søndag 29. november 2009

Digitalt tilbakeståande?

Eg har funne det naudsynt å stille spørsmål ved min digitale kompetanse/ukompetanse. Eg skal ikkje nekte for at eg framleis kan bli relativt farleg i kontakt med teknisk utstyr som ikkje fungerar, og eg står på at eg aldri skal skaffe meg skytevåpen. Likevel har eg klart noko som eg ikkje trudde var mogleg. Eg har lært meg å bruke det mest grunnleggande (og litt av det vidarekomande (glidande overgangar)) radioutstyret.

Fredag den 27. november 2009 hadde eg munnleg eksamen i radiospesialisering. Radioeksamenen gjaldt det tekniske utstyret. Det var altså vesentleg å vite korleis dette opplegget fungerte. Eg hadde aldri trudd at eg kunne klare å bruke miksebordet, men eg klarte det. Eg svarte på følgande spørsmål:

"Forklar miksebordet." LETT ;-) Eg trur både eg og læraren min vart positivt overraska :-)



Spør meg om kjelder, pfl, tbcue og gain så skal eg svare :-D

Det store panelet mellom dei to skjermane er det eg måtte forklare. Eg ruler ;-)

3 kommentarer:

  1. Æg sko te å sei "Tekniske Julia mæ spiseproblem" men så kom æg på at dæ va "Tekniske Ragnhild mæ spiseproblem" huske du at meg å Kristine gjekk rondt på vgs å mobbde Ragnhild mæ dæ? (Vilt internt då men;) )

    Dæ æg egentligt sko fram te va at nå kan æg faktisk kalla deg tekniske Julia uden at dæ æ ironisk;);)Gratulera:)

    SvarSlett
  2. Æg huske ikkje Ragnhild sine problem. Va muligens bare noge internt som føregjekk i kjemitimane.

    Men ellars: Tusen takk :-)

    SvarSlett
  3. Teknisk innsikt er fint!:D You go girl

    SvarSlett