torsdag 12. august 2010

Søknad om fast medlemsskap i HÆ!-klubben

Hei, mitt namn er Julia Stangeland. Eg er komande student i Frankrike, og akkurat no held eg på med eit aldri så lite språkkurs i den vakre byen Lyon. Det meste av tida går med til å prøve å bli så fransk som mogleg. Så eg kjøper meg baguette som stikk svært så synleg opp av ryggsekken min. Eg tek metroen til skulen, og eg seier bonjour til dei eg møter i trappa. Dessutan snakkar eg fransk til dei som ekspederar meg i butikkar, og eg prøver så godt eg kan å snakke fransk med læraren min.

Likevel søker eg med dette medlemsskap i HÆ!-klubben,
for du, din franskmann, svarar meg på fransk, og du trur eg er god.
Du seier kor mykje det kostar, og eg står der å glor.
Eg tenker HÆ! HÆ! HÆ! Pardon! og Excusez moi!
Til slutt må du svare på engelsk at eg som står der og glor,
skal betale ganske nøyaktig 2 euro.

Du kan ikkje sende medlemsskapet per post, for eg skal flytte snart. Ver venleg å sende meg medlemskort per e-post slik at eg har noko å vise fram når eg går i butikkar og når folk spør om vegen.

På førehand takk ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar