mandag 11. januar 2010

Her er årets til no særaste invitasjon (i alle fall frå meg)

Offisiell invitasjon te la-oss-eda-opp-bakverk-som-Julia-he-lagt-av-eggå-sine-selskap

Nå æ dæ ikkje adle så he fått den uoffisielle invitasjonen te la-oss-eda-opp-bakverk-som-Julia-he-lagt-av-eggå-sine-selskap (ja, æg kopierte den rekkå), men her kjæme jaffal den offisielle historien, og for så vidt òg invitasjonen.

Julia satt ein vakker dag i sin vakre heim i Røystunvegen 3, RB-201 tvers over for ungdomsskulen, i nærleiken av ein av dei laaange bakkane (legg merke til at eg no på subtilt (håper det fine ordet passar) har fletta inn adressa mi), og dreiv med forskjellige ting. Det var laurdag, og ho las, som den gode studenten ho er, litt pensum for å halde seg à jour med skulen(som ligg ganske i nærleiken)s sitt massive overfall av pensumlitteratur (vil helst ikkje ha alle pensumbøkene i hovudet). Men som vi alle veit er ikkje helga berre burde-burde. Ho høyrte derfor kriminalen (Farlige hvetebrødsdager av Aksel, eventuelt Axel, Kielland (elsker det, høyrt det før, men uansett), og såg fram mot 20 spørsmål som sjølvsagt ikkje kom på grunn av sport, Tour de ski + skøyter som ho ikkje høyrte (flaks at det er sport både på radio og fjernsyn...). Etter litt om og men, mest om, kom ho seg omsider til butikken. Ho hadde lova Einar Lie Slangsvold, ansvarleg redaktør i Volda studentradio (Norges koseligste studentradio) at ho skulle lage mat til styremøtet (verdas koseligste styremøter) på onsdag kl. (hugser ikkje) (litt digrisering (av ordet digresjon) der tenkjer du kanskje, men det er det ikkje). Ho skulle lage banankake (som ho skulle fryse), og til det trengte ho 2 egg. Problemet med Rema 1000 (har opplevd dette problemet ein gong før, og då er det sikkert eit fast problem) er at det som oftast berre er 12-ar kartongar igjen når ein kjem om ettermiddagen.

Det vil seie at frøken Stangeland (betre kjend som Julia) no har 10 egg igjen. Sidan steiking og koking av egg ikkje er favorittretten hennar, må ho no bake dei opp.

Så viss DU har lyst på heimelaga kaker (akkurat som mor lagar det (viss mora di er UTRULEG dyktig til å bake), ja då bør du følgje denne oppfordringa og komme til Julia

torsdag (fyrstkomande) kl. 18.00

Viss du no har litt tungt for det så vil eg berre gje deg eit lite tips: IKKJE (burde stått med utheva feitt skrift og større bokstavar) et før du kjem.

Det er dessutan lurt å ta med dei hjernecellene du har (koffert er brukbart bæremiddel) for det er mogleg at det vil bli ein liten kviss.

SU før torsdag kl. 18.00. Viss ingen kan komme, får eg eit STORT problem, og blir veldig tjukk og mett.

Merkar at eg snart har oppfylt gje-meg-styrke-kvota når det gjeld pseyko humor og tragiske vitsar, derfor avsluttar eg kort og godt med:

J.S. :-)

PS! Bær over med eventuelle feil. Eg gadd, godde, giddi (hugser ikkje det siste) lese gjennom meldinga/avhaldninga før eg sende den. Og ja, eg forventar at du gjorde det ;-)

5 kommentarer:

  1. Æg sko JEDNÅ ha kome å åde opp alt æg, men dæ æ litt dyrt å tidkrevande å reisa te deg for bare å eda meg feide. Så då tenke æg dæ æ bære at du blir feide, så kan æg gå på siå av deg å sjå ud som en supermodell;)

    VIIIDLASTE mæ parantesa inni parantesa inni parantesa osv.. Å by the way så he æg jaffal sitt en plass du he glømt å avslutta parantesen;) Din rettskrivings-geek;P

    SvarSlett
  2. La merke te parantesfeilen æg ao. Æg fant sikkart 5 feil. Æg sga laga blant aent muffins hadde æg tenkt så dæ æ jo muligt at der blir lagt nogen i fryså te eventuelle gjeste ved seinare anledninga ;-)

    Jednå vel et nytt ord?

    SvarSlett
  3. Hehe, som sagt, dæ æ du så æ rettskrivings-geeken;)

    Hørres godt ud mæ mufffins te æg kjæme ja:)

    SvarSlett
  4. Eg sko gjerna komt og hjulpe deg viss eg fekk noge aent enn banankake:p

    SvarSlett
  5. Ser du kje at dæ blir muffins ao? òg så sga æg laga vannbakkels :-)

    SvarSlett