mandag 28. mars 2011

Bygdedyr søker bygd

Eg innrømmer det. Eg er nyfiken. Det er forresten ikkje det at eg er saa veldig nyfiken, men eg liker aa følgje med. Eg liker aa ha kontroll paa det som gaar føre seg rundt meg. OK, eg kan like gjerne ta fram paahengsmotoren. Eg er eit bygdedyr som elskar aa spionere paa naboane sine. Eg bur no i ei blokk, bygaard med utsikt over til hus paa den andre sida. Du skulle kanskje tru at det gav perfekte moglegheiter for litt spionasje paa si. Men nei! Dette er stort sett det eg ser:



Det er ikkje akkurat saa mykje aa rope hurra for. No kan ein jo lure paa kva eg ynskjer aa sjaa. Er det folk som skifter klede eller det som verre er. Nei, absolutt ikkje (tru meg eller la ver). Eg vil berre føle at eg kjenner dei folka som bur rett over for meg. Dei folka som eg i teorien kan sjaa inn i vindauget til. Eg vil altsaa vere fornøgd med noko saa enkelt som eit ansikt, nokon som et, nokon som les ei bok eller nokon som ser fjernsyn. Eg er patetisk, maa ein vel kunne paastaa med rette. Eg vil derimot seie at eg er eit bygdedyr.

Eit bygdedyr kan faktisk vere ein positiv ting. Det er klart det kan gaa litt over kanten naar du seier til naboen din at: eg var oppe klokka 2 i natt for aa gaa paa do og daa var du ikkje heime - endaa. Kvar var du? Men viss ein snur litt paa det saa kan ein jo seie: Eg er bekymra for naboen min for naa er det fem dagar sidan eg saag han ute og eg har hellar ikkje sett bilen hans.

Mine naboar kan saa definitivt stryke med utan at eg kan hjelpe dei og det er ikkje min feil.



Saann heilt til slutt: I dag var det ein limousin i gata mi. Det er saa definitivt ikkje vanleg kvardagskost. Eg klagar ikkje over standarden i gata mi, men noko limoustrøk er det ikkje. Desto viktigare var det sjølvsagt aa finne ut kven det var som skulle bruke denne bilen. Eg venta derfor saman med sjaaføren paa at nokon skulle komme ut. Vi venta, og vi venta. Eg blei etter kvart merksam paa at det allereie sat nokon inne i bilen somsjaaføren snakka med. Etter ei stund gjekk sjaaføren inn paa ein pub, gjekk ut igjen og saa køyrte han - utan at eg fekk sjaa kven som satt inne i bilen! Vilt frekt.

Det som derimot var gledeleg med denne hendinga var at folk nede paa gata gjekk veldig seint forbi limousinen, kikte veldig og var tydeleg svaert saa nyfikne. Eg trøstar meg med at eg ikkje er det einaste bygdedyret i denne byen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar