onsdag 11. mai 2011

På gjensyn

For siste gong krysse bru etter bru over elver i Lyon, siste gong.
For siste gong ein spasertur langs elva Rhône, siste gong.
For siste gong kjøpe mat på marknaden, siste gong.
For siste gong ein tur på crêperie, siste gong.
For siste gong besøke Vieux Lyon, siste gong.
For siste gong møte vener i Lyon, siste gong.
For siste gong smile av ein franskmann med baguette, siste gong.
For siste gong kjøpe ein fransk baguette, siste gong.
For siste gong føle ein croissant smelte på tunga, siste gong.
For siste gong høyre den høgrøysta latteren frå restauranten over gata, siste gong.
For siste gong gå med skuldig kjensle inn på den engelske bokhandelen i Lyon, siste gong.
For siste gong kjenne korleis den fantastisk vakre byen slår mot meg, siste gong…

for denne gong. À bientôt.


:-( :-/ :-)

Resta"fest"

torsdag 5. mai 2011

Tvangstankar til turen

- OK, daa har eg pakka ned det aller mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar.

5 minutt seinare:

- Har eg framleis pakka ned det mest naudsynte i taska mi: bankkort, pengetaske, pass, mobil… Kvar er flybillettane?!?!!!? Aa ja, dei ligg her, i denne lommen.

- Julia, no er du i ferd med å få panikk. Slapp av. Det er ingenting som kan hoppe ut av taska di heilt av seg sjølv, men det kan jo vere lurt å sjekke ein gong til at du FAKTISK har: bankkort, pengetaske, pass, mobil og flybillettar. Og visumet sit framleis fast i passet? Jepp! Heilt sikkert? Jepp.

- Men tenk viss métroen ikkje går slik at eg må gå til togstasjonen. Og tenk viss flytoget ikkje tek mindre enn ein halvtime likevel, men halv annan time. Og tenk viss det er kø over alt slik at alt tek kjempe lang tid i innsjekking, og tenk om dei finn ut at flyet skal gå ein halv time før tida. Og tenk om flyet mitt til Wien er forsinka slik at eg ikkje rekk flyet mitt til Russland, og tenk om alle berre streikar vilt. Og tenk viss eg blir stuck på flyplassen i St. Petersburg utan ein einaste person som snakkar engelsk slik at eg berre må bu der for alltid (usannsynleg, ja, men likevel litt sannsynleg). Det er best at eg set vekkeklokka på veldig tidleg berre for å vere på den sikre sida. Ah, ingen grunn til panikk.

- Men tenk viss vekkeklokka går tom for batteri slik at eg ikkje høyrer den, og eg berre blir liggande i senga mi til klokka er 12 og eg har mista alle flya mine og berre kan gløyme å reise til Russland, og tenk viss bankkortet, pengetaska, passet, mobilen og flybillettane ikkje er der når eg kjem til flyplassen.

- Julia, tenk viss du kunne halde kjeft i 5 minutt. Det er ingen grunn til panikk.

Eg har foreløpig pakka verken bankkort, pengetaske, pass, mobil eller flybillettar, men tvangstankane til turen har vore klare ei stund ;-)