søndag 3. oktober 2010

Til barnebarna

Det aaret eg var 21, ja det var i 2010/2011. Ja daa budde eg eitt aar i Frankrike, i Lyon. Ja, var ikkje bestemor toff. I denne perioden reiste eg sjolvsagt litt rundt paa kontintentet. Min forste tur var til ein liten by som heitte Le Puy en Velay. Det maa ha vore i byrjinga av oktober. Ja daa, det var 2. oktober at eg, 3 kanadiarar og 1 amerikanar sette oss paa toget tidleg ein laurdagsmorgon for aa ta reise til denne byen. Vi skulle paa dagstur.

De kan tru at det var ein fin togtur. Det var nydeleg vêr, sol fraa klar himmel, og eg saag kyr og landbruksjord for forste gong etter 2 maanadar i Frankrike. Ja, de veit det har litt aa seie for bestemor aa faa sjaa litt natur. Eg er jo fraa gard, veit de.

Ja, vi kom altsaa til denne vesle byen tidleg paa formiddagen, og vi gjekk for aa sjaa byen. Det var ein koseleg by, og den kanadiske jenta, dei andre var gutar, og eg blei fort samde i at vi hellar ville budd der enn i Lyon. Vi saag fleire kyrkjer, éi av dei var endaa til plassert oppe paa eit lite fjell, det var vel meir eit kloster. Ja dei fekk det til desse katolikkane. Eg veit ikkje heilt kva dei skulle med saa mange kykjer i den vesle byen, men det har vel éi historiske forklaring. Noko med nonner og munkar kanskje. Nok om det.

Vi vandra no rundt i byen, og ut paa kvelden gjekk vi no for aa faa oss litt middag. Vi skulle ta toget tilbake klokka ti over 8, og gjekk derfor i 6-tida, svaert svoltne, paa jakt etter mat. Det var ei utfordring for der i Frankrike et dei middag seinare enn her, ja dei gjorde i alle fall det den gongen, men etter litt leiting fann vi ein plass. Vi aat fort slik at vi skulle rekke toget. Dei to kanadiske gutane maatte berre sluke dessertane sine, hugser eg.

Vi kom til stasjonen litt for 8. Statsjonsbygningen saag noko forlatt ut. Ja den saag beint fram stengt ut. Like ved sida av laag det eit hotell, og vi spokte med at vi fekk ligge der viss det var togstreik (franskmennene streika mykje paa den tida). Lite visste vi at det skulle gaa troll i ord.

Vi gjekk altsaa inn paa togstasjonen (som alstaa ikkje var stengt), og gjekk for aa validere billettane. Det var daa vi oppdaga at maskinen stempla 19.58, og at klokkeslettet paa billetten sa 8.08. Det blei òg oppdaga at billettreisa var datert til dagen etterpaa. Det var forste tog neste morgon, og det gjekk ikkje fleire tog denne kvelden. Vi hadde altsaa rota veldig daa vi bestilte billettar.

Vi rekna seinare ut at daa vi trykte paa billettmaskinen at vi ville reise tilbake kl. 20.00 saa gav nok maskinen oss det forste moglege reisetidspunktet etter det, fordi det ikkje gjekk nokon tog saa seint. Ja, ungar, det er viktig aa lese noye paa viktige dokument. Vi sov paa hotellet den natta, og var samde om at det var ei god historie aa fortelje barnebarna.

Helsing fraa bestemor ;-)

3 kommentarer:

  1. Herlige historie! Var det eit fint hotell i det minste? ;)

    SvarSlett
  2. Va heilt greitt. Me lurte oss inn (trengte ikkje saa moje luring hellar) 5 stk paa et trimannsrom. Aeg sov paa hemsen (heldige), to sov i dobbeltsengaa og to stakkara sov paa golvet. Blei enn del soving naar aeg kom heim i dag, men saa ae dae kje alt barnebarnaa trenge aa veda ;-)

    SvarSlett
  3. mye bedre at du bor i lyon enn i le puy! fin kirke på fjellet (den heter vel "la motte"), men ellers litt kjedelig by synes jeg ;-) høres iallfall ut som noen fine dager dere hadde der og det er jo det viktigste :-)

    SvarSlett