mandag 17. august 2009

Det skal ikkje vere lett!

Det har gått lang tid sidan sist, men eg trur ikkje at det har skjedd dei heilt store tinga. For å seie det på ein annan måte: det har ikkje gått glipp av noko stort.

No har det derimot skjedd noko som er litt stort. Eg har altså flytta skrotten min frå Jæren, via Bergen (kjem kanskje til å sakne byen - definitivt IKKJE hybelen) til Volda. Her skal eg studere journalistikk. Er det dette som ikkje skal vere lett, spør du deg kanskje. Ikkje akkurat, sjølv om det blir spanande.

Det som er ei utfordring er flyttinga og alt det praktiske. Har det nokon gong slått det kor mykje som faktisk får plass inne på ein hybel, eller for å seie det på ein annan måte: kor mykje du faktisk må bere inn og ut. Takk og pris for at det er møblert.

Eg fjerna altså rompa mi frå Bergen, og frå ein svært dårleg studentsamskipnad. La meg illustere det på følgjande måte:
Eg kom til Bergen i fjor for å hente nøklane, og flytte inn. Då eg kom stod det kring 50 personar framfor meg i kø (det var kølappsystem så eg veit det). Du skulle kanskje trudd at dei som jobba der ville jobbe raskt og effektivt i ein slik situasjon slik at ein unngjekk at det blei nått og neste morgon før samtlege fekk flytte inn. Feil! Dei som jobba der såg ut som dei dreiv ein gå-sakte-aksjon. Når dei henta ting, ville dei ikkje gått saktare med mindre dei hadde gått baklengs. Dei heldt førelesingar om korleis ein skulle legge på sengetøy - jodå, til kvar enkelt person som spurte, gav nøklar og vaskekort med beskjed om å vakte det som gull (hallo, vi forstod at vi ikkje akkurat skulle kaste han når vi kom ut derifrå) og på toppen av alt lurte dei på om dei skulle ta lunsj.

Då eg først kom til Volda førre måndag fekk eg nøklane sjølv om det var etter stengetid, og på toppen av alt flytta eg ikkje inn i ein svinesti. Du undrar deg kanskje framleis over kvifor det ikkje skal vere lett når eg tydelegvis har fått det betre.

Ting starta då eg skulle reise til Volda førre laurdag. Eg skulle ta flyet, og sidan vi no må sjekke inn sjølv gjekk eg til automaten. Den ville derimot ikkje lese verken strekkode eller referansenummer. Då eg kikka på flybilletten (spurte heldigvis ikkje om hjelp) oppdaga eg at reisedatoen var sundag 16. og ikkje laurdag 15. Eg tok med andre ord ei nått til heime.

Det slutta derimot ikkje der. Då eg dagen etter pliktskuldig skrudde av telefonen på flyet, slo det meg (og det slo meg rimeleg hardt) at eg ikkje lenger hugsa pinkoden. Eg kunne ikkje få telefonen på igjen. Då eg kom til hybelen hadde eg sjølvsagt problem med internett ("sjokk", tekniske ting hatar meg). Etter litt om og men fekk eg telefonert heim (har nemleg visstnok telefon på hybelen, kan vere praktisk). Der fekk eg utlevert både pin og pukkode. Nå skal det ordna seg, tenkte eg. FEIL! Sjølvsagt ville ikkje telefonen ta til fornufta sjølv om eg både gav den puk- og pinkode. Til slutt gav eg opp (hadde på dette tidspunktet fått internett), og gjekk ut i Volda for å skaffe naudsynte hybelting som bosskorg og ein plass til å ha sokkane mine.

Dette kunne dei sjølvsagt ikkje selje i Volda. Eg tok derfor turen ut av sentrum og tilbake til der flyplassen ligg. Der hadde eg nemleg registrert Skeidar. Her fann eg det eg trengte, og her fann eg òg Elkjøp. Der klarte dei sjølvsagt utan problem å opne mobilen min (slapp av eg viste leg.) ved å gjere akkurat det eg akkurat hadde gjort. Det skal ikkje vere lett!

Elles har eg ete middag, laga faddarvekeproviant (pastasalat held seg lenge og gjer at eg ikkje treng å tenke på middagslaging) og er snart ferdig med heile innflyttinga. Men eg har framleis eit problem. Eg har tre esker som eg gjerne vil kvitte meg med. Spørsmålet er (denne formuleringa heng igjen frå jussen) korleis eg skal klare å stappe dei ned i det mikroskopiske holet som er på bossbytta (ja, eg har bretta dei saman). Eg skal bruke kvelden til å klippe dei frå kvarandre. Det skal ikkje vere lett!

4 kommentarer:

  1. Haha! Dæ æg lo mest av va: "naudsynte hybelting som bosskorg og ein plass til å ha sokkane mine" (HEILT enige, dei to aller viktigaste tingå å ha i hybelen æ absolutt bosskorg å en plass å ha sokkane, viss ikkje øveleve du ikkje;) )

    SvarSlett
  2. "LÆR" du er søren meg så kule Julia. Glede meg te å koma å sjekka ut sokkeplass og bosskorg.

    SvarSlett
  3. Det høyres kanskje litt komisk ut, men har du nokon gong prøvt å leve utan bosskorg? Det er nemleg ein del ting du kastar i løpet av ein dag, og spesielt når du flyttar inn ein stad. Sokkane mine må ha ein stad og bu. Ikkje mobb sokkane mine, eller meg ;-) Eg gler meg til å få besøk av dykk ;-)

    SvarSlett
  4. då skal de nemleg få sjå kor fantastisk ryddig det er nettopp fordi eg ikkje har bås og sokkar strødd rundt på hybelen min ;-D

    SvarSlett