mandag 2. august 2010

Crise de toux, c'est moi

Norsk!!! JA!!!! Burde eg skrive på engelsk slik at kjempemange forstår meg? Ja. Burde eg skrive på engelsk slik at eg betra språket mitt? Ja. Gidder eg tenke? Absolutt ikkje! Misforstå meg rett. Etter knappe to dagar i Frankrike angrar eg ikkje, men akkurat no var det ekstremt godt å finne alle dei orda eg treng for å oppdatere verda på kva som går føre seg i mitt liv.

Når du står på ein buss i Frankfurt mellom eit fly og flyplassen, er det ikkje fritt for at ein angrar sitt vesle eventyr. La meg seie det slik. Eg var ståande passasjer på ein buss (!) på veg frå flyet (kjempe sært) til flyplassen (ikkje akkurat Stavanger lufthamn, Sola), og tenkte: "At det går an å vere så dum! Reise ut i noko som like gjerne kan vere eit mørkt hòl. DUST!" Eg hadde stått opp 4 (om MORGONEN!), og eg fungerar verkeleg ikkje utan nok søvn, og dessutan er øyret mitt tett (veldig lei av å høyre det når eg tygg) så endringar i lufttrykket gjorde så vondt at eg sat å gråt på flye (dei to mennene på sida av meg sendte medkjennande blikk til den stakkars jenta som sikkert sakna familien sin.

Sorg til side. På mirakuløst vis viste det seg at eg kom rett til den rette gaten, eg kom på rett fly, på rett buss frå flyplassen (ingen buss mellom flyet og flyplassen (FLAUT Lyon;-) og eg kom av på rett stoppestad (mirakelets tid er ikkje forbi). Der møtte eg eit hyggeleg ektepar som tok meg med til sin veldig koselege leiligheit der eg fekk sove (ein drøm gjekk i oppfylling) før middag.

I dag har eg vore på språkskulen. Ganske stress fordi ord ein ikkje forstår blir forklart på fransk, og engelsk er "forbudt" i klasserommet. Teiknspråk derimot... Bratt læringskurve (minst 80 grader), men forhåpentlegvis blir det betre etter kvart.

Det første eg sa på fransk på fransk jord var overraskande nok: Je ne sais pas (eg veit ikkje), men eg forstod spørsmålet som var om det var rett kø til å kjøpe bussbillett (det var det) så alt i alt var eg ganske nøgd.

Til slutt vil eg berre legge til at tittelen tyder: Hosteanfall, det er eg. Eg kjenner meg som eit stort hosteanfall, men no har eg kjøpt hostesaft.

À bientôt, snakkes :-)

3 kommentarer:

  1. Hey girly! Miss you, og syns så synd på deg som satt og grein på flyet:( Håper du har det bra, og at du etterkvart finn fram fransken til dine fulle fem:)

    XOXO

    PS. Oppdater heile tida, så skal eg defintivt kommentera heile tida:) DS.

    SvarSlett
  2. Je suis très fière de toi!!!

    SvarSlett
  3. Haha! I syns du e modig, i:) oppdater ofte! Tu me manques!

    SvarSlett