søndag 29. november 2009

Eg vil bli tatt av vinden

I dag då eg omsider såg dagens lys, var det snø ute. Det var litt overraskande for eg hadde ikkje venta det etter ei veke med regn. Likevel var det sjølvsagt ei positiv overrsaking. Så lenge eg ikkje køyrer bil, er snø relativt OK :-)

Du har gjetta rett. Dette innlegget skal ganske enkelt handle om vêret. For å forklare situasjonen min må eg ta litt geografisk opplysning. Volda ligg ved fjorden mellom bakkar og berg. Volda ligg på sunnmøre i vestlandsnoreg. Det er ikkje så mykje meir å seie der eigentleg. Tilbake til vêret.

Det er som på vestlandet elles rimeleg skiftande vêr her i Volda, og relativt mykje regn i alle fall for sarte austlandssjeler. Likevel er det ein ting som eg syns er relativt sjeldan her, og det er VIND. Det regner berre rett ned. Det er så og seie aldri regn mot ruta. Det er sjeldan du kan høyre at vi har eit vêr i det heile, og det er ganske skuffande.

Eg nemnte for nokon at eg sakna vinden, og det kunne dei (austlendingar) sjølvsagt ikkje forstå. Eg sa at eg sakna å merke at eg levte. Dei lurte på om eg verkeleg sakna å fryse i hel. Eg klarte ikkje å forklare skikkeleg kva som manglar når det ikkje er vind.

Berre for å ha sagt det: Vind er ikkje festleg i alle samanhengar. Det tek ikkje av å sykle i motvind, og av og til er det sjølvsagt plagsamt når håret står til alle kantar. Likevel er det noko i det at eg merkar at eg lever. Går ein ute ein blåse-bort-dag får ein verkeleg blåst systemet reint. Dessutan er det mykje betre å legge seg godt under dyna når ein merkar at det er vêr utanfor. Eg seier som Pippi: Tenk om vi inte hadde nåt veder als (ikkje sjå på "svensken" min).

Eg gler med til 5. desmber. Då skal eg heim til flate og forblåste Jæren, og eg håper verkeleg at det er skikkeleg vêr slik at eg kan bli tatt av vinden...

4 kommentarer:

  1. Å æg æ så ENIGE!! Æg he savna vinden sååårt her i Trondheim ao. Dæ va en dag i år dæ blåste en del, å adle gjekk jo sef rondt å bar seg for denne "fæle" vinden. (Ja te Trondheim å ver, så va dæ orkan å rekna) Æg følte bare dæ va en vanlig dag på Jæren;)

    SvarSlett
  2. Ja, i følge dei austlendingane me har (æ stuck mæ ;-) så æ der så og sei aldri regn. Der æ vanvittigt møje sol, stadigt fint vêr. Minimalt mæ vind og perfekte føreforhold. Me kan vel konkludera mæ at at der æ enn liden ørken der borte som me he gått glipp av ;-) Dei påstår at dæ æ så møje bære der dei komme frå. Følte dørå gjekk opp, og at æg akkurat møtte mæg sjøl i dørå ;-)

    SvarSlett
  3. kjenne te den følelsen du sitte inne med, savna og vinden når æg budde mellom fjellå i nordfjord. Men tenk viss me ikkje hadde hatt noge å sjå fram te når me komme heim,då hadde det kje våre så stas å koma heim;) så egentlig er det vell greit at ting ikkje er liga bra som heima..

    SvarSlett
  4. Dæ æ bra at dæ ikkje bare æ mæg. Kanskje savne enn mest nogen som forstår koss enn he dæ. Men nå æ d Jæren om mindre enn ei vega. Æg glede mg :-)

    SvarSlett