søndag 10. januar 2010

Godt nyttår! :-)

Det er ein typisk lat sundag. Eg har "låge frampå", og er følgjeleg ikkje trøytt. Eg er derimot i skrivehumør. Eg har allereie skrive eit brev, og vil no skrive litt på bloggen min, noko som eg burde gjort for lenge sidan. Her er først eit bilde av meg frå 2010:



Som de ser, er det ganske likt mitt 2009-uttrykk. Ja, eg tok det sjølv, og det er ikkje akkurat meg på sitt beste. Men det er greitt for dei som endå ikkje har sett meg i 2010 å vite at eg er relativti lik ;-)

Elles vil eg vise fram noko eg strikka før jul som mor monterte medan eg var heime i jula. Her er pakkekalenderen min:



I juleferien laga eg dessutan eit barnesett som skal loddast ut på ein basar arrangert av ein gjeng flotte damer. Det er sjølvsagt Norske Kvinners sanitetsforeining (NKS). Dette barnesettet har eg døypt barnesettet til Knud Arild:-)



Jakke:



Hue:



Sokkar:



Det vart vel meir skryt enn skriving, men betre enn ingen ting :-)

2 kommentarer:

  1. Jillt å sjå at bloggen din leve:p Viss me ikkje skrøyde av oss sjøl, så får me jedna ikkje skrøyd. Og me må jo visa fram ting me har lagt for at skrøydet kan komma frå andre:) Ha ei fine vega.
    XOXO

    SvarSlett
  2. Bra, du he lært at me ikkje kan sgriva forstatt, men du må slå te mæ litt meir humor. Du hørres litt ud som hu der så svare kjempesakligt itte at folk he sendt inn ting så ungane he sagt :-)

    SvarSlett