tirsdag 12. mai 2009

På heimeeksamensbåten sat det ein person (meg) som ville av!

Det går fram av al. §62 1. ledd at Kari ikkje har krav på arv fordi ho er makshemma og eg bryr meg eigentleg ikkje. Eg er berre utruleg lei av å skrive heimeeksamen. Etter mi meining burde ingen få arv. Gje pengane til meg. Det er mykje smartare. Ska me ta helg? Ja, det skal vi jammen meg gjera. La oss alle saman ta helg. Eg bryr meg ikkje om nokon får arv eller om ingen gjer det. For min del kan dei leve sitt eige fattig liv, så vel som sitt eige rike liv. Det einaste vilkåret eg stillar i denne samanhengen er at dei for all del ikkje skal bry meg med problema sine. Eg anbefalar at dei tek turen til ein profesjonell advokat i staden for å bry meg. La meg berre seie det med ein gong: Eg vil ha fred. Gje meg helg! Eg orkar ikkje meir! Eg vil ha ferie. Sommarferie. Etterpå vil eg ha både jul- og påskeferie. Eg kan ta alle feriane med ein gong, og la meg berre gjere ein ting klinkande klart: Dersom noko døyr i den ferien, gjer meg ei teneste, ring nokon andre!

Dette høyres litt brutalt ut, men la meg presisere at dette er snakk om fiktive personar. Kari er ikkje ein gong ein del av oppgåva. Ho berre dukka opp i hovudet mitt i det eg fann eit sterkt behov for å uttrykke min frustrasjon over heimeeksamenen.

Eg skal snart gjere meg ferdige, redigere og så skal eg ta turen til Volda. Det er tysdag, men eg vågar å seie det likevel. Skal vi ikkje berre ta helg. Jo, det gjer vi ;-) God helg ;-D

1 kommentar:

  1. Helg? Æ ei stonn siden æg he unna meg helg ja.. I eksamensperioden flyde adle vekedaga, fridage å helgedaga i samen, alt æ læsedage. Jett kæ æg ska på 17.mai? Læsedag (må jo ta en paose å sjå ett tog kanskje) ska ha eksamen 18... å 20... Ja, NTNU hate elevane sine så møje at di ikkje ønske di ska feira grunnlovsdagen vår.

    Kjende dæ sista innlege ditt vart litt vel ex.phil.-aktikt, håve mitt he ikkje godt av dæ når æg i tillegg må tenka på fluksen langs ei glatt kurve i rommet å termokjemiske reaksjona. Neste gong kan du skriva en reflekterane tekst om dei to emenene, så henge æg kanskje mæ;)

    Å som ALLTI: Snart sommarfæri:D (Bare at denne gong stemme dæ faktisk;) )

    SvarSlett