fredag 25. mars 2011

Stalingrad i dag - St. Petersburg i mai

Aa gaa paa ambassadebesoek er paa mange maatar eit kurs i taalmodigheit, og ikkje minst i koekultur. Eg reiser til Russland i mai, og her er litt fraa mine turar til Paris paa jakt etter visum.


Hatt. Det foerste forsoeket paa aa skaffe visum enda med kikking i butikkar. Eg traff nemleg ikkje opningstidene (god planlegging der altsaa). Eg burde nok ha eit bilete av den russiske ambassaden, men noko (politimannen i vaktbua og dei halvskumle vaktane i dress) seier meg at viss ein vil ha visum tek ein ikkje bilete av den russiske ambassaden (viss ein vil i fengsel derimot..). Eg kan vel legge til at eg ikkje kjoepte denne hatten. Blir veldig sjeldan invitert til dronning Elizabeth.


Stalingrad. I Paris har dei ein stasjon som heiter Stalingrad, ikkje spoer meg kvifor. Dette biletet er fraa den dagen daa eg gjorde mitt andre forsoek. Denne gongen var koen lengre enn opningstidene.


Mil etter mil. For aa spare tid, skosaaler og apostlanes hestar tek eg métroen i Paris, men det hendar eg lurar paa kor mykje tid eg sparar naar eg gaar korridor etter endelaus korridor paa jakt etter métroen.


Julia paa Moulin Rouge. Eg brukte dagen til aa sjaa utsida av Moulin Rouge. Foerestilling og mat paa innsida kosta den nette sum av 150 euro (1 euro = ca 8 kr) saa det faar bli ein annan gong. Det var ein annan turist som tok bilete av meg, og saa tok eg bilete av han :-)


OBS! Etter det minneverdige biletet av Julia paa Moulin Rouge kom Julia til aa komme borti "ta-bilete-knappen" foer ho la vekk kameraet.


Kyrkje paa toppen. Fraa Moulin Rouge gjekk eg til ei kyrkje som laag paa toppen av ein bakke. Denne kyrkja er heilt sikkert beroemt med eit eller anna Bastille de Montre Martre namn eller noko slikt, men.. google it. Eg var mest interessert i aa vite kvifor kyrkjar har ein tendens til aa ligge paa toppen av ein bakke. Det var ein del butikkar og kaféer og slikt paa toppen saa det var ganske koseleg, og kyrkja var veldig fin saa alt i alt var Julia samd i at det hadde vore ein fin dag.


Posing. Eg maatte jo ta bilete av utsikta sjoelv om utsikta kanskje ikkje kjem heilt til sin rett paa dette biletet. Fyren i midten der ser veldig posite ut. Eg har tre alternativ for det: 1. Det ser berre slik ut naar han lenar seg mot eit rekkverk. 2. Nokon andre tok biletet samstundes som meg. 3. Han hadde veldig lysst til aa sjaa fin ut paa mitt bilete :-)


Utsikt. Vi proever igjen. Det viser i det minste at eg ikkje var den einaste turisten.


Paa jakt etter Eiffeltaarnet. Visumsoeknaden er naa blitt innlevert og dato for aa hente visumet er motteke (ikkje veit eg kvifor dei kallar det soeknad, men OK). Eg har oppdaga at ein kan sjaa Eiffeltaarnet litt lenger borte i ambassadegata (den gata som den russiske ambassaden ligg i). Eg proevte aa foelgje Eiffeltaarnet, men eg mista det.


Utegym. Eg fann derimot nokon som hadde noko som saag mistenkeleg ut som utegym (igjen ikkje det beste biletet). Eg trur min eksakte tanke var: Godt kae saa ae gjort.


Vaar! Eg fann òg vaaren. Jadaa, eg berre gnir det inn nordbuarar :-)


Mission accomplished. Eg oppdaga at eg hadde gaatt i feil retning veldig lenge, og til slutt tok eg ganske enkelt métroen. Naa har jo eg besoekt Eiffeltaarnet foer saa eg haldt meg paa avstand og brukte tida til aa ete ein fantastisk god middag i staden :-)


Under den hvite bro. Eg var heldigvis oppaa.


Elv. Eg har mista gnisten til aa laga fleire bra titlar, men er veldig glad for at eg endeleg fekk ut fingen til aa lage eit nytt innlegg. Utruleg kva ein gjer naar ein eigentleg skal vaske...

3 kommentarer:

  1. Hehe, kule bilde:)

    Æg forstår veldig godt kæ du meine mæ "Utruleg kva ein gjer når ein eigentleg skal vaske..." Æg sko egentligt te å vaska bade nå ser du, men æg prøve å utsetta dæ...

    SvarSlett
  2. Mam og eg e då så heldige at me he fått våre på Mouling Rouge show. Va veldigt bra, men Mam såvna sjøl om d va topplause dame på scenen. Paris e en fantasiske by.

    SvarSlett
  3. Karen: Aeg kom saa langt at aeg vaskte bade paa mandag, men aeg fekk kosta same dagen saann at aeg slapp aa kosta av sokkane naar aeg tog paa sgo som Ragnhild pleie aa sei :-)

    Tonje: Naa har aeg vaare i Paris 4 gonga og 3 av dei dei siste 3 vegene saa naa trur aeg dae klare saeg for ei stond, men aeg ae enige dae ae enn flotte by sjoel om Lyon ae lettare storrelsemessig. Aeg maa lae av Mam saa klarte aa sobna. Trur dae maa vaer typisk mannfolk. Far paa kino funke for eksempel ikkje: - Dae va jo goe stola og varmt og saa va aeg litt troytte... Haablaust. Aeg sga komma tebage te Paris naar aeg he raad te aa gaa paa show :-)

    SvarSlett