle på besøk. Det var på sin plass å pynte seg litt. Ho tok seg ein dusj for å fjerne solkrem og anna mindre forfriskande kroppslukt, før ho gjekk for å finne eit svar på det klassiske spørsmålet: Kva skal eg ha på meg i kveld.

Julia iførte seg ein raud kreasjon, svarte tights og så var det berre skoa igjen. Ho hadde ikkje vore smart nok til å kjøpe seg eitt par med "sokker" til å ha i finsko så ho burde ta sandalar, tenkte ho. Dessverre vart det med tanken. Ho tok i bruk sitt stille sinn (les nedanfor, sjeldan ein smart ting for denne fine sjela å gjere), og tok på seg sine grøne stilige sko som stod i perfekt kontrast til det raude i tunikaen.

TABBE!

Før ho var framme hadde ho gnagsår. Ho tilbringte kvelden utan sko, noko som ikkje er noko problem med tanke på at ein sjeldan går med sko inne hjå folk. Problemet kom derimot då ho skulle vandre heim igjen. Smerten jaga gjennom føtene hennar, og sende små støt gjennom heile kroppen. Før ho var halvvegs nede til bussen kjende ho at huda slo sprekkar. Menneska som passerte ho på gata i denne augneblinken fekk sjå korleis smerte ser ut i ei herja sjel.

Ho skimta drosjehaldeplassen i det fjerne, og sidan ho hadde sterke mistankar om at siste buss var gått, kjempa ho seg inn i ein av desse. Så snart ho hadde fått det som var igjen av henne (hypokonderi er også ein sjukdom) innanfor inngangsdøra heime, sparka ho (SVÆRT forsiktig) av seg skoa og gjekk barføtt opp til 3. etasje.

I dag er det tysdag, og eg går rundt i eitt par sandalar utan hæl bak. Eg tok ein smertefull dusj idag som nok ikkje vil bli repetert før eg har fått noko som liknar ei betring på føtene. Moralen er klar: Skal du bruke finsko må du bruke "sokkar" eller strømper. Uttrykket: "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede... og sko", har fått eit nytt tillegg og ei ny tyding.

4 kommentarer:

  1. Fantastisk!!!
    Eg ler meg i hæl!!!

    -Elida

    SvarSlett
  2. hahaha...Julia har du ikke sett disse fine gel tingene man kan ha i høyhæla sko i butikkene? det er en grunn til at de selges i butikker for folk som går med høye sko og får gnagsår..de er geniale og de burde du få tak så fort som mulig :D hehehe..eller så er compeed gnagsår plaster en også genial ting å kjøpe ;) alt dette anbefales fra ei som også har opplevd det samme :)

    - Kim Ngan :D

    SvarSlett
  3. Har allerede gått te innkjøb av compeed gnagsårplastar (fekk gnagsår av dei nye joggeskonå som nå æ inngått), men når hudå he gått vekk æ æg skeptiske te gnagsårplastarå ao. Men takk for tipse. He forresten gått øve te crox. Æg ser kjempedomme ud, men æg tenke på mine omgivelsa. Dæ kan vær godt for eksaminanda å ha litt å læ av. Syns æg hørre dæ:
    - Sjå på hu der. Æ jo ei vilt stilige, flotte og galante dama mæ både topp, jakke, pynteskjerf og tights, men hu ser jo naoden ud mæ rosa crox.
    - HAHAHAHAHAHA!
    - HAHAHAHAHAHA!
    - Å ja, norsk ja. Va godt mæ enn paose.
    - Fanpigadetastisk :-)

    SvarSlett
  4. Hehe, kan tenka meg at det blåa skjerfet du fekk av meg såg herlig ud samen med rosa crox!:)

    SvarSlett