søndag 9. januar 2011

Gros bisous

Eg var i parken i gaar. Denne parken inneheld ein dyrepark. Ei venninne og eg blei staande aa sjaa paa giraffen som vandra rundt. Ved sida av oss var der ei kvinne med ei lita jente i armane. Kvinna gav jenta eit kyss og jenta fann fort ut at ho ville kysse, bisous, giraffen. Eh, var ei par problem der i form av eit HOEGT (me snakke giraffhoegt gjerde) og god avstand. For ikkje aa snakke om at denne jenta sikkert ikkje var meir enn 3 aar og foelgeleg ikkje ville rekt lenger enn til anklane paa giraffen. Ja, ja, det er tanken som tel.

Legg til at det over vegen for meg har opna ein restaurant kalla: La table exotique (eksotisk mat altsaa) med undertittelen Cuisine traditionnelle (tradisjonell mat altsaa). Litt motseiande der kanskje, men all eksotisk mat er vel tradisjonell for nokon, eller?

2 kommentarer:

  1. Du må gå innom å spør om di he tradisjonell norsk mad;) Komla? Fenalår? Smalahåve? Grandiosa?

    SvarSlett