onsdag 16. februar 2011

Tilbake til norskstilen

Eg elska aa skrive norskstil paa ungdomsskulen og paa vidaregaande. Det var alltid stor spenning knytt til oppgaavearka som laeraren roleg delte ut foer skrivedagen eller tentamen var i gang. Kva slags oppgaaver ville det vere? Paa ungdomsskulen skreiv eg som oftast skjonnlitteratur (skjont litteratur er vel aa ta hardt i) og daa helst krim. Det var ei pine den perioden i 8. klasse daa alle stilane skulle handle om venskap. Venene kunne jo ikkje vere kriminelle. Paa vidaregaande derimot gjekk det mest i kaaseri utanom paa hovudmaalsdagane daa vi stort sett maatte skrive fagtekstar. Eg saknar norskstilen og har derfor éi utfordring til alle lesarane:




Skriv inn, som kommentar eller paa andre maatar, éi lita stiloppgaave og saa lover eg aa skrive den og sende til deg paa e-post. Det treng ikkje vere store greiene, kanskje berre ei setning eller eit ord som skal staa i sentrum. Eller til domes ein stad som skal vere med eller eit tema. Eit tema som ikkje kjem til aa vere populaert er temaet: "Skriv éi historie om kva venskap betyr for deg." Eg ber dykk! Lykke til :-)

PS! Eg lover aa ikkje skrive teksten i print og eg skal òg klippe og lime inn dei bokstavane som eg elles manglar.

5 kommentarer:

  1. Hmm.. Du kan få vella:

    "Skriv éi historie om kven den vesle og spenstige karen Eivind er, og korleis du møtte han."

    Eller:

    "Skriv éi historie der du vitjar Jurassic Park."

    LYKKE TIL!!

    (Æg GLEEEDE meg:) :) )

    SvarSlett
  2. Du skuffe maeg, Karen. Fyren hette Espen, ikkje Eivind. Takk for bidraget.

    SvarSlett
  3. Ai, ja dæ va dårligt av meg, unnskyld, unnskyld, æg ser for meg dæ drepande blikke du sende meg;)

    SvarSlett
  4. Kan æg få en skulestil om Ragnhild sine flausa!:D

    -Kristine

    SvarSlett
  5. Mine tanka gaar te naar hu snakte i historietimen itte Kongeparken og hortes ud som hu hadde vaare paa fyllaa i fleire vege. Nogen andre du tenkte paa?

    SvarSlett