mandag 28. mars 2011

Bygdedyr søker bygd

Eg innrømmer det. Eg er nyfiken. Det er forresten ikkje det at eg er saa veldig nyfiken, men eg liker aa følgje med. Eg liker aa ha kontroll paa det som gaar føre seg rundt meg. OK, eg kan like gjerne ta fram paahengsmotoren. Eg er eit bygdedyr som elskar aa spionere paa naboane sine. Eg bur no i ei blokk, bygaard med utsikt over til hus paa den andre sida. Du skulle kanskje tru at det gav perfekte moglegheiter for litt spionasje paa si. Men nei! Dette er stort sett det eg ser:



Det er ikkje akkurat saa mykje aa rope hurra for. No kan ein jo lure paa kva eg ynskjer aa sjaa. Er det folk som skifter klede eller det som verre er. Nei, absolutt ikkje (tru meg eller la ver). Eg vil berre føle at eg kjenner dei folka som bur rett over for meg. Dei folka som eg i teorien kan sjaa inn i vindauget til. Eg vil altsaa vere fornøgd med noko saa enkelt som eit ansikt, nokon som et, nokon som les ei bok eller nokon som ser fjernsyn. Eg er patetisk, maa ein vel kunne paastaa med rette. Eg vil derimot seie at eg er eit bygdedyr.

Eit bygdedyr kan faktisk vere ein positiv ting. Det er klart det kan gaa litt over kanten naar du seier til naboen din at: eg var oppe klokka 2 i natt for aa gaa paa do og daa var du ikkje heime - endaa. Kvar var du? Men viss ein snur litt paa det saa kan ein jo seie: Eg er bekymra for naboen min for naa er det fem dagar sidan eg saag han ute og eg har hellar ikkje sett bilen hans.

Mine naboar kan saa definitivt stryke med utan at eg kan hjelpe dei og det er ikkje min feil.



Saann heilt til slutt: I dag var det ein limousin i gata mi. Det er saa definitivt ikkje vanleg kvardagskost. Eg klagar ikkje over standarden i gata mi, men noko limoustrøk er det ikkje. Desto viktigare var det sjølvsagt aa finne ut kven det var som skulle bruke denne bilen. Eg venta derfor saman med sjaaføren paa at nokon skulle komme ut. Vi venta, og vi venta. Eg blei etter kvart merksam paa at det allereie sat nokon inne i bilen somsjaaføren snakka med. Etter ei stund gjekk sjaaføren inn paa ein pub, gjekk ut igjen og saa køyrte han - utan at eg fekk sjaa kven som satt inne i bilen! Vilt frekt.

Det som derimot var gledeleg med denne hendinga var at folk nede paa gata gjekk veldig seint forbi limousinen, kikte veldig og var tydeleg svaert saa nyfikne. Eg trøstar meg med at eg ikkje er det einaste bygdedyret i denne byen :-)

fredag 25. mars 2011

Stalingrad i dag - St. Petersburg i mai

Aa gaa paa ambassadebesoek er paa mange maatar eit kurs i taalmodigheit, og ikkje minst i koekultur. Eg reiser til Russland i mai, og her er litt fraa mine turar til Paris paa jakt etter visum.


Hatt. Det foerste forsoeket paa aa skaffe visum enda med kikking i butikkar. Eg traff nemleg ikkje opningstidene (god planlegging der altsaa). Eg burde nok ha eit bilete av den russiske ambassaden, men noko (politimannen i vaktbua og dei halvskumle vaktane i dress) seier meg at viss ein vil ha visum tek ein ikkje bilete av den russiske ambassaden (viss ein vil i fengsel derimot..). Eg kan vel legge til at eg ikkje kjoepte denne hatten. Blir veldig sjeldan invitert til dronning Elizabeth.


Stalingrad. I Paris har dei ein stasjon som heiter Stalingrad, ikkje spoer meg kvifor. Dette biletet er fraa den dagen daa eg gjorde mitt andre forsoek. Denne gongen var koen lengre enn opningstidene.


Mil etter mil. For aa spare tid, skosaaler og apostlanes hestar tek eg métroen i Paris, men det hendar eg lurar paa kor mykje tid eg sparar naar eg gaar korridor etter endelaus korridor paa jakt etter métroen.


Julia paa Moulin Rouge. Eg brukte dagen til aa sjaa utsida av Moulin Rouge. Foerestilling og mat paa innsida kosta den nette sum av 150 euro (1 euro = ca 8 kr) saa det faar bli ein annan gong. Det var ein annan turist som tok bilete av meg, og saa tok eg bilete av han :-)


OBS! Etter det minneverdige biletet av Julia paa Moulin Rouge kom Julia til aa komme borti "ta-bilete-knappen" foer ho la vekk kameraet.


Kyrkje paa toppen. Fraa Moulin Rouge gjekk eg til ei kyrkje som laag paa toppen av ein bakke. Denne kyrkja er heilt sikkert beroemt med eit eller anna Bastille de Montre Martre namn eller noko slikt, men.. google it. Eg var mest interessert i aa vite kvifor kyrkjar har ein tendens til aa ligge paa toppen av ein bakke. Det var ein del butikkar og kaféer og slikt paa toppen saa det var ganske koseleg, og kyrkja var veldig fin saa alt i alt var Julia samd i at det hadde vore ein fin dag.


Posing. Eg maatte jo ta bilete av utsikta sjoelv om utsikta kanskje ikkje kjem heilt til sin rett paa dette biletet. Fyren i midten der ser veldig posite ut. Eg har tre alternativ for det: 1. Det ser berre slik ut naar han lenar seg mot eit rekkverk. 2. Nokon andre tok biletet samstundes som meg. 3. Han hadde veldig lysst til aa sjaa fin ut paa mitt bilete :-)


Utsikt. Vi proever igjen. Det viser i det minste at eg ikkje var den einaste turisten.


Paa jakt etter Eiffeltaarnet. Visumsoeknaden er naa blitt innlevert og dato for aa hente visumet er motteke (ikkje veit eg kvifor dei kallar det soeknad, men OK). Eg har oppdaga at ein kan sjaa Eiffeltaarnet litt lenger borte i ambassadegata (den gata som den russiske ambassaden ligg i). Eg proevte aa foelgje Eiffeltaarnet, men eg mista det.


Utegym. Eg fann derimot nokon som hadde noko som saag mistenkeleg ut som utegym (igjen ikkje det beste biletet). Eg trur min eksakte tanke var: Godt kae saa ae gjort.


Vaar! Eg fann òg vaaren. Jadaa, eg berre gnir det inn nordbuarar :-)


Mission accomplished. Eg oppdaga at eg hadde gaatt i feil retning veldig lenge, og til slutt tok eg ganske enkelt métroen. Naa har jo eg besoekt Eiffeltaarnet foer saa eg haldt meg paa avstand og brukte tida til aa ete ein fantastisk god middag i staden :-)


Under den hvite bro. Eg var heldigvis oppaa.


Elv. Eg har mista gnisten til aa laga fleire bra titlar, men er veldig glad for at eg endeleg fekk ut fingen til aa lage eit nytt innlegg. Utruleg kva ein gjer naar ein eigentleg skal vaske...

mandag 7. mars 2011

Gloseassosiering

Har ovt litt paa gloser i dag, og det resulterte i folgjande assoiasjonar:

un ciel = himmel: en himmel full av stjerner (i beste Lillebjorn Nilsen stil, hogt volum), blaatt hav saa langt du ser. En jord der blomster gror kan du onske mer. Sammen skal vi leve. Hver soster og hver bror. Smaa barn av regnbuen paa en frodig jord.

sky = un nuage som fort blei nugatti.

un orage, un tempête = storm og plutseligt var det ein stemme inne i hovudet mitt som sa: stormvarsel, Hovland, i hele Biscaya (Vikingskattens hemmelighet av Gunnar Staalesen hoyrt paa lydbok litt for mange gonger).

Men viss dette ordet blei kopla saman med:

un littoral som tyder kyststrekning kunne det like gjerne bli: I natt blir det storm paa kysten (paa god gamaldags sorlandsdialekt). Ja, naa e nok spogelsesskibe ude for aa faa tag i sjelene til dei som havarere. Vaar herre bevare oss for at de dode gespenstene fra det skibe gaar i land (Dode menn gaar i land).

Neste ord som mellom anna kan tyde fang er genou som fort blei til gnu sjolv om ordet skal uttalast med ein mjuk g viss det er noko som heiter det.

Tryggande = rassurant blei fort forsikring jf. engelsk.

Ytring, tale, ord = une parole blei fort til streiking og AKP ML jf. norsk.

blaase var berre saert for det er souffler og eg tenkte automatisk paa snufling eller paa ein litt merkeleg film med tittelen Sufflosen.

Det siste ordet som skapte assosiasjonar var:
une berceuse som tyder vuggevise og her i fraa var vegen kort til:
Når trollmor har lagt sine elleve små troll, og bunde dei fast i svansen/halen.
Daa synger ho sagte for elleve små troll dei vakraste ord ho kjenner.
O-ai-ai-ai-ai-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff-buff, o-ai-ai-ai-ai-buff!

fredag 4. mars 2011

Visdomsord ;-)

Litt tidleg ute kanskje, men paasken naermer seg og Doede menn gaar i land er saa definitivt eit bra alternativ anten du vil lese boka eller hoeyre den dramatisert fraa NRK radioteateret.



Dessutan har den eit aldri saa lite visdomsord, eller tips om ein vil:
"Det e bedre aa gaa i prisonen enn aa drugne."

Litt aa tygge paa. Boka er skriven av André Bjerke med pseudonymet Bernhard Borge.