søndag 23. januar 2011

Feberfantasier

Vi har alle hatt den draumen. Den draumen når du vaknar og tenker: Kva skjedde nå? Kor kom det i frå, og du er sjeleglad for at du ikkje kan nokon ting om draumetyding.

Eg hadde ein slik morgon med slike draumar. Først var eg uhyre utrent samanlikna med ein eller annan førtiåring som eg delvis kjenner, men som ikkje likna på seg sjølv. Vi jogga saman til eit kjøpesenter eller noko i den duren, og ho gjorde stadig eit nummer av å poengtere at denne jenta (som altså var meg) var i ekstremt dårleg form (gni det inn), og det måtte ho poengtere til ALLE vi kjente og det var ganske mange etter kvart.

For, plutseleg var eg på busstur med ein gjeng eg gjekk på barneskulen/ungdomsskulen med. Bussturar var vanleg i dei dagane. Vi køyrte ein del buss til skulen (og heim igjen). Denne bussen var derimot annleis, for det var så og seie ingen plass til føtene. Vi snakkar cm mellom setene.

Men plutseleg var det ein vanleg buss, og barndomsvener var erstatta med vener frå Høgskulen i Volda. Vi tok nemleg den same bussen tilbake til skulen etter ferien. Vi snakkar lærarar og elevar i skjønn foreining på veg til skulen… frå same plassen? Uansett. Der satt vi og plutseleg køyrte vi opp den lange bakken som går frå Rokken via Eurospar, opp til ungdomsskulen og heilt opp til der eg budde i fjor, og tydelegvis framleis budde. Denne bakken var utruleg lang. Eg hugsar at eg kommenterte at denne bakken ikkje var open sist eg var i Volda (nokon grov etter noko), og så var eg plutseleg ute av bussen.

Eg var ute av bussen midt i denne laaaange bakken. Det var hengebru (?) og ein bakke som aldri tok slutt. Eg gjekk som om eg hadde blylodd rundt føtene mine (er eg i så dårleg form?), og så alt for mykje var endra. Eg kjende ikkje igjen stort, men eg visste instinktvis at der var huset mitt. Spørsmålet mitt var derimot: Kvar er nøkkelen?

Nøkkelen kom eg på var heime (eg trur derimot eg hadde dei franske nøklane mine). Så der stod eg utan nøklar og utan bagasje for den var sjølvsagt på bussen. Eg tenkte eg fekk sende melding til Einar og spørje om han ville ta kofferten og ryggsekken min, men korleis skulle eg forklare kva som var min koffert og ryggsekk. Eg kunne jo ikkje seie at min koffert var den kofferten som hadde ein nøkkelring som det stod “Nei til atomvåpen” på berre at det ikkje stod det lenger fordi den beskjeden hadde falt av daa eg tok flye tilbake til Frankrike etter juleferien. Det største problemet var derimot at eg ikkje kunne få forklart noko fordi mobilen min berre slo opp andre namn når eg prøvde å skrive Einar i “send til”-feltet. Eg måtte jo òg ha ein stad og sove viss studentsamskipnaden var stengt, og det var den. Kanskje eg berre kunne sove i villaen, men studentsamskipnaden var kanskje oppe for den var ofte det sjølv om den eigentleg var stengt. Og eg hadde jo eigentleg berre lyst til å bu litt i villaen og drite i studentsamskipnaden (irriterande langt ord å skrive), og uansett måtte eg gå dit og det var så uendeleg laaangt å gå.

Eg vakna. Sveitt og utslitt. Det var like før eg å sende innbyggarane i villaen ei lita melding om at eg kom til å sove hjå dei den natta. Du trur kanskje at dette berre var ein draum, men nei: eg hadde feber. Det var feberfantasiar. La meg i alle få lov til å behalde den illusjonen, ver så snill!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar