fredag 8. april 2011

Tekstkomplikasjon

Naar eg er i det humoeret saa hendar det at eg leitar opp gamle barnesangar paa internett. Daa eg leita fram Fola, fola Blakken kom eg til aa tenkje paa korleis dette verset:

Huff, den leie bakken
Og den lange stygge hei
Den var riktig dryg for deg
Du gamle gamle Blakken

brukte aa gjere meg forvirra daa eg var lita. For kva gjorde haien der i bakken, og kva ville det seie at den var dryg?


Nokon gonger gaar tekstar rett over hovudet paa ein ;-)

(Eg vil berre legge til at det no er 8. april og at eg har eitt innlegg meir enn eg hadde tilsaman i heile 2010:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar